Målstriden i skulen

Av stridsspørsmål som prega skulen på denne tida sto spørsmålet om opplæringsmål sentralt. Den munnlige språkopplæringa i skulen gjekk ut på å snakke bokmål. Allmugeskulelærarane tala som ei bok, ifølge Ole Vig. I undervisningsplanen for stiftsseminara frå 1869 var det rom for å snakke dialekt for studentane, og i 1878 kom det lovvedtak som understreka at det var ønskelig at undervisninga gjekk førse seg på barnas eige talespråk.

Jamstillingsvedtaket
I 1885 gjorde så Stortinget det såkalla jamstillingsvedtaket om landsmål og om "det almindelige Bogsprog" (nynorsk og bokmål offisielle namn frå 1929). I denne debatten sto stortingsmann Ole Anton Qvam frå Nord-Trøndelag sentralt. Det starta med eit framlegg frå han i 1874 om at landsmål og gamalnorsk skulle vere fag ved lærarseminara. Da var tida enno ikkje moden for det, men ti år seinare var situasjonen blitt ein annan.

Etter enda nokre år kom nynorsken i bruk som skulespråk i den eine byga eetter den andre, og det ser ut til at Innherad verka som bruhovud for andre distrikt. Først ute med å ta i bruk nynorsk her i Trøndelag var Frol og Sparbu i 1898 og gjaldt alle skulane i herada. I 1899 kom Beitstad, Egge og Namdalseid, og i 1903 kom Kvam. På landsbasis kom frå 1890 til og med 1899 om lag 240-250 krinsar, frå 1900 til og med 1904 enda 170 krinsar.

Nynorsk-krinsar i Trøndelag
Den første krinsen i sørfylket var Havdal i Rennebu kommune. Der sto læraren Anders Sunde sentral. Han kom frå Åmli i Aust-Agder og hadde gått seminaret på Elverum, som var eit rettelig nynorskreir. Det kan forklare korfor denne krinsen var den første i denne delen av Trøndelag. Andre kommunar i Orkdalsføret og i Gauldalen kom ikkje etter før kring 1920. I 1923 var nynorsk i bruk som opplæringsmål i til saman 110 krinsar fordelt på 37 kommunar i Trøndelag. 117 krinsar i dei samme komunnane hadde bokmål. I tillegg kom dei 59 kommunane som var reine bokmålskommunar. (92 landkommunar og 4 bykommunar i Trøndelag i 1920).

Kunngjeringar av lærarposter
Også einskilde skulestyre brukte nynorsk i kunngjeringar av lærarpostar frå hundreårsskiftet og frameetter. Først ute var Namdalseid og Åsen i 1904. Andre kommunar i Nord-Trøndelag følgde hakk i hæl: Frosta og Sparbu i 1905, Sparbu også seinare, Frol i 1907, så kom Inderøy og Frosta i 19090 og Egge i 1910. I sørfylket skjedde ikkje dette før i 1913-14 med Bjugn, Ørland, Rennebu og Malvik.

Frå Trøndelags Historie, Bind 3: Grenda blir lokal, s. 180-181

Kilder