Eides Ullvarefabrikk, 1936 (Ingressbilde)

Eides Ullvarefabrikk lå i Sjøgata 2 i Levanger.

Foto: Fotograf Bjerkan

(Trykk på bildet for full størrelse)

Trøndelag - ein del av verda

Dei store strukturendringane i næringslivet innebar integrasjon i ein større samanheng enn berre det regionale og nasjonale. Arbeidsdelinga skjedde stadig meir på det internasjonale planet.

Når bønder i Trøndelag kunne leggje om frå korndyrking til anna produksjon, var det fordi ein tok del i oversjøisk handel. Frå den amerikanske prærien kom billig kveite, frakta med jernbane og båt og erstatta heimeprodusert korn.

Innafor industri, samferdsel, landbruk og medisin kunne ein ta del i overføring av teknologi og kunnskap frå andre land. Utanlandske kapitalinteresser bidrog til utbygging av produksjon, energiforsyning og transportlinjer. Utan denne integrasjonen på det økonomiske området er det vanskelig å tenkje seg korleis utviklinga ville ha gått føre seg her i landsdelen.

Teknologi, kunnskap og kapital kom ikkje vandrande aleine, det var menneske som kom med det nye. Nokre var berre ei kortare tid, andre vart verande og bidrog på sine  stader og på sin måte til ei økonomisk utvikling. Til industrien fekk ein inn gründerar, leiarar og kapitalistar utafrå. I landbruket henta ein ekspertar frå utlandet for å skolere og rettleie folk. Legane drog til utlandet på studiereiser og faglige møte og kom heim att og kunne setje ny viten ut i livet.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 241-242