Fagopposisjonen, arbeiderrørsla og bondepartiet

I 1911 byrjar jernbaneombygginga, og anleggsarbeidarane kom til å gi arbeidarrørsla der i distriktet viktige impulsar. Kvaal jernbanearbeiderforening vart stifta i 1912 som den første fagforeininga i desse bygdene, og ho sto tilslutta fagopposisjonen heilt frå starten i 1913.

Anleggsarbeidarane
Desse karane budde rundt om på gardane i bygda. Det må ha hatt mykje å seie for fagopposisjonen at medlemmene var så forankra i bygdemiljøet. Arbeidarane som var med i fagopposisjonen, deltok i det politiske arbeidet i heradsstyret, og både Tranmæl og andre hadde sentrale verv i Arbeidarpartiets fylkesparti. Det må vere hovudårsaka til at fagopposisjonen vart ei radikal rørsle innafor arbeidarrørsla og ikkje ein revolusjonær klassekamporganisasjon.

Anleggsarbeidarane vart òg sentrale personar i dei sosialdemokratiske ungdomslaga som vart stifta frå 1915 og framover. Verdskrigen auka den antimilitære agitasjonen, og det fenga ungdomen, og saman med at det kom anleggsarbeidarar til i bygda, førte det til at det vart danna tre sosialdemokratiske ungdomslag i Melhus. Dei arbeidde mykje med militærspørsmål. Frå 1920 vart det ein nedgangsperiode, ungdomslag vart nedlagt og arbeidarrørsla miste mange medlemer.

Men oppslutninga om arbeidarrørsla kom ikkje utan vidare. Sjølv om tilværet på dei nye industri- og anleggsplassane kunne vere barskt og brutalt, fann folk seg i mykje. For mange måtte først behova for forsørging dekkast. Deretter kunne ein kjempe for å forbetre lønns- og arbeidsvilkåra. Fagrørsla formulerte det dei ikkje tolte som kampkrav overfor kapitalinteresser og styresmakter, og det var om å gjere å få flest mulig til å slutte opp om  fagforeiningane. Avisa Ny Tid hadde ein skrekkartikkel frå tilhøva i Meråker i 1905 som skildra korleis ting kunne gå når arbeidarane ikkje var organiserte. Formålet med artikkelen var nettopp å få folk til å organisere seg, å «vekke de sløve viljer i vide kredse», og det lykkast da også i tida som kom.

Skota i Buvika
I sørfylket vart Møllearbeidernes Forening stifta i 1912. Den 27. mars 1913 gjekk 35 møllearbeidarar til streik i Buvika. Foreininga kravde betre løns- og arbeidsvilkår. Bedriftsleiinga tok inn streikebrytarar. Etter nokre veker vart dei samde om ein avtale, men brukseigar Piene ville ikkje ta inn alle som hadde vore i streik. Samstundes vart ein streikebrytar ståande i jobb. Dermed held streiken fram, og no kom spørsmålet om streikebrytarane i forgrunnen. Leiinga skaffa nye streikebrytarar, og stemninga i bygda var særs amper.

Laurdag 20. september fall dei tragiske skota i Buvika. Marius Folstad, sekretær i Møllearbeidernes Forening, vart skoten ned og drepen av ein streikebrytar. Han hevda at han vart overfalle og skaut i naudverge, noko retten trudde på, så han vart frikjent. Under gravferda til Folstad var ei enorm folkemengd til stades. Streiken heldt fram, konflikten var fastlåst og kom til slutt opp på sentralt plan. I januar 1914 vart det til slutt godtatt eit meklingsforslag under sterkt press. Da hadde streiken vart i 45 veker. Fagopposisjonen kom etterpå med skarp kritikk av forliket, og meinte leiinga av Landsorganisasjonen hadde vore altfor kompromissvillige i forhold til arbeidsgivarane.

Bondepartiet vert danna
Eit av dei største høgdepunkta for arbeidarrørsla her i regionen følgde kort tid etter dei dramatiske hendingane i Buvika, nemlig det store grensestemnet 21. juni 1914. Da møttes seks-sju tusen nordmenn og svenskar til forbrødring og antimilitaristisk demonstrasjon. Talarar var frå norsk side Martin Tranmæl, Anders Buen og Arnold Hazeland, frå svensk side Carl Sundblad og typografen Selleqvist frå Uppsala. Nokre få dagar seinare fall dei berømte skota i Sarajevo, krigen var eit faktum ein månad seinare og forsvarsfientlig agitasjon vart forbode.

Heilt i slutten av denne perioden vart det også teke initiativ av folk her i regionen som skulle resultere i opprettinga av eit nytt parti: Bondepartiet. Mange bønder følte at verken Venstre eller Høgre tala deira sak. I Nærøy var ein del sentrale folk samla i 1917, mellom anna prost Nils Trædal. Sistnemnde var sterkt ueinig i den politikken som venstreregjeringa førte når det gjaldt landbruk. På eit møte på Kolvereid prestegard seinare det året vart eit program utforma. Programmet fekk ikkje tilslutning frå Venstres landsmøte i 1918. I 1919 kalla Trædal inn til nytt møte på prestegarden. Landmannsforbundet tok opp partisaka i 1920, og same året stemte landsmøtet for å starte eige parti.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 229-230