Referat møte i Nidaros Mållag (Ingressbilde)

Båe felarne gjorde so sitt beste, - som ikkje var mykkje langt frå å vera det ve'ste...

(Trykk på bildet for full størrelse)

Målsaka – eit trinn i nasjonsbygginga

Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke. Slik begynte Ivar Aasen sin tekst Om vort skriftsprog frå 1836.

Ivar Aasens (1813-96) landsmål som seinere blei omdøpt til nynorsk var sammen med Knud Knudsens (1812-95) sitt fornorskingsprosjekt dei viktigaste brikkene i den nasjonalkulturelle kampen for eit norsk skriftspråk og ein særnorsk kultur. Aasen utvikla eit nytt norsk skriftspråk med utgangspunkt i folkemålet, mens Knudsen gjekk inn for å fornorske skriftspråket i tråd med uttalen i de dannedes munn.

Trinn i nasjonsbygginga
Målsaka har vore ein vedvarande konflikt i kampen om nasjonalt skriftspråk heilt sidan midten av 1800-talet. Landsmålet var eit trinn i nasjonsbyggingen som ein opposisjon til danskanes kulturelle dominans. Norge sto på terskelen til unionsoppløsningen og målsaka blei ein viktig brikke, da særleg frå venstresida. Men målsaka var ikkje berre eit prosjekt i nasjonsbygginga, men også ein sosial og geografisk kamp. Det blei slik ein kamp mellom by og land og mellom aust og vest.

Likestilling mellom målføra
I 1885 kom det viktige vedtaket i Stortinget som likestilte nynorsken med bokmålet som skule- og administrasjonsspråk. Nynorskfolk med Johan Sverdrup i spissen spådde det nye målføret ein lysande framtid. Men slik skulle det ikkje gå, først i 1892 oppnådde nynorsken likeverdig status med bokmål i folkeskulen. Likeverdet i de høyere skulene skulle bli atskilleg vanskelegare. Debatten gjekk høgt når obligatorisk stil i sidemål blei innført i gymnaset i 1907. Som dere kjenner til går debatten framleis høgt om korvidt ein skal nytta nynorsk eller bokmål i skulen.

Mållaga
Etter hvert som nynorsken fekk fotfeste i dei einskilde kommunane skaut også det organiserte arbeidet fart. I 1905 var det 67 lokale mållag i Norge. Bak mange av desse skipingane sto det folkeskulelærarar, som så ofte ellers var dei viktige som lagsledere og oppinionsdannare. Det overbyggande laget Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne i Oslo 4.-5. februar 1906.

Litteratur:
Elisabeth Bakke og Håvard Teigen (red.) Kampen om språket. Det Norske Samlaget, 2001.
Per Fuglum Norges historie. Bind 12 I støpesjeen 1884-1920. J.W. Cappelens Forlag AS, 1992.

Kilder