Avholdslaget Nytt Håp (Ingressbilde)

Avholdsforeninga Nytt Håp

(Trykk på bildet for full størrelse)

Måtehalds- og fråhaldsforeiningar

Innafor gruppa sosiale og humanitære organisasjonar var det også visse som kan seiast å ha misjonerande føremål på linje med dei religiøse. Det gjeld særlig måtehalds- og fråhaldsforeiningar.

Slike tiltak vart forsøkt sett i verk ovafrå allereie tidlig i 1840-åra med utgangspunkt i Trondheim utan at det lykkast å få særlig gjennomslag. Det var i første omgang snakk om måtehald, men heller ikkje det hadde nokon stor suksess.

Næring og kultur i endring
Både næringsinteresser frå brenneria og den etablerte drikkekulturen verka imot. Men i 1847-48 vann måtehaldstanken overraskande stor tilslutning i landsdelen, så lenge det varte. Først i 1860-70-åra, når agitasjonen om totalfråhald tok til etter Asbjørn Klosters stifting av foreining for det føremålet i Stavanger 1859, byrja det å kome foreningar som vart meir varige.

Totalavhaldsforeining
Tilslutninga til Den Norske Totalafholdsforening kulminerte i tida før første verdskrigen, og hadde da vunne fram med lokalavdelingar over store deler av Trøndelag. Også den internasjonale godtemplarordenen, IOGT, med sine losjar og seremoniar vann fram i åra før verdskrigen og fekk særlig sterk tilslutning i visse distrikt.

Frå  Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 196-197