vålåskåret-5.e601.jpg

Utedo, Vålåskåret i Meldal

(Trykk på bildet for full størrelse)

Utvikling av sanitærforhold i hjemmet

Hører til Hygiene

Eit område der utviklinga i landsdelen på mange måtar gjekk parallelt med verda utanfor, men der ein likevel kan sjå klare regionale særdrag, er bustadbygginga.

«Den gyldne perioden» var tida da Noreg bygde seg ut av bustadkrisa. Det arta seg ikkje berre ved at talet på bustader auka sterkt, men også ved at dei jamt over vart langt større og fekk ein sanitær standard som eit fleirtal av folket berre drøymde om så seint som like etter krigen. Dette var også perioden da dei store skilnadene mellom by og land vart utlikna. Utgangspunktet var nokså ulikt. I byane var husa jamt over trongbudde.

Sanitære forhold i Trøndelag
I gode jordbruksbygder drog våningshusa på gardane gjennomsnitten oppover. Til gjengjeld var den sanitære standarden på bygdene langt dårlegare. 46 prosent av bustadene i Trondheim hadde både wc og bad i 1960, medan 18 prosent mangla både bad og wc.

På Stadsbygda på andre sida av fjorden hadde berre sju prosent av bustadene både bad og wc, 79 prosent mangla begge delar. Enda dårlegare stod det til ute langs kysten. På Frøya fann ein bad og wc i fem prosent av bustadene, 87 prosent mangla begge delar, og så mye som kvar fjerde bustad var jamvel utan innlagt vatn. På Leka stod det om lag like dårleg til, medan tilhøva i tettstaden Rørvik drog opp gjennomsnittet for Vikna. Likevel mangla det både bad og vassklosett i meir enn to av tre bustader også der. For fleirtalet på bygdene var det enno sinkbalja og oppvarma vatn frå vedkomfyren som måtte til når laurdagsbadet skulle gjennomførast, og dagleg dusj var fjernt frå dei aller flestes tankar også i byane.

Frå Trøndelags historie, Bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 374