domkirken

(Trykk på bildet for full størrelse)

Identiteten styrka gjennom særskilte samlingsmerke i regionen

Trønderane fekk fleire samlingsmerke og tunge symbol mellom seg rundt 1900 som verka til større regionalt medvit, og som vart viktig for identitetsdanninga. Restaureringa av Nidarosdomen er det som står som det tyngste. Dette minnesmerket frå høgmellomalderen vart høgt prioritert nasjonalt gjennom løyvingane i Stortinget og fekk stor betyding for Trondheim og heile landsdelen.

Nidarosdomen og Stiklestad
Trønderane fekk her eit tungt, nasjonalt symbol midt blant seg som mange også medverka aktivt til gjennom arbeidsinnsats og pengeinnsamling. Gjennom heile unionstida var Trondheim og Nidarosdomen kroningsstad, og når den nye nasjonen var fødd i 1905 og ny konge vald, var det i Nidarosdomen han og dronninga skulle kronast, på same stad som Noregs evige konge, Olav Haraldsson, etter tradisjonen var gravlagd.

Men landsdelen hadde også ein annan stad med sterk symbolsk tyngd: Stiklestad. Stiklestad fekk ny betyding i denne perioden med nasjonsbygging og auka medvit om ei ærerik fortid. På Stiklestad kunne trønderane på nytt samlast til store folkemøte i samband med val og andre hendingar.

Grobotn for intellektuelle og politiske rørsler
I tillegg til desse symbolstadene frå mellomalderen vart det bygd nye samlingsmerke i form av institusjonar og leiarskap. Etableringa av ein lærarskule, først i Klæbu og seinare i Levanger, kom til å bety ein viktig grobotn for intellektuelle og politiske rørsler i landsdelen, noko som også fungerte samlande på det regionale planet. I skule, organisasjonsliv og politikk bygde det seg opp leiarpersonar som folk kunne samla seg om. Ein kan nemne skulefolk som Ole Vig og politikarar og organisasjonsleiarar som Ole Anton Qvam og Jacob Lindboe, Fredrikke Marie Qvam og Martin Tranmæl.

Også i kunsten og litteraturen vart det fødd fram personligdomar som gjennom si kunstnariske verksemd fekk formidla trekk ved det trønderske som vart viktig for sjølvforståinga for folket i landsdelen. Vi kan tenke på diktarar som Anders Reitan og Peter Egge, Johan Falkberget, Olav Duun og Johan Bojer som har skildra landskap og lynne, historie og hendingar.

Naturen vart også «oppdaga» i denne perioden, og gjennom verksemda til kunstnarar kunne ein dyrke fram regionale særpreg som «fagre fjord og bygder» og «fjell og dalar». Fjellet vart i det heile «oppdaga» i andre del av 1800-talet, og naturen fekk ei dobbel tyding, både som ressursar for bruk og forvaltning og som immaterielle verdiar knytt til rekreasjon og opplevingar. Dei same personane kunne til dømes speide etter malmreservar og gode kjelder til vasskraft samstundes som dei naut det dramatiske eller vakre i naturen i form av fjell og skog, fossar og vassdrag. Eit framifrå døme på dette er Carl Schultz, som var første formannen i Trondhjems Turistforeining, og som også var ein speidar etter vasskraftressursar for utbygging av elektrisitetsverk.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 241-242

Kilder