lappekomisjon

(Trykk på bildet for full størrelse)

Lappekommisjon og nye lovar

Kommisjonen vart oppnemnt sommaren 1889, og skulle leggje fram konkrete forslag til reinbeiteområde. Hensikten var først og fremst å etablere fellesansvar for reineigarane. Men distriktsinndelinga skulle ikkje ha nokon innverknad på kva rettar samane hadde til reinbeite.

Distriktsgrensene var altså ikkje det same som beitegrenser. Departementet presiserte at distriktsinndelinga «ikke har nogensomhelst Indflydelse i Retning af at fastslaa Grændserne for Lappernes Rettigheder, som er og bliver de samme, enten Distriktsinddeling finder Sted eller ikke». Kommisjonen, som besto av fire personar, var av departementet pålagt å ha møte med dei aktuelle samane og fastbuande bønder, gjerne saman, i tillegg til å synfare distriktet reint fysisk. Opplysningar vart innhenta frå lensmenn, heradsstyre og mange einskildpersonar. Mest alle litt eldre samar ser ut til å ha avgitt skriftlig erklæring. Forklaringane vart ikkje tatt opp under eid, men derimot i full offentligheit og med vitne til stades.

Inndeling i distrikt
Lappekommisjonens rapport låg føre 1892. Der vert det foreslått ei inndeling i distrikt. Distrikta omfatta meir enn det arealet der samane hadde beiterett etter gammal sedvane, og hadde inga betyding for å fastslå grensene for samane sine beiterettar. Likeeins kom kommisjonen med forslag om kva for familiar som skulle ha tilhald i dei ulike distrikta, og kor mange rein dei kunne ha. To år seinare vart kommisjonens forslag for Trøndelag og Hedmark med visse endringar sett ut i livet. Distriktsinndelinga trådde i kraft, og lappefutar vart tilsette. Distriktsinndelinga resulterte i ein ny organisasjon i samesamfunna. Kvart distrikt skulle vere representert av ein formann som fekk store fullmakter i konfliktspørsmål. Dette med lappefutar som bindeledd til styresmaktene, var også nytt. Dette bidrog til å forsterke dei sosiale og kulturelle endringsprosessane som dei samiske samfunna gjennomgjekk frå om lag 1890 og frametter.

Nye lovreglar
Distriktsinndelinga medførte store fordelar for dei fastbuande, mens samane fekk ulemper i form av kontroll og ansvar. Dette må ha vore ei bevisst politisk prioritering. Kommisjonen fann også at nye lovreglar var naudsynte, og kom med forslag til det. Kommisjonsinnstillinga vart med få endringar til lappelova av 1897. Det mest radikale nye var forbod mot at fastbuande var involverte i reindriftsnæringa. Det kom reglar om merking og skiljing av rein. Ei viktig følgje av distriktsinndelinga var at reindriftssamane fekk fellesansvar innafor distriktet. På svensk side hadde utviklinga mange parallellar. Næringsutviklinga var den same, og mykje tyder på at overgangen frå mjølking til meir ekstensiv reindrift byrja tidligare der. Etter felleslappelova av 1883 kom det i Sverige ein lov for innalands reinbeite i 1886. Ny reinbeitelov kom i 1898. Den gjensidige retten for samane til å nytte reinbeite på andre sida av grensa, var utleidd av lova av 1883. Samane kunne flytte årlig frå det eine riket til det andre og opphalde seg i dei traktene som dei etter gammal sedvane hadde vitja. Det finst mange skildringar av flytting fram og tilbake over grensa på ulike stader, og enno ved midten av 1800-talet såg samane på seg sjølve som samhøyrande.

På kvar si side av riksgrensa
Forordninga 1883 skulle gjelde 15 år, men vart forlenga, i første omgang unionstida ut. Men den reinbeitekonvensjonen som Sverige og Noreg kom fram til i 1905, forlenga forordninga med visse endringar til utgangen av 1917. Konvensjonen av 1905 innebar den forandringa at retten til å vere i Noreg for svenske samar i månadane mai til september (da det unntaksvis førekom) vart tatt bort. Dette handla om regulære flyttingar, og etter utgangen av 1907 fekk dei i det heile ikkje nytte mark i Noreg utan samtykke frå vedkomande jordeigar eller brukar. Beiteområda langs riksgrensa gjekk det ikkje an å nytte for nokon av partane utan at det vart sett opp sperregjerde, og det vart det også eit sterkt ønske om frå norske samar i tida etter unionsoppløysinga. Samar sto mot samar, og måten styresmaktene handsama av reinbeitespørsmåla på, bidrog til å forsterke konflikten.

Forordninga av 1883 vart ytterligare forlenga til 1922. Frå og med 1923 trådde reinbeitekonvensjonen av 1919 i kraft. Han vart avløyst av ein ny i 1972. Konvensjonen av 1919 raderte nesten heilt ut den gamle grensebeitinga. Berre eit mindre grensebeiteområde i Nord-Trøndelag, nær Frostvikens nordre lappeby, vart att. Tilsvarande vart eit område ved Blåsjön stilt til disposisjon for norske samar. Riksgrensa og reinbeitekonvensjonen gjorde slutt på gammal fellesutnytting av reinbeitemarker.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 235-236