Hovedbygningen ved Skjetlein Landbruksskole (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Landbruksutdanning

Hører til Yrkesutdanning

I landbruket auka behovet for opplæring i takt med utviklinga i næringa og den auka internasjonale orienteringa. Landhusholdningsselskapa oppretta i 1830 i Nord- og Sør-Trøndelag hadde som ei av hovudoppgåvene sine å drive opplysningsverksemd blandt gardbrukarane i regionen og sørgje for å formidle ny kunnskap nedfelt i faglitteratur. Vidare skulle dei gi praktisk rettleiing i jordbruksspørsmål.

Alt i 1833 hadde Ingebrigt Sæter kome med framlegg om fylkesjordbruksskular. Stortinget byrja i 1842 å løyve tilskot til landbruksskular opretta av amt, kommunar eller private, med mål om å få til ein landbruksskule i kvart bispedømme. Allereie i 1844 tok amtsformannskapet i sør opp saka og bad amtmannen om å leggje fram plan for landbruksopplæringa i amtet. Fram til neste ting hadde lite vore gjort, og amtmannen vart kritisert. Med ein av ordførarane i spissen vart likevel ein slik skule planlagt, og det resulterte i landbruksskulen på Munkvoll i Strinda i 1847. I nordfylket kom det i 1850 i gang eit tilbod på By i Egge som også vart drive nokre år. I Nord-Trøndelag kom landbruksskulen til å bli den første vidaregåande skulen.

Allereie i 1858 kom tanken om ein felles skule for heile Trøndelag, og dette vart vetatt i Nord-Trøndelag i 1859. Amtsskulestyret med den nye amtmannen August Wessel-Berg i spissen, innleidde forhandlingar med styret for Søndre Trondhjems amts landbruksskule på Munkvoll. Resultatet vart at dei vart einige om ein sams skule i Strinda eller Stjørdalen. Det enda med Nedre Rotvoll i Strinda som var forpakta av den nye skulestyraren, Johannes Midelfart, og det første kurset starta opp i 1860.

Det vart fort problem kring skuledrifta. Midelfart dreiv omfangsrik forsøksverksemd, og elevane klaga fordi dei gjentatte gongar vart sett til ordinært gardsarbeid. Det vart vanskar både med økonomien og kritikk av skuleopplegg og -reglement. Etter ti år trekte Nord-Trøndelag seg frå samarbeidet, og skulen vart nedlagt.

Etter nedlegginga av den felles landbruksskulen i 1870 var ein i mange år utan landbruksskule i landsdelen. I 1890 tok stortingsmann Hans Konrad Foosnæs opp spørsmålet om landbruksskule i Nord-Trøndelag. Det kom også forslag om ein statlig landbruksskule for det nordafjelske, men det vart ikkje noko av. I 1894 fatta amtstinget det endelige vedtaket om landbruksskule, og han kunne opnast året etter. Han vart lagt til Mære og var ein felles landbruks- og husmorskule som vart kalla Nordre Trondhjems amts praktiske ungdomsskole. Denne skulen vart drive frå 1895-1900, men da hadde amtet erverva Vestre Skjetlein, og undervisninga kom i gang der allereie i 1900.

Frå Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 187-188

Kilder