Politikk i regionen og regionen i rikspolitikken

«Jeg bor nu i et meget stort Hotel, Royal kaldes det, 4 Etager høit. Jeg og Nils Melhus bor i samme Værelse, Semund Vik i et andet, Kvam og Fosnes i et 3die Vexelsen, Hektoen, Hjelmstad i et 4de, 5te og 6te, og saa gaar vi sammen og politiserer.» Dette skreiv stortingsmann John Reitan til sonen Anders i brev datert 29.01.1883.

Venstrerepresentantar frå Trøndelag
Det innleiande sitatet gir innblikk i korleis stortingsrepresentantar mellom anna frå Trøndelag gjekk saman og politiserte, som dei kalla det. Embetsmannssjiktet på Stortinget hadde hovudstadens selskapsliv å ty til. For tingmenn frå bygdene var det også behov for møtestader, meir eller mindre opne. Mange tingmenn leigde seg inn på Hotel Royal. Frå 1878 fungerte dette hotellet som viktig møtestad og samtalelag for desse bygderepresentantane. 

Dette brevet er skrive ved starten av stortingsperioden 1883-85, ein periode som skulle bli så avgjerande med omsyn til maktfordelinga i landet, og der venstrerepresentantar frå Trøndelag spela ei stor rolle. Valet i 1882 vart kalla riksrettsvalet. Når det valet var over, var Ole Anton Qvam frå Nord-Trøndelag ein av dei som sette mest inn på å sveise saman stortingsopposisjonen slik at ein kunne tvinge fram eit systemskifte etter retningslinjene til venstreopposisjonen.

Ein typisk representant for 1800-talets politiske liv
Brevskrivaren er elles ein typisk representant for 1800-talets politiske liv. Rikspolitikarane hadde gjerne ei karriere bak seg i kommune- og amtspolitikken før dei vart valde til Stortinget. John Reitan hadde vore ordførar i heimkommunen Ålen i heile 18 år da han vart vald til tingmann i 1882. Han hadde da også vore med på amtsformannskapsmøta like lenge. Men sidan han var ny tingmann, hadde han ikkje vore med på 9. juni-vedtaket i 1880. Den saka gjaldt statsrådanes tilgang til Stortinget og rett til å delta i stortingsforhandlingane. Reitan vart difor ikkje ramma av den omfattande habilitetsdebatten, men vart sett som valbar, og var ein av dei 17 frå Lagtinget som vart uttatt til medlem av Riksretten i 1883.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 215

Relaterte artikler