IMG_9260.JPG

Marie Fredrikke Quam. Byste av Bjørn Tore Skjølsvik ved Steinkjer kyrkje. Reist av Norske Kvinners Sanitetsforening.

Foto: Kolbein Dahle

(Trykk på bildet for full størrelse)

Trøndelags integrasjon i nasjonen

Faktorar som verka til integrasjon innad i landsdelen, kunne også verke integrerande i den større samanhengen. Organisasjonserfaring vart viktig bakgrunn for politisk deltaking, og også på det politiske planet skjedde ei organisering som bidrog til å kople politikken på det lokale, regionale og sentrale planet saman.

Det skjedde gjennom dei politiske organisasjonane, og det skjedde gjennom einskildpersonar. Nokre framtredande politikarar spela ei viktig rolle på alle nivå, og bidrog til ei stadig fram-og-tilbakekopling mellom politikken i distrikta og rikspolitikken. Stadig spela politikarar frå Trøndelag ei sentral rolle i rikspolitiske avgjerder, som i riksrettsdebatten først i 1880-åra og i unionsspørsmåla først på 1900-talet.

Ein folkevald frå Nord-Trøndelag, Harald Bothner, sat i regjeringa i 1905 og høyrde til den mest radikale fløya i partiet Venstre. Fredrikke Marie Qvam var den som sto i spissen for kvinnenes underskriftsaksjon i samband med folkerøystinga om Stortingets 7. junivedtak skulle godtakast. Dei er nokre av dei mest framifrå døma på korleis det regionale var innvove i det nasjonale, men dei var ikkje dei einaste. I det heile høyrde mange av politikarane frå Trøndelag til dei radikale og dei med mest nasjonalt sinnelag av politikarane i samtida. Dei gav såleis eit solid bidrag til norsk nasjonsbygging.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 242-243

Kilder