amtstinget

(Trykk på bildet for full størrelse)

Amtskommunale arbeidsfelt

Kva var dei amtskommunale spørsmåla til å byrje med? Dei første amtstinga hadde ikkje mange saker å drøfte. Første boka frå amtstinget i sørfylket er på berre ti sider, men arbeidsmengda auka ut gjennom hundreåret.

Desse møta vart også fort viktige for dei lokale representantane. Dei vart skular for politisk arbeid og viktige treffpunkt, og for veldig mange vart ordførarverv og deltaking i amtspolitikken eit springbrett for å kome på stortinget, som vi alt har sett med det innleiande dømet til dette kapitlet. Når saksmengda auka på, betydde det også som regel at utgiftene auka, sjølv om ikkje alle framlegg vart vedtatt og realisert. Utgiftene vart fordelte på alle herada i amtet etter matrikkelskylda. I dei første tjue-tretti åra var det ein del amt som skilde seg ut med særs høge budsjettal. Dei to trøndelagsamta sto som regel øvst på lista, og Søndre Trondhjems amt gjorde det mest kvart år.

Amtspolitikken - samferdsel, helse, skule og landbruk
Amtspolitikken handla i hovudsak om fire saksområde: samferdsel, helse, skule og landbruk. Samferdsel hadde også vore hovudsaka for amtskommunen før det kommunale sjølvstyret. Det vesle som var av veg- og brubygging og fergesamband på hovudårene, vart styrt av amtskommunen, og utgiftene vart fordelte på alle tinglag i amtet. I 1840-åra gjekk enno om lag femti prosent av dei amtskommunale utgiftene til veg og ein tredel til sjukepleie og medisinalvesen. Da var det ikkje mykje att til andre oppgåver.

Vegbygging
Frå midten av hundreåret vart det satsa atskillig meir på vegbygging enn tidligare. I 1851 kom det ein ny veglov som innebar ein del nyordningar. Den statlige vegadministrasjonen kom på plass, og i amta kom det distriktsvise veginspektørar. Desse vart lønna over amta sine budsjett. I hovudsak hadde staten ansvaret for anlegg, og amta og kommunane hadde ansvaret for vedlikehald. Frå 1893 vart felles statlig og kommunal vegadministrasjon mulig. Dette vart gjennomført i nordfylket i 1899, men ikkje før 1913 i sørfylket. Også i jernbanebygginga måtte amtet yte sin innsats. Når ein gjekk over til reine statseigde banar, måtte kommunane og amtskommunane bidra.

Helsevesenet
Det offentlige helsevesenet var utbygd i svært beskjeden grad da amtsformannskapa trådde i funksjon, men pleie av fattige og sjuke var ein gjengangar på møta heilt frå starten. Det tok ikkje lang tid før eit så stort spørsmål som sjukehus kom på banen. Allereie i 1839 vart sjukehusspørsmålet tatt opp i det søre amtet, og ein komité vart nedsett for å gjere undersøkingar om sjukepleie og om det kunne opprettast fleire sjukehus. I 1842 kom saka opp i amtsformannskapet att, og da vart det vedtatt å gå til innkjøp av tomt og materiale for sjukehusbygging. Men desse planane vart ikkje realiserte, kan hende av økonomiske årsaker. I 1844 inngjekk i staden amtet ein avtale med Trondheim by og dei militære styresmaktene om bruk av sjukehuset i Trondheim.

I det nordre amtet tok dei også opp sjukehussaka. Initiativtakar var amtmannen, grev Trampe, som alt i 1840 foreslo for amtsformannskapet at to sjukehus burde byggast i amtet, eit i Namdalen og eit på Innherad. Formannskapet slutta seg til framlegget, og alt i 1844 kom det første sjukehuset i drift. Det var bygd på Eidsøra, rett sør for Levanger by. Sjukehuset i Namdalen kom i drift fire år seinare, i 1848.

I åra som følgde vart det i alle fall bygd pleieheimar både i sør og nord, nokre i amtskommunal og nokre i kommunal regi, men mange vart også reist ved hjelp av innsamla midlar. Generelt auka den offentlige innsatsen til helsestellet sterkt i denne perioden. Dekninga av legar, jordmødrer, vaksinatørar og tannlegar vart mangedobla frå midt i 1800-åra og fram til 1920. Her måtte både stat, fylke og kommune ta sin del av ansvaret, men staten tok ein større del av utgiftene etter kvart. Distrikts- og bylegane var til dømes statlig løna, men det var amta som måtte dekke skyssutgiftene. Dess meir folk vart tilbøyelig til å tilkalle lege også i utkantane, dess meir fall det på amta å dekke opp. Dess meir kunnskap ein fekk innafor medisinen, dess fleire tiltak skulle setjast i verk for å betre helsestellet, og dess fleire pålegg vart det også på dei som var styresmakter lokalt og regionalt.

Skulestellet
Skulestellet gjennomgjekk også ei tilsvarande utvikling i perioden, og gjekk frå å vere embetsstyrt til å verte styrt av dei folkevalde. Fram til 1860 dominerte embetsmennene skulestellet nesten totalt: Det var presten og prosten på det lokale planet, og biskopen og stiftamtmannen på det regionale planet gjennom stiftsdireksjonen. Frå 1860 kom det inn eit politisk element i skuledrifta også lokalt og regionalt. Kommunane skulle oppfylle visse minimumskrav og fekk da rett til statsstøtte. Amta vart forplikta til å bidra til å finansiere bygginga av fastskular. Så kjem ungdomsskulane frå 1860–70-åra som også får offentlig stønad, først folkehøgskulane, deretter amtsskulane. Også fagopplæring av ungdom vart eit amtskommunalt felt. Særlig innafor landbruksutdanninga tok ein eit løft frå regionalpolitisk hald, og i ein tiårsperiode samarbeidde dei to amta om skuletilbodet. Amtsformannskapa kunne også gi løyve til utleige av fagfolk over amtsgrensene. Tilsvarande såg vi at det var tilløp til eit samarbeid på helseområdet først på 1900 når det gjaldt tuberkulosesanatorium.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 223-226

Kilder