Studentgruppe (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Høgare utdanning

Med moderniseringa som skaut fart, var det større trong enn tidligare til betre kunnskap. Både i høve til landbruk, industri og anlegg vart utdanningsbehovet meir påtrengande frå midten av hundreåret.

Inntil da hadde det vore lite institusjonalisert vidaregåande utdanning i landsdelen. Underoffiserskulen frå 1804 og lærarseminaret frå 1839 var unntaka, og frå midten av hundreåret kom i tillegg ein teikneskule i Trondheim der handverkarar, svennar og også arbeidarar kunne få opplæring i teknisk teikning. Elles skjedde opplæring i ulike fag helst på arbeidsplassen: I verkstaden, i smeltehytta, på sagbruket, og for den saks skyld, på garden, i skogen og i fiskebåten. Ungdom som ville studere vidare og lære seg eit yrke, måtte reise vekk. For universitetsstudiar måtte ein tidligare reise til København, etter 1811 til Det Kongelige Frederiks universitet i hovudstaden. Dessutan hadde ein Den militære Høiskole i hovudstaden med røter attende til 1750. Til Kristiania måtte også dei kvinnene reise som ville utdanne seg til jordmor.

Frå Trøndelags Historie, Bind 3: Grenda blir global, s. 186-187

Kilder