merke

Reindrift, øremerker.

(Trykk på bildet for full størrelse)

Reindriftspolitikk

Ei viktig politisk sak med betyding for landsdelen vår, var lovgjevinga og oppbygginga av eit forvaltningsapparat innafor reindrifta. Reindrift vart drive i mange delar av regionen, på Fosen og i områda kring Trollheimen, men først og fremst i grensetraktene mot Sverige, heile vegen frå nord til sør og med utstrekning vidare sørover til Femunden.

Hamskifte i reindrifta
Først kom ei lov som regulerte tilhøva i grensedistrikta: Felleslappelova av 1883. Dette var uttrykkelig ei internasjonal lov, det vil seie for Noreg og Sverige, og vart vedtatt både av den svenske riksdagen og det norske stortinget. Men det var behov for å regulere tilhøva internt òg. Først kom lover for Finnmark og Troms, men det måtte kome reguleringar her i Midt-Noreg også. Her vart behovet for å regulere forholdet mellom landbruket, og reindrifta påtrengande. Om lag samstundes med dei store strukturendringane i landbruket, som på sikt førte til redusert utmarksbruk og meir fôrproduksjon på innmark, gjennomgjekk også reindrifta eit hamskifte. Ein gjekk over frå regelrett tamreindrift med mjølking og gjeting av reinen, til i hovudsak kjøtproduksjon som innebar ei meir ekstensiv drift. Reinen vart ikkje halde i trøer slik som før, han vart heller ikkje gjett døgnet rundt, men berre passa på ved såkalla randgjeting. Og reinen vart i det heile mindre tam. Ein bygde også opp større flokkar. Det let seg gjere når ein ikkje skulle gjete like mykje som tidligare. Det å halde såkalla bonderein, rein eigd av bønder, vart kombinert med den ekstensive drifta.

Kring hundreårsskiftet hadde nok dei fleste lagt om. Årsaker til dette var både interne produksjonstilhøve og eksterne marknadstilhøve. Ein unngjekk i større grad smittsame sjukdomar ved ikkje å ha reinen i trøer. Ein fekk betre vekt på kalvane ved ikkje å mjølke, og ein auka kjøtproduksjonen. Frå omkring 1900 auka prisane på reinkjøt, og det vart betre og betre avsetning.

Konflikt om ressursar
Konsekvensar av denne produksjonsomlegginga vart auka av konfliktane med landbruksinteressene. Reinflokkane vart større og mindre tamme, og det vart meir konflikt om ressursane i utmarka, til dels også på innmark. Etter som beitekonfliktane auka på ut gjennom 1880-åra, kom det krav om reguleringar. Lova av 1883 hadde nedfelt eit prinsipp om distriktsinndeling og fellesansvar for dei som høyrde til distriktet, og det vart viktig å realisere dette prinsippet. Sentrale aktørar i rikspolitikken var stortingsrepresentantane John Reitan frå Sør- Trøndelag og Hans Storeng frå Hedmark. Reitan kom med sitt private lovforslag om å opprette distrikt der reindriftssamar skulle ha solidarisk ansvar i tilfelle skade på annan eigedom. Men det var stortingsrepresentantane Ingebrigt Flønes og Nils Melhuus frå Sør- Trøndelag som fremma det endelige forslaget om ein lappekommisjon. Kommisjonens oppgåve var å klarleggje grensene for ein sedvanerett for samane.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 233-235