1905

(Trykk på bildet for full størrelse)

Unionsoppløysinga

Hører til Demokratisering

Den spente situasjonen i 1905 prega folket i regionen i stor grad og tilhøva til dei i grannelandet.

Forhandling om unionsoppløysinga
For det første var situasjonen spent sommaren og hausten 1905, ikkje minst i ein grenseregion som Trøndelag. Mobiliserte styrkar låg som grensevakt fleire stader. Noreg hadde einsidig sagt opp unionen 7. juni av di ein meinte kong Oscar hadde opphøyrt å fungere som norsk konge. Det var stor krigsfare, og fleire ønskte også at det skulle kome til væpna samanstøyt med naboen i aust. Når ein norsk og ein svensk delegasjon sette seg saman for å forhandle om vilkåra for unionsoppløysinga i Karlstad om hausten, og etter kvart kom fram til eit omforeint resultat, var det mange som følte seg svikta. Dei syntes at dei norske representantane var feige.

Slik skreiv mellom anna Jens Haugen, redaktør av avisa Fjeld-Ljom, i dagboka si 28. september 1905: «Det er sant nok, dersom det ikkje hadde kome til denne semja, so hadde landet no skolve av kanondundring. Det hev vore krig! Men ’fred er ei det beste’. Fyrre laurdag var det visst so nære på at det skulde bore laust, at det berre hekk i ein tråd. På eksismoane sto dei uppstilte og venta minutt for minutt på bodi som skulde senda dei på grensa. Men so sleppte vel våre delegerede taket, og bles av. Men so er det eit spursmål: Kor lenge varer det fyrr svensken finn på eitkvart til påskot so han kan klemma på att?»

To folkerøystinger
13. august vart det halde ei folkerøysting om sjølve unionsoppløysinga. Av dei i alt 368  avgitte røystene, var det berre 184 nei-røyster, og valdeltakinga var på heile 85 prosent. Dessutan hadde heile 255 000 kvinner og ungdomar ytra seg. Rett nok ikkje gjennom val fordi dei ikkje hadde statsborgarlig røysterett enno, men gjennom underskriftskampanje. Initiativet kom frå Fredrikke Marie Qvam, i regi av Landskvinnestemmerettsforeningen (L.K.S.F.). Fru Qvam skreiv til stortingspresidenten om at kvinnene måtte tas med på råd, og kvinner frå Trondheim ba om at ein måtte leggje det kommunale manntalet til grunn for også å få kvinnene med, men dette forslaget kom for seint fram. I staden oppfordra L.K.S.F. kvinner til å skrive seg på lister til støtte for 7. junivedtaket, og det gav eit overveldande resultat som vart overrekt stortingspresidenten 22. august.

12. og 13. november vart det halde enda ei folkerøysting, om ein skulle seie ja eller nei til prins Carl som ny norsk konge. Det vart overveldande fleirtal for prins Carl, men likevel var det her i Trøndelag fleirtal imot i visse valdistrikt: Røros, Holtålen, Verdal, Sparbu, Stod, Beitstad og Snåsa. Fleire av desse er grensebygder, og i dei øvre fjellbygdene var det i alle fall langt mellom monarkistane. Den viktigaste grunnen til nei-flertalet i desse distrikta var likevel den påverknaden som visse tonesetjande personar hadde, til dømes Hans Konrad Foosnæs i Beitstaden. Heller ikkje denne gongen fekk kvinnene røyste, og fru Qvam frårådde denne gongen å setje i gang ein underskriftsaksjon. Ho var redd ei røysting om kongedøme eller republikk kunne splitte. Det var viktig å stå samla om den større saka, som gjaldt kvinnerøysteretten.

Spent situasjon mellom Norge og Sverige
Den spente situasjonen i 1905 prega folket i regionen i stor grad og tilhøva til dei i grannelandet. I naboregionen Jemtland vart det uttrykt bekymring for at situasjonen skulle utvikle seg til open krig med tanke på dei venskapsbanda som var utvikla gjennom hundreåra mellom jemter og trønderar. Også frå militært hald kom det fram at ein ikkje likte tanken på krig med venene på andre sida av kjølen. Men dei militære måtte rette seg etter stridsordre, om det kom. Etterretningsverksemda over grensa auka på ut over sommaren, og både jernbane- og tollpersonale, hestehandlarar og vanlige turistar vart brukt som agentar. Også jemtar som arbeidde i Noreg vart forhøyrd om forholda her. På kort sikt vart unionsoppløysinga ei hending som forstyrra forholdet mellom grannane på begge sider av kjølen. Ein jemte var ikkje populær på denne sida av grensa i tida som følgde. Innafor reiselivet var det også labert ei tid. Etablissementet på Storlien var eigd av ein norsk familie, dei var til og med norske statsborgarar. Ein svensk forretningsmann sørgde i 1906 for å kjøpe det opp for å sikre at grenseeigedomen skulle kome i svenske hender. Det var ein måte å vise motstand mot unionsoppløysinga på.

Det gjekk likevel ikkje lenge før tilhøva normaliserte seg på mange område, mellom anna kom det snart svenskar og søkte seg arbeid i industrien i Meråker. Tilsvarande fortsette familie- og slektsskapskontaktane over grensa, reisetrafikken heldt fram, og organisasjonar på begge sider av grensa kunne setje kvarandre stemne. I 1914 sto mellom anna arbeiderrørsla for eit stort grensestemne på Storlien. Frå 1920-talet av kunne nabosamkvemmet også inngå i organiserte former gjennom foreiningane Norden.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 236-238

Kilder