Klassebilde fra Klæbu seminar (Ingressbilde)

Lærerstudenter 1872-74

(Trykk på bildet for full størrelse)

Seminaristar og skulepolitikk

Dei aller fleste av seminaristane frå Klæbu kom til å arbeide i Trøndelag, og på bygdene der dei kom, fekk lærarane stor prestisje. Dei var av de få som hadde utdanning, og utdanninga hadde dessuten gjort at dei vart samfunnsbevisste.

Etter kvart gjorde dei seg sterkt gjeldande i politikk og kulturliv. Dei initierte og leda møte. Mange vart sentrale organisasjonsfolk og politikarar, og ikkje få vart både ordførarar og stortingsmenn. Ikkje minst markerte lærarane seg i skulepolitikken. I si bok om norsk skule- og utdanningshistorie framhevar Rolf Grankvist fem skulestrategar dei siste to hundre åra, og av dei hadde tre tilknyting til Klæbu seminar: Fredrik Bugge, Ole Vig og Anders Kirkhusmo.

Det gjekk berre nokre få år med seminar før lærarane let seg høyre i skulepolitikken. Ein viktig opptakt var tiårsjubileet i Klæbu i 1849. Her møttest uteksaminerte seminaristar og seminarlærarar og forsterka banda mellom seg. Mellom dei var Ole Vig og Anders Reitan. Begge desse gjorde seg sterkt gjeldande i folkeopplysningsarbeid i åra framover, både regionalt og nasjonalt. Året etter vart det første stiftslærarmøtet halde i Trondheim, og Vig vart vald til sekretær. No hadde folkeopplysningstidas tidsalder verkelige byrja. Vig ivra for betre lærarutdanning, høgare lærarløn, lengre skuletid, meir levande opplæring, meir omfattande fagkrings og triveligare skulerum. Slagordet hans var "Oplysning over Livet og for Livet".

Fra Trøndelags Historie, Bind 3: Grenda blir global 1850-2005,, s. 174