Politiske rørsler

Hører til Demokratisering

Den tidligaste politiske rørsla her til lands var haugianarane frå kring 1800. Innafor denne rørsla fekk folk trening i møteverksemd og i å tale i forsamlingar, og haugekrinsar vart viktige miljø for bondepolitikk når det lei fram mot 1830-talet.

Haugianarmiljø og bondepolitikk
Kring midten av 1800- åra var det mange andre generasjons haugianarar som prega politikk og organisasjonsliv på bygdene, det gjaldt generelt i landet, og det gjaldt her i Trøndelag. Dei var viktige miljø for bondepolitikken på riksplanet, og dei rekrutterte leiarar til lokalpolitikken. Mange av dei tidlige ordførarane her i Trøndelag høyrde også til haugianarmiljø, som Ingebrigt Sæter i Oppdal og Halvor Larsen Saksvoll i Holtålen.

Polariseringa mellom Venstre og Høgre
I 1850- og 1860–70-åra fekk thranittarane og dei jaabækske bondevenene solid fotfeste her i landsdelen, men dette var rørsler med relativt kort varigheit. Det som prega politikken i 1880-åra, var polariseringa mellom Venstre og Høgre, både på riksplanet og det regionale planet. Dette førte til større politisk interesse og større politisk deltaking, som vi har sett. Venstreideologien og dei liberale straumdraga fekk dominere. Kampen mot embetsmannsstyret skulle vinnast, og den kampen fekk ankerfeste rundt om i by og bygd.

Men liberalismen i meir politisk forstand innebar også at folket skulle ta del i samfunnslivet på fullverdig vis. Ein kan sjå det slik at dei tidlige radikale rørslene bar bod om at nye tankar om sosial rettferd og tankar om betre kår for dei som var dårligast stilt, byrja å bryte seg fram kring midten av hundreåret. Ein såg slagsider både ved industrisamfunnet og det gamle bondesamfunnet, og observasjonane vart omforma til idear. Idear om meir rettferd og likeverd mellom ulike sosiale grupper fekk etter kvart tak i ein del folk som reflekterte over tilværet, greip det som skjedde rundt seg og gjorde tanke til handling.

Arbeidarrørsla
Den sosialdemokratiske arbeidarrørsla vart organisert på sjølvstendig grunnlag frå 1880-åra og framover i både partipolitiske og fagpolitiske einingar, og var utan direkte samband til dei tidligare radikale rørslene.

Arbeidarrørsla i Melhus kan vere eit sentralt døme, både på grunn av den posisjonen som Tranmæl fekk, og den fagpolitiske utviklinga i dette distriktet tidlig på 1900-talet. Ei diskusjonsforeining, stifta 1890, vart ein forløpar til arbeidarlaget Asbjørn som Tranmæl fekk i gang i 1899. Det hadde vore ulike sympatiar i løpet av 90-talet, både i retning av Venstre og Arbeidsmandsforbundet. I 1901 fekk Asbjørn vald ein mann inn i heradsstyret etter listesamarbeid med Venstre. I åra 1899–1903 vart det stifta arbeidarlag både i Melhus og i Flå, og etter ein del usikkerheit hamna alle til slutt i Arbeidarpartiet. På nyåret 1903 kalla arbeidarlaget i Melhus inn dei ulike arbeidarforeiningane i fylket for å drøfte om landarbeidarane burde bryte med Venstre. Resultatet vart fylkesorganisasjonen for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag, Uttrøndelagens Arbeiderparti. I åra fram til 1910 opprettar arbeidarlaga eigne kvinneforeiningar, og dei konsoliderer organisasjonsapparatet.

Også i nordfylket vart arbeidarrørsla organisert i 1903 i Nordre Trondhjems amts Arbeiderparti. I Meråker vart det stifta partilag i 1907 etter initiativ av dei lokale fagforeiningane. Da hadde det sidan hundreårsskiftet vorte stifta heile ni fagforeiningar i kommunen, knytt til dei store industrianlegga. To av desse søkte om medlemsskap i fylkespartiet i 1906, og Meråker vart ein av dei kommunane i regionen som fekk størst oppslutning om Arbeidarpartiet

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 227-229