Elever ved Fredly Folkehøgskole

(Trykk på bildet for full størrelse)

Folkehøgskulen

Utdanning var så mykje meir enn grunnskule, og det omgrepet som dekkjer det vidare feltet, er folkeopplysning. Både i namn og gang kom det til uttrykk kring 1850.Her har vi overgangar til presse- og publiseringsverksemd, organisasjonsliv og politikk. Men vi har også eit skuleslag som høver godt innafor omgrepet "folkeopplysning", nemlig folkehøgskulen.

Dei første folkehøgskulane
Ole Vig gjorde eit viktig førearbeid for å få til ein folkehøgskule i Norge, og den første som var etablert, vart Sagatun på Hamar, som kom i gang i 1864. Det gjekk ikkje mange år før ein også her i Trøndelag kunne setje i gang folkehøgskulekurs. Det var Hans Konrad Foosnæs frå Beitstaden som saman med Lars Martinius Bentsen i 1868 drog det i gang på Husby og Re i Stjørdalen. Når Stjørdalen vart vald, var det nok både fordi det var heimbygda til Ole Vig, og fordi at det var ei bygd som tok godt i mot skulen. Foosnæs hadde vore elev ved det første kullet på Sagatun. Året etter var han attende for å førebu seg til forlkehøgskulelærar, så det var nok ikkje tilfeldig at han stilte seg i spissen for folkehøgskulen i Trøndelag.

I Trøndelag
I åra som følgde, var det ulike stader i Nord-Trøndelag, og med ulike initiativtakarar og lærarar, halde folkehøgskulekurs, både for gutar og for jenter. Desse kursa vart i stor grad ambulerande. Dei same lærarane heldt kurs ulike stader, nokre år på kvar staden. Folkehøgskulen gav undervisnings i både teoretiske og praktiske fag. Av dei teoretiske faga var historie og geografi viktig, og av praktiske fag handarbeid og sløyd, husstell, landbruksfag og kroppsøving. I dei første åra var det ikkje uvanlig at dei hyrte inn folk til delar av den praktiske undervisninga.

Tidlig i 1870-åra heldt folkehøgskulen til på Kvithammar, og vinteren 1876 fekk dei løyve frå amtets amtsagronom og meierismeister Bruseth i Sør-Trøndelag til lærar i jordbruksfag. På jentekurset gav han elevane rettleiing i ysting og handsaming av smøret. Det er verdt å merke seg desse tette sambandslinjene mellom folkehøgskulen og landbruksutdanninga. Ved siden av at det gikk landbrukskurs på den flyttbare folkehøgskulen, hadde også somme av lærarane i landbruksutdanninga folkehøgskulebakgrunn.

Frå Trøndelags Historie, Bind 3: Grenda blir global, s. 182-183

Kilder