Elisabeth Brinchmann (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Lærarinner

Hører til Yrkesutdanning

Frå 1860 vert omgrepet lærarinne for første gong brukt i ein lovtekst, i den såkalla landsskulelova. Da fekk kvinnene tilgang som lærarinner i landsskulen, og det vart mulig for ei jente frå bygda å verte lærarinne og ikkje berre for dei frå dei øvre sosiale laga i byen.

For byskulane kom denne opninga i lovs form i 1869, men fleire byar kom lova i forkjøpet. I allmueskulen i Trondheim skjedde den første tilsetjinga av ei lærarinne i boklige fag i 1862, og ho fekk snart fleire kvinnelige kollegaer. Allereie i 1870 var det tjue lærarinner, i 1890 førti, og frå hundreårsskiftet og framover vart dei enda fleire.

Innanfor dei private byskulane var derimot talet på kvinnelige lærarar nokså stabilt. Dei var ganske mange allereie i 1860-åra, og dei utgjorde i tida 1890-1910 kring 45 prosent av lærarstanden ved private og høgare skular i Trondheim.

Økonomisk motivasjon eller gode eigenskaper?
Motivasjonen for å sleppe kvinnene til i skulen var ikkje minst av økonomisk art. Kvinnelig arbeidskraft var mykje rimeligare enn mannlig. Ein viktig bakgrunnsfaktor var folkeauken og den generelle betringa i skulestellet som kravde fleire lærarkrefter. Men det var òg dei som meinte at kvinnene hadde eigenskaper som gjorde at dei passa særskilt godt til å ta seg av dei mindre barna.

Lærarinnekurs
Med kvinners tilgang til å undervise vart det også naudsynt å teste kvalifikasjonane deira, og lærarinneprøver og lærarinnekurs vart sett i gang. I Trondheim skjedde det frå 1873 med gjennomsnittlig tolv kvinner uteksaminert i året. Det vart også halde lærarinnekurs i Børsa i 1877-80. Tilsvarande slapp kvinnene til på særskilte lærarinnekurs ved seminaret i Klæbu. Det var slike kurs i alle fall så tidlig som i 1881, og dei var årvisse fram til 1892, men enn så lenge fekk ikkje kvinnen ta full toårig seminarutdanning. I 1890 vedtok Stortinget "Lov om Seminarer og Prøver for Lærere og Lærerinder i Folkeskolen", og det opna seg ei ny verd for mange jenter no når det vart mulig med toårig seminarkurs på lik linje med gutar.

Frå Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 176-178

Kilder