Melkefabrikken 1920

Kvinnelige arbeidere på Melkefabrikken i Levanger

(Trykk på bildet for full størrelse)

Trøndelag i resten av verda

I politikk og organisasjonsliv vart ein påverka av det som skjedde ute i verda. Februarrevolusjonen i 1848 fekk via thranittarane vide ringverknadar også her i Trøndelag, sjølv om bølgjene la seg etter forholdsvis kort tid.

Alle dei store internasjonale rørslene som prega 1800- og 1900-talet fekk ein likeeins innover seg i denne landsdelen: dei liberale straumdraga frå tidlig i hundreåret, nasjonalismen, sosialismen. Folk følgde med i det ei etter kvart meir utbreidd presse skreiv, folk organiserte seg og nokre stilte seg i spissen for interesser og idear i organiserte former.

Første verdskrig bidrog til ei allmenn radikalisering
Dei siste store internasjonale hendingane i denne perioden var første verdskrigen som Trøndelag også vart påverka av gjennom konjunkturane og vareforsyninga. Tidligare internasjonale konfliktar hadde nok også verka inn på tilhøva her hos oss, men den økonomiske utviklinga hadde gjort at ein no var meir avhengig av tilførslar utafrå, og det let seg merke i heile regionen, ut i kvar einaste kommune. Frå 1917 vart forsyningsproblema så store at det verka inn på den industrielle produksjonen mange stader, og frå 1918 vart det sett i verk rasjonering av matvarer. Samstundes var etterspørselen etter skipsfartstenester aukande under heile krigen. Vareknappheita førte til sterk prisstigning, og det høge prisnivået heldt seg til 1920, da dei internasjonale konjunkturane snudde, og nedgangstidene slo inn over også denne landsdelen.

Enda eit aspekt ved den første verdskrigen er at han bidrog til ei allmenn radikalisering, noko som er ein viktig bakgrunn for å forstå den styrka posisjonen til arbeidarrørsla i tiåra som følgde. Det fører over til ein ny periode i landsdelens historie.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 244-245

Kilder