grunnlovsfeiringen

(Trykk på bildet for full størrelse)

Demokratisering på det lokale og regionale planet

Når ein var komen fram til midten av 1800-talet, kan ein konstatere at politikk vart driven på tre nivå her til lands: riksnivået, det regionale og det lokale. Politikken på riksplanet hadde fått ein demokratisk medverknad frå opprettinga av Stortinget i 1814, men det dryga fleire tiår før lokalpolitikken vart demokratisert.

Demokratisk etterslep i lokalforvaltninga
Kommunane hang att i det eineveldige regimet med amtmannen som dominerande figur på det regionale planet og soknepresten på det lokale. Det var rett nok bonderepresentasjon i bygdekommisjon (skule- og fattigstell) og forlikskommisjon, og det vart vald valmenn for stortingsvala, men meir medverknad var heller ikkje allmugen på landet tillagt. I byen var det eit utval borgarrepresentantar, «de eligerede mænd», som medverka i styret ved sidan av embetsmennene i magistraten. I amtsforvaltninga, derimot, var det inga deltaking frå folket, det var eit reint embetsstyre. Det var altså lenge eit demokratisk etterslep i lokalforvaltninga i høve til riksstyret.

Formannsskapslovene
Etter lang tids kamp i Stortinget vart så endelig formannskapslovene vedtekne i 1837. Dette vart starten på eit breiare folkestyre i herad og amt. Ein sentral trøndersk politikar i stortingsdebatten fram til desse lovene vart vedtatt, var Ingebrigt Sæter frå Oppdal. Han vart vald første gongen til det såkalla «bondestortinget», og sto i eit nært forhold til fleire sentrale bondepolitikarar som John Neergaard og Ole Gabriel Ueland. Sæter var medlem av det som vart kalla «Bøndenes hemmelige Direktion» som sto bak bondeforslaget til formannskapslover. Med dei nye lovene vart det politiske elementet i lokalstyret langt tydeligare, men framleis hadde amtmannen ein sentral kontrollfunksjon. Denne kontrollen innebar godkjenning av vedtak fatta av heradsstyret og godkjenning av dei kommunale budsjetta.

Amtsformannskapet - eit representativt organ
Ordførarane i heradsstyra skulle møtast ein gong i året til det som vart kalla amtsformannskap. Med dette fekk amtet altså eit representativt organ. Ein fekk også ei eiga kasse. Intensjonen var at amtsformannskapet skulle vere eit rådgjevande og kontrollerande organ, mellom anna overfor futen. Derfor deltok ofte futane i forhandlingane. Men verkefeltet til amtskommunen vart snart utvida. Amtskommunen omfatta berre landkommunane, byane vart haldne utanom. Det statlige forvaltningslandskapet hadde vore utgangspunktet når det politiske landskapet på regionalt plan skulle utformast. Det var for Trøndelags vedkomande sidan 1804 delt i to delar, ein nordre og ein søre del. Delinga følgde grensene for futedøma.

Amtmannen skulle vere formann i amtsstyret og representerte kontinuiteten mellom dei årlige formannskapsmøta. Amtmannen som leiar utarbeidde budsjettet og kunne nekte å etterkome vedtak fatta av formannskapet. Denne overordna myndigheita følgde av amtmannens rolle som statens representant i lokalstyret. Men no, med det lokale sjølvstyret og utbygging av amtskommunen, fekk likevel amtmannen ei dobbeltrolle: Han vart også ein slags kommunal tenestemann i tillegg til å vere statstenestemann. Da kan ein tenkje seg at det vart veldig personavhengig korleis denne dobbeltheita vart takla.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 216