amtstinget (Ingressbilde)

Amtstinget omkring 1880

(Trykk på bildet for full størrelse)

Frå herad til kommunar

Amtsformannskapa var samansett av ordførarane i kvar landkommune. I 1838 hadde Sør-Trøndelag 19 herad og Nord-Trøndelag hadde 16. Det som skjedde i tida fram til midten av 1920-talet, var ei veldig oppsplitting i kommunar.

Oppsplitting i småkommunar
Utgangspunktet hadde vore prestegjelda, men med ei forankring i sokna. No vart heradsinndelinga i hovudsak tilsvarande sokna. I 1920 var talet på landkommunar kome opp i 50 i Sør-Trøndelag og 42 i Nord-Trøndelag. Den relative tilveksten var med andre ord like stor, om lag 160 prosent. I tillegg kom bykommunane, ein i sør og tre i nord. Kommuneinndelinga var ikkje styrt ovafrå, men kom etter press frå bygdefolket sjølve. Ikkje sjeldan kunne det vere konfliktar mellom sentrum og utkantar av ei bygd. Til slutt kunne dei forlikast om at det beste var at dei ulike delane av heradet skilde lag. Det fanst ei mellomløysing: Ein kunne i kvart sokn ha eige styre for skule-, kyrkje- og fattigstell. Da var det berre samferdsel og administrasjon som sto att som fellessaker. Det var berre Oppdal, Leinstrand, Verdal og Overhalla av dei opphavlige landkommunane frå 1837 som til slutt unngjekk å verte delt.

Endring i sosioøkonomisk bakgrunn på amtstinget
Denne oppsplittinga i småkommunar betydde ein auke i representasjonen av folkevalde på amtstinga, eit namn på amtsformannskapa som etter kvart glei inn i språkbruken. Slik kunne dei folkevalde vege tyngre i høve til amtmannen og hans dominans. Likevel var amtstinga ei nokså snever forsamling sosioøkonomisk sett. Dei var for det første samansett av berre ordførarane, og desse var igjen rekrutterte frå dei øvre sosiale laga, og dei var sjølvsagt alle berre menn. Kring 1850 var enno meir enn halvparten av ordførarane enten embetsmenn eller høyrde til andre kondisjonerte grupper, men denne delen gjekk kraftig attende mot slutten av hundreåret. Inn kom gardbrukarar, handelsmenn, klokkarar og lærarar, fleire i kombinasjon av det eine og det andre. Særlig lærarane fekk auka dominans mot slutten av 1800-talet.

Men når det kom til å velje leiar i si midte i amtsformannskapet, vart embetsmennene framleis føretrekte, sjølv om dei talmessig gjekk attende i forsamlinga. Vala fall lett på prestar og juristar når det skulle veljast oppmann for amtstinget. I byen fekk også det øvre sjiktet, det vil seie embetsmenn og folk frå det høgare borgarskapet, lenge dominere kommunepolitikken, mens på bygdene var det reint faktisk umulig på grunn av at gruppa embetsmenn og proprietærar var så fåtallige. På bygdene var det helst dei såkalla formannskapsbøndene som dominerte, storbønder, gjerne frå eit snevert utval slekter som fungerte som ein lokal elite, slekter som i generasjonar nærast kunne ha hatt monopol på sentrale kommunale ombod.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 217