Telegram om plass ved TTL (Ingressbilde)

Jakob opptaget.

(Trykk på bildet for full størrelse)

Informasjon og kommunikasjon

Samferdsel og organ for informasjon og kommunikasjon er faktorar som kan vere med å forklare den sterke organisasjonsveksten. Mobilitet fekk for alvor fart på seg med utbygging av rutegåande transport frå midten av hundreåret.

Moderne kommunikasjonar gjorde det alt lettare å agitere og organisere for ei sak eller ei interesse. Alt gjekk no raskare og meir effektivt. Rutegåande transport gjorde det mykje enklare å ta seg fram, og samstundes gjekk brev og anna post, til dømes aviser og tidsskrifter, mykje raskare.

Telegraf, telefon og post
Etter kvart kom også telegraf og telefon. Posten gjekk svært raskt der jernbanen var utbygd. Eit døme kan vere brevposten mellom hovudstaden og Rørosdistriktet etter at jernbanen kom. Viss ein peila seg inn akkurat i høve til togtidene, kunne ein få svar på det brevet ein sjølv sendte, to dagar seinare, noko som kvalifiserer til dagens A-poststempel. Viktig var sjølvsagt også innhaldet i kommunikasjonen og kostnadene forbunde med å distribuere han.

Aviser
Det vart etablert aviser og tidsskrift som vart viktige for å agitere og informere om standpunkt og hjartesaker. Avisene vart viktige meiningsorgan. Avisene var lenge dyre og vart trykte i små opplag, men frå kring 1870 vart det ein snunad. Nye aviser vart starta, opplaga auka og frå 1870-åra til hundreårsskiftet vart mengda aviser sendt med posten, mangedobla. Eit viktig tiltak for å auke distribusjonen av slike trykksaker, var halveringa av avis- og bladportoen i 1871. Dette var ei klar politisk prioritering med demokratisk siktemål. Forutan riksavisene, som nokre få i kvart lokalsamfunn abonnerte på, var det regionale og lokale aviser som hadde kortare eller lengre levetid. Det var i byane og på industristadane at det fanst presse.

Opposisjonsaviser kom og gjekk
Adresseavisen frå 1767 var det faste innslaget i Trondheim, mens ulike opposisjonsaviser kom og gjekk. Den Frimodige gjekk inn og Trondhjems Stiftstidende forandra karakter. Begge avisene var frå 1840-åra. Frå 1870-åra kan ein, som på landsbasis, snakke om ei ny presse også i Trøndelag. Dagsposten kom ut første gong i 1877, og Trondhjems Stiftsavis, opprinnelig under namnet Trondhjems-Posten frå 1858, vart slukt av Dagsposten i 1883. Vidare kom i 1880-åra Trondhjems Aftenblad, Trondhjems Tidende og Folketidende. I 1899 kom arbeidarorganet Ny Tid ut for første gong, og i 1902 avisa Nidaros. I Nord-Trøndelag var Levanger først ute med avisa Nordre Trondhjems Amtstidende frå 1849, Steinkjer fekk sin Innherreds-Posten i 1862, og seinare kom både Namdals Tidende i Namsos og Nordenfjeldsk Tidende i Levanger, den siste frå 1874. På Røros var avisa Fjeldposten først ute i 1868, deretter følgde Fjeld-Ljom i 1886, Arbeidets Rett i 1907 (først under namnet Mauren) og den samiske avisa Waren Sardne i 1910. På Orkanger vart avisa Sør-Trøndelag utgitt frå 1908.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 207-209