Løkken verk 1910 (Ingressbilde)

Foto: Karl August Berg

(Trykk på bildet for full størrelse)

Ei urolig tid

Trøndelag som landsdel gjennomgjekk, som andre delar av landet, ei modernisering frå midten av 1800-åra. Denne perioden, det seine 1800-talet og tidlige 1900-talet, kan med god grunn karakteriserast som ei urolig tid, slik karakteristikken også var frå mange i samtida.

Uro og demokratisering
Uroa kan sjåast på mange måtar. Det var meir folk som rørte på seg, dei flytta eller dei var på vandring. Det var meir som skjedde, det kom fleire anlegg og nyetableringar, meir forsøksverksemd og kvalitetsforbetringar, ny organisering og ny strukturering av folk og produksjon. Industrialiseringa og omstruktureringa i primærnæringane innebar ei radikal omstøyping av samfunnet. Ein fekk sosiale motsetningar av eit heilt anna slag enn dei ein hadde hatt i det gamle bondesamfunnet, og samfunnsstrukturane knaka i samanføyingane. Men folk fekk også kjempa gjennom ei demokratisering og ei omfordeling av samfunnsmakt.

Betre økonomi
Folk fekk romsligare økonomi, noko som kom av auka produktivitet både i primærnæringane, varetransporten og i industrien. Både auka arealproduktivitet og auka arbeidsproduktivitet kan forklarast med ny teknologi, ny produksjon og nye produksjonsmetodar. Når dei elementære behova til mat, hus og klede var dekt, kunne det framleis vere overskot til andre ting, både langsiktige investeringar og meir luksusprega forbruk. Pengar kunne brukast til forbetring av bustader, driftsbygningar og produksjonsutstyr, dei kunne settast i ny verksemd eller investerast i framtida i form av skulegang. Med eit visst overskot av pengar vart det lettare å følgje med på det som det moderne samfunnet hadde å by på. Det vart lettare å la seg freiste av eit større varespekter, men det vart også lettare å kjøpe varer som ikkje direkte var nødvendige.

Samstundes med at ein konstaterer ein klar velferdsauke i denne perioden, er det grunn til å peike på at mange av dei same faktorane som bidrog til å gjere levekåra betre, betydde opptakten til det som i dag også er årsak til store samfunnsmessige og miljømessige problem. Ein kan nemne opp følgjer som forureining av jord, luft og vatn, rasjonalisering og overflødiggjering av arbeidskraft, ulike velferdssjukdomar og mangel på tilhøyrsle og meining i tilveret.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 239-240