Norges Tekniske Høyskole (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Trøndelag i rikspolitikken

Trøndelag i rikspolitikken handlar om den rolla sentrale politikarar frå Trøndelag spela, og det handlar om saker i rikspolitikken som var viktige for landsdelen. Fleire av tingmennene frå Trøndelag sat svært lenge, som Sæter frå Oppdal og Peder Strand Rygh frå Verdalen.

Sentrale menn og kvinner frå Trøndelag
Nokre vart ministrar òg, som Ole Anton Qvam, Vilhelm Andreas Wexelsen, Harald Bothner og Hans Konrad Foosnæs, og nokre vart også statsminister: Ole Richter (i Stockholm 1884–88) og Ole Anton Qvam (i Stockholm 1902–03). Også nokre oppnådde å bli stortingspresident. Den første var Hans Riddervold, biskop i Trondheim, som vart stortingspresident i 1848, og den siste i denne perioden var Ivar Lykke, også frå Trondheim, som vart stortingspresident første gong i 1920.

Også fleire kvinner med bakgrunn i Trøndelag spela ei sentral rolle i det som må kallast politikk ut frå ein rimelig definisjon av ordet. Dei to namna som fell mest nærliggjande å nemne, er Fredrikke Marie Qvam, fødd Gram, og Elisabeth Wexelsen-Jahn som var sanitetskvinner begge to. Norske Kvinners Sanitetsforening var nært knytt til partiet Venstre. Kvinnene deltok i det politiske livet på sin måte, både gjennom påverknad av sentrale politiske aktørar og gjennom eigne aksjonar.

Saker av stor verdi
I perioden frå 1850 til 1920 var det fleire store saker som vart handsama av nasjonalforsamlinga som fekk stor betyding for landsdelen, saker som var med til å endre retning eller tempo på utviklinga, saker som bidrog til omfordeling av folk og ressursar og saker som hadde stor symbolsk verdi. For moderniseringa av landsdelen hadde utan tvil jernbaneutbygginga svært mykje å seie. Frå 1860-åra og fram til 1921 føregjekk anleggsarbeid for jernbane i lange periodar samanhengande. I løpet av perioden fekk Trøndelag jernbanesamband både til den norske og den svenske hovudstaden, til og med to alternative linjer mellom Trondheim og Kristiania. Ein kan vanskelig overvurdere kva desse kommunikasjonane hadde å seie for utviklinga i landsdelen, både økonomisk og kulturelt.

Fire viktige lokaliseringssaker, to internt i landsdelen og to i høve til resten av landet, vart også av stor betyding: lokalisering av lærarseminaret, først i 1830-åra og deretter flytting i 1890-åra, så flytting av Noregs banks hovudkontor frå Trondheim til hovudstaden på slutten av 1890-talet, og så endelig, i 1900, vedtaket om å etablere Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 231-232