Trondheim Tekniske skole (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Teknisk utdanning

Hører til Yrkesutdanning

Behova meldte seg også for opplæring av dei som skullle byggje ut og drive samferdsla, den framveksande industrien og handelen. I Trondheim kom det til tekniske skular, maskinistskule og sjømannsskule, handelsskular og handarbeidsskule.

Det vart etter kvart eit uttalt behov for naturfaglig og teknisk kunnskap på høgt nivå. I 1860-åra byrja planane om å opprette ein teknisk læreanstalt i Trondheim å ta form. Det var gitt kongelig godkjenning for å bruke middel frå Thomas Angells stiftingar i 1860, og fra skuleåret 1870/1871 starta Trondhjems Tekniske Læreanstalt verksemda si (TTL). Om lag samstundes var det blitt etablert tilsvarande skular i Kristiania og Bergen. Desse skulane fekk femti prosent statlige bidrag, restan var lokal finansiering. I 1877 hadde Trondheim kommune planar om å byggje ut skulen til ein fireråig høgskule basert på realartium, men dette møtte protestar frå hovudstaden.

Når Stortinget i 1900 vedtok med 74 mot 40 røyster at Norges Tekniske Høgskule (NTH) skulle opprettast i Trondheim, hadde det mellom anna sin bakgrunn i de fagmiljøet som TTL representerte. Da tjuefemårsjubileet vart markert i 1895, kunne beretninga fortelje om solid faglig innsats frå lærarpersonalet. Mange av ingeniørane og arkitektane som var uteksaminerte her, vart vidgjetne, og mange vart "eksporterte" til utlandet, mellom anna til Nord- og Sør-Amerika.

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 190

Kilder