Politisk deltaking

Hører til Demokratisering

Det var altså ikkje fullt samsvar mellom kven som var røysteføre og kven som vart sittande i det kommunale og amtskommunale leiarskapet. Røysteretten var dessutan svært avgrensa. Frå 1814 hadde alle menn over 25 år som enten åtte eller i minst fem år hadde leigd matrikulert jord, fått røysterett.

Avgrensa røysterett
Dette var samanfallande med reglane for å kunne vere lagrettemann. I tillegg kom embetsmenn og borgarar. Dei same reglane vart gjeldande for kommuneval som til stortingsval. Først mot slutten av 1800-åra vart røysteretten utvida til å gjelde fleire. Frå 1884 fekk menn som vart likna for ei inntekt på høvesvis minst 500 og 800 kroner på bygdene og i byane, lov til å røyste. Ved vallova frå 1896 fekk alle menn over 25 år som betalte direkte skatt til stat og kommune, kommunal røysterett, og frå 1898 fekk vi allmenn røysterett for menn.

Røysterett for kvinner
Samstundes med kampen om allmenn røysterett for menn vart det også arbeidd for at kvinner skulle verte politisk myndige. Sentralt i dette arbeidet sto Fredrikke Marie Qvam, først som medlem av Kvinnestemmerettsforeningen, deretter som leiar av Landskvinnestemmerettsforeningen, som ho stifta saman med Gina Krog i 1898. Kravet om statsborgarlige rettar for kvinner kom i skyggen av kampen for fulle rettar for alle menn. Den første sigeren kom i 1901 da kvinner fekk avgrensa (etter inntekt) kommunal røysterett. Frå 1910 fekk kvinnene allmenn røysterett i kommunal samanheng og frå 1913 allmenn røysterett i rikspolitisk samanheng.

Ikkje mange kvinner deltok i politikken i den første tida, men det førekom. I representantskapet i Trondheim som hadde 51 medlemmer, var seks av medlemmene kvinner allereie i 1902. Det var fruene Henriette Kindt og Antonie Løchen, det var lærarinnene Wilhelmine Middelfart, Sofie Dessen og Olise Schare, og det var frøken Thora Storm. Bakgrunnen for denne kvinnerepresentasjonen var listeforslag frå lærarinneforeiningane i byen føre valet i 1901. Det hadde også skjedd at kvinner vart valde til offentlige verv før dei hadde fulle politiske rettar. Det var mellom anna bestemt ved lov at i vergeråda skulle eitt eller to av dei kommunevalde medlemmene vere kvinner. Heradsstyra kunne velje kvinner til medlemmer av fattigstyra, og kvinner kunne vere valbare som lagrettemenn og domsmenn. Utviding av røysteretten til fleire grupper kunne føre til breiare politisk deltaking, ikkje minst viss det var aktuelle saker som vekte interesse og innsats.

Høg valdeltaking i Nord-Trøndelag
I Sør-Trøndelag var det generelt låg valdeltaking både på bygdene og i byane, men interessa vart skjerpa frå 1860-åra og frametter. Bondevenrørsla som Søren Jaabæk sto bak, førte til auka politisk engasjement. I Nord-Trøndelag, derimot, var valdeltakinga relativt sett høg. Tal frå 1862, til dømes, viser at 54 prosent av dei røysteføre deltok ved valet. Talet for heile landet var 43 prosent. Denne høge valdeltakinga vart eit særkjenne ved dette amtet i tiåra som følgde. Interessa var tydelig størst i dei sentrale delane av Innherad. Det var dei største gardbrukarane der som dominerte det politiske livet i amtet. Med skjerping av frontane mellom Høgre og Venstre i 1880-åra, auka den politiske interessa betydelig. Dette førte til at fleire vart mobilisert allereie før utvidinga av røysteretten i 1884. I Trondheim auka deltakinga ved kommunevalet til meir enn det seksdoble frå 1881 til 1883, og deretter auka ho ytterligare to-tre gonger dei næraste åra. Mykje av dette ville nok ha kome også om ikkje røysteretten var blitt utvida. I Trondheim held valdeltakinga seg oppe i åra som kom, men gjekk ein del tilbake i landdistrikta.

Stor oppslutnad om Arbeiderpartiet
Frå hundreårsskiftet byrja så breiare lag av folk å gjere seg gjeldande i politikken, og gjennom arbeidarrørsla sine solide organisasjonar fekk sosialistane snart fotfeste i dei kommunale organa. I einskilde kommunar fekk Arbeidarpartiet stor oppslutnad ved vala. I Ålen fekk partiet halvparten av røystene i 1904, og i 1907 fleirtalet og ordføraren, noko som har halde seg til denne dag. Det var stort sett Venstre som gjekk attende der Arbeidarpartiet hadde framgang. Denne utvidinga av politisk deltaking og representasjon førte naturlig nok til at den sosiale rekrutteringa til politikken kom frå eit breiare lag av folket, både bønder og småbrukarar, embetsmenn, borgarskap og arbeidarar. Folk flest hadde også etter kvart betre føresetnader for å delta i samfunnslivet ved at skule og opplysningsarbeid hadde kome på eit høgare nivå. Det vart lettare å formulere saker som politiske spørsmål, og det vart lettare å bringe dei opp til debatt av di det fanst fleire fora og møtestader der samfunnsspørsmål kunne diskuterast.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 217-223

Kilder