Norges Tekniske Høyskole

Foto: Schrøder

(Trykk på bildet for full størrelse)

Bakgrunnen for NTH

Debatten om høgare teknisk utdanning i Noreg hadde starta alt tidlig på 1800-talet, og det var mange utgreiingar og dragkampar før saka endelig vart vedtatt. I Sverige og Danmark hadde ein fått tekniske læreanstaltar allereie på 1820-talet. Ein hadde trong til teoretiske og praktiske ferdigheiter for konstruksjonsarbeid, og ein trong naturvitskaplig kunnskap.

Berre få år etter etablering av den polytekniske læreanstalten i Danmark, kom det forslag om ein liknande institusjon i Norge. Initiativtakarane grunngav forslaget med nytte for den nasjonale industrien og velstandsutviklinga. Teoretisk orientert teknisk undervisning vart framsett som ein føresetnad for å utvikle innanlands vareproduksjon. Verken desse eller dei påfølgande forslagsstillarane vann fram. Men i 1850-åra vart i alle fall behovet for ein polyteknisk læreanstalt vurdert annleis, i og med at industrien hadde fått såpass omfang. Indredepartementet reiste da saka på nytt, men fekk ikkje gjennomslag. Til gjengjeld var det eit aukande tal nordmenn som studerte i utlandet.

I 1880 vart det levert enda ei ny innstilling om ein teknisk høgskule. Behovet for ingeniørar for å utvikle industrien vart på ny halde fram. Statens viktigaste oppgåve vart da å spreie kunnskap, teknisk kyndigheit og danning. Dei tekniske læreanstaltane kunne ikkje gi tilfredsstillande ingeniørutdanning. Ein trong ei utdanning på eit høgt teoretisk nivå, basert på examen artium, og utspelet frå Trondheim i 1877 var bakgrunn for at det vart nedsatt ein kommisjon om høgskulesaka året etter. Forslag vart fremma fem gonger mellom 1833 og 1890, men vart forkasta. I 1895 fekk så regjeringa tilslutning til å utarbeide ein revidert plan for den tekniske utdanninga.

31. mai 1900 gjorde så Stortinget endelig vedtak om å opprette ein teknisk høgskule i Trondheim. Da hadde det stått ein hard strid om lokalisering enten i hovudstaden eller i Trondheim. Mot slutten kom det også opp forslag om Skien og Drammen, men valet vart altså til slutt trønderhovudstaden. Medverkande til at ein gjekk bort frå Kristiania som alternativ, var flyttinga av Norges Banks hovudkontor dit i 1897. Det hadde lege i Trondeheim alt frå starten i 1816, og flyttinga skapte ein uvilje hos trondheimarane mot hovudstaden og den sterke veksten som gjekk føre seg der.

Stemninga for eller i mot eit slikt utdanningstilbod hadde i stor grad følgt konjunkturane, og det endelige vekdtaket vart gjort akkurat på slutten av ein høgkonjunktur. Viss saksbehandlinga hadde vorte forseinka, ville trulig resultatet ha vorte eit anna. Også i tida som følgde vart planane for NTH sterkt prega av konjunkturane. Under det økonomiske tilbakeslaget viste det seg at etterspurnaden etter ingeniører sokk, og det kunne sjå ut til at ein i planane hadde overvurdert behovet for teknologisk utdanning. Også statsfinansane vart forverra, og det vart lagt vekt på å finne ei billig løysing. Ho gjekk ut på å halvere talet på studieplassar og redusere arealet på hovudbygningen ved NTH kraftig, men det vart lagt til rette for vidare utbygging.

Byggjearbeida var sett i gang i 1905, og i 1910 var NTH opna. Steg for steg vart professorane tilsett ved høgskulen, mange av utanlandsk (tysk) opphav. I 1915 var det om lag hundre stillingar ved høgskulen, og av desse var rundt ein firedel professorar. Fra mot 1920 auka staben med over førti prosent. Studentopptaka var låge til å byrje med, men auka jamt, og frå 1915 gjorde det eit kraftig hopp. Kurva for studentopptak fell godt saman med kurva for sysselsetjing i bergverk, industri og kraftforsyning.

Det er vanskelig å tenkje seg kva Trondheim ville ha vore utan høgare ingeniør- og arkitektudanning. Dimensjonane på NTH var forsiktige til å byrje med, både i talet på studentar og tilsette, men det auka på fram mot 1920, og både studentane og det vitskaplige personalet sette sitt preg på bygen og omgivnadene på meir enn ein måte. Den reint fysiske veksten var betydelig, kulturlivet vart sterkt farga av aktivitetane blant studentane, og ikkje minst har industri og næringsliv i landsdelen kunne nyte godt av uteksaminerte ingeniørar og arkitektar.

Kilder