Scannet materiale fra Statsarkivet,Geitastranda helseråd 003.jpg

(Trykk på bildet for full størrelse)

Ny kommuneinndeling

Da Kommuneinndelingskomiteen – betre kjend som Scheikomiteen – vart oppnemnt i 1946, var det startskotet for den største omlegginga i norsk lokalforvaltning sidan formannskapslovene vart vedtekne i 1837. I Trøndelagsfylka endte prosessen med at 105 primærkommunar vart redusert til 49.

Kommuneinndelinga som vart sett i kraft frå 1838, hadde bygd på dei gamle prestegjelda, og i hundreårsperioden fram mot andre verdskrigen hadde ei lang rekke av dei opphavlege herada vorte delt opp. Viktige motiv bak oppsplittinga hadde vore å skape oversiktlege einingar utan for store reiseavstandar og for mye bygdekrangel. Sterk folketilvekst i eit område var også eit motiv for kommunedeling.

Frå kommunedeling til kommunesamanslåing
Etter at Røros vart delt i fire i 1925, var det slutt på kommunedelingane i Trøndelag, og etter krigen snudde straumen. Da var det kommunesamanslåingar som vart sett på dagsorden. Ein struktur med mange små kommunar var ikkje effektiv og funksjonell, meinte styresmaktene. Kommunane var tiltenkt ein sentral rolle i utbygginga av etterkrigstidas velferdssamfunn, og erfaringane frå mellomkrigstidas kommunalkrise skremde. Små kommunar der fleirtalet levde av jordbruk og fiske, var jamt over for svake til å gje innbyggarane eit godt tilbod innan utdanning, helse og andre velferdsoppgåver, meinte styresmaktene. Dessutan vart tekniske utbyggingsoppgåver i kommunane stadig meir innfløkte, og kravde eit profesjonelt apparat som småkommunane ikkje kunne stable på beina. I tillegg måtte ein velfungerande kommune ha ei geografisk form som var tilpassa moderne kommunikasjonsmiddel og rasjonelle forvaltningsmetodar. Der gamle grenser var til hinder for dette, måtte dei enten fjernast eller leggast om.

Ei så viktig reform kunne ikkje overlatast til lokale initiativ og forhandlingar, meinte dei styrande. Ho måtte gjennomførast ved statleg styring, og ein måtte jamvel vere villig til å vedta løysingar som lokale styresmakter og miljø var sterkt usamde i. For Arbeidarpartiet, som sat med regjeringsmakta, var eit planlagt, rasjonelt administrert samfunn eit mål i seg sjølv. Velferdsmåla vart delt også av dei borgarlege partia. Men mellompartia la i tillegg vekt på å halde oppe tradisjonelle mønster som framleis fungerte, og på verdiar som nærleik, lokal deltaking og oversikt. Særleg var Bondepartiet, som i 1959 vart omdøypt til Senterpartiet, fortalarar for ein slik politikk, og dei gjekk konsekvent imot alle samanslåingar som ikkje hadde oppslutnad lokalt.

Det som løyste ut reformene, var i første rekke problema i små landkommunar, som gjerne vart sett som for næringssvake og for dårleg rusta administrativt til å løyse oppgåvene sine. Slike problem kunne løysast med å slå saman kommunane, gjerne rundt eit funksjonsdyktig senter. Samstundes måtte ein justere grensene for å tilpasse strukturen til nye kommunikasjonsmønster.

Ei rekke kommunar hadde rett nok eit omfattande samarbeid og fungerande fellesinstitusjonar frå før. Eit eksempel på dette er Stjørdalsdalføret. Der hadde Meråker og Hegra, som hadde vorte delt i 1874, felles lensmann og prest, medan Stjørdal, Lånke og Skatval, som først hadde vorte delt i 1901, både hadde lensmann, prest og primærhelseteneste saman. I tillegg var det eitt meieri for alle kommunane. Dei tre hadde også saman med Hegra ein interkommunal realskole, felles distriktsveterinær og felles brannvesen. Tilsvarande samarbeid fann ein fleire stader i landsdelen. I nedre del av Orkdalen hadde Orkdal, Orkanger og Orkland til dømes sams elektrisitetsverk, skogoppsyn, veterinær og kommunerevisjon, i tillegg til at folk frå alle kommunane var saman om felles foredlingsbedrifter i landbruket. Sanitetsforeninga som åtte og dreiv sjukehuset, hadde også medlemmer frå alle tre kommunane samt Geitastrand. 

Byutvidingar
Scheikomiteen fekk også i mandat å vurdere spørsmålet om byutvidingar. Etter som busettinga spreidde seg utetter frå bykjernene, kom dei bygde byane i aukande grad til å sprenge seg ut av dei administrative bygrensene. Spesielt var det eit akutt problem i ei rekke byar at dei ikkje lenger hadde tomtegrunn til ny bustadbygging og næringsutbygging, slik at dei måtte overlate denne veksten til nabokommunane. Det var ikkje utan vidare innlysande at kommunesamanslåingar var beste måten å løyse desse problema på, og Scheikomiteen gjekk i prinsippet inn for at spreiddbygde strøk skulle haldast utanfor bykommunane. Løysinga burde heller vere at byane fekk overført bymessige forstadsområde frå nabokommunane saman med område som sikra dei armslag for framtidig vekst. Formelle tilhøve gjorde det også vanskelegare å slå saman byar og landkommunar enn reine landkommunar: Dei byane som var kjøpstader, var ikkje med i fylkeskommunane. I Trøndelag gjaldt det den største byen, Trondheim og den minste, Levanger, medan Steinkjer og Namsos som ladestader stod i ei anna stilling.

Kommunane som låg tett inntil byane, var skeptiske til å overlate forstadsområda inn mot bygrensa til bykommunane, for mange av dei beste skatteytarane deira budde der. I staden kunne ein i første omgang gjere som da Trondheim i 1952 fekk overført Lade-halvøya og eit område ved Sverresborg frå Strinda. Da var formålet først og fremst  å gje byen hand om areal der det kunne byggast nye bustader og ny industri, ikkje å overføre skatteytarar. Til gjengjeld vart det tettbygde byggebeltet i Strinda liggande utanfor bykommunen. Overføringa av Fyllingsdalen frå Fana til Bergen i 1955 følgte same prinsippet.

Like før og etter årsskiftet 1957/58 la Scheikomiteen fram sine førebels innstillingar om kommunestrukturen i dei to trøndelagsfylka. Samanslåings- og justeringsframlegga var mange og omfattande, og reaksjonane var, som forventa, svært blanda. Dei fleste kommunestyra kom med uttalar om at dei ikkje ønskte endringar, i alle fall ikkje for sin eigen kommune. Ikkje minst var skepsisen stor i kommunar som vart foreslått lagt inn under nabokommunar med sterkare sentra. Typisk i så måte var heradsstyret i Hegra, som i 1959 argumenterte med at Stjørdal sentrum «… er så overmåte svakt utbygget at en må befrykte at skattemidlene i årrekker framover må brukes til oppbygging av Stjørdal.» Til gjengjeld var Stjørdal etter kvart innstilt på samanslåing, og det omfattande samarbeidet som alt fanst, kunne brukast som argument både for at den eksisterande strukturen fungerte, og for at ein burde vidareutvikle samarbeidet i full samanslåing.

Dei første samanslåingsvedtaka
Protestane var til lita hjelp. Scheikomiteen gjorde ein del mindre endringar i dei endelege innstillingane for trøndelagsfylka i 1960 og 1961, men prinsippa stod ved lag. Kort tid etter gjorde Stortinget dei første samanslåingsvedtaka. Først ute var Levanger, Stjørdal og Inderøy i 1962. I Stjørdal vart det gamle prestegjeldet igjen samla, med unntak av Meråker, som vart verande sjølvstendig. Det hang både saman med lang avstand ned til fjorden, og med at Meråker som sterk industrikommune hadde ressursar til å stå på eigne bein.

Levanger vart til sist slått saman med nabokommunane Frol, Skogn og Åsen. Sett bort ifrå at avstanden til Åsen var forholdsvis stor, var dette eit område som funksjonelt sett hang godt saman rundt eit velutvikla sentrum. Levanger hadde òg sprengt grensene sine så ettertrykkeleg at ei eller anna form for byutviding ville ha vore naudsynt under alle omstende. Men både administrativt og kulturelt innebar kjøpstadstatusen til Levanger eit problem. Så lenge byane ikkje var innlemma i fylkeskommunen, ville Nord-Trøndelag fylkeskommune bli merkbart svekka om den nye storkommunen skulle få bystatus. Løysinga vart å definere den nye kommunen som landkommune med den gamle kjøpstaden som administrasjonssentrum. Ein slik statusreduksjon vekte stor forarging mellom innfødde bypatriotar. Men mønsteret var alt lagt da Kragerø og Tvedestrand mista bystatusen sin med samanslåingar med nabokommunane i 1960.

Inderøy storkommune innebar ei full gjenoppretting av den opphavlege kommunen før Røra og Sandvollan vart skilt ut. Delinga hadde ikkje vore fullstendig på alle felt, og kommunane hadde mellom anna sams lensmann, distriktslege og skogmeister. Samanslåinga skjedde trass i «ubøyelig motvilje» mot samanslåing i Røra, som det heitte i eit heradsstyrevedtak etter ei folkerøysting der berre knapt tre prosent gjekk inn for samanslåinga. I 1963 følgte Orkdal etter. Også der vart det gamle prestegjeldet gjenoppretta som storkommune, med Geitastrand som tillegg. I dette området var skepsisen størst på industristaden Orkanger, der eit massivt sosialistisk fleirtal var redd for å bli oppslukt av bondebygda. Dei hadde i staden ønskt å ta over dei næraste tettbygde områda av Orkdal.

Desse tidlege samanslåingane viser kva prinsipp som også vart følgte i den store bølgja av samanslåingar i 1964. I jordbruksområda var det i stort omfang mogleg å finne tilbake til eldre einingar som i mellomtida hadde vorte delt opp, men der viktige institusjonar som sokneprest, lensmann og distriktslege likevel i stor grad framleis var felles. Å slå saman Sørli og Nordli eller Grong og Harran var såleis nokså uproblematisk. I kystdistrikta var det vanskelegare å bruke denne løysinga, sjølv om ho vart følgt både på Hitra og Frøya. Geitastrand er eitt av fleire eksempel på korleis kommunikasjonsutbygginga pressa fram nye styringsstrukturar. Da fjorden batt saman, var Geitastrand eit anneks under Børsa, og vart eigen kommune først i 1905. Børsa vart på sin kant samanslege med Skaun og Buvik, som fram til rundt 1860 hadde lege under Byneset. Dei tre kommunane utgjorde eitt lensmannsdistrikt og, saman med Byneset, eitt legedistrikt, men ut over dette hadde buvikingane aldri hatt noko samarbeid med naboane i vest, og dei protesterte sterkt mot løysinga. Da ville dei heller samarbeide med Leinstrand og Melhus, meinte dei. I Buvika styrkte det ikkje identifikasjonen med storkommunen at fleirtalet valde Skaun som kommunenamn og Børsa som kommunesentrum, og i åra som følgte, vart Skaun kjent for lite samhald og stor strid mellom dei tidlegare småkommunane.

Eit alternativ som elles vart diskutert i denne delen av Sør-Trøndelag, etter eit framlegg frå fylkesmann Thor Skrindo, var å lage ein storkommune som i tillegg til det som vart til Skaun, også omfatta det som kom til å bli Melhus med unntak av Horg, samt jordbruksområda på nedre Leinstrand. Dette framlegget fekk lite oppslutning, også i Scheikomiteen. Ein trong ikkje gjere einingane større enn det som var rasjonelt, meinte dei som var med der.

Kommunegrensene vert lagt opp rundt landevegane
Korleis overgangen frå sjøverts til landverts ferdsel vart retningsgjevande for kommunestrukturen, kunne ein studere lenger utetter fjorden og langs Trondheimsleia innanfor Hitra. Før reguleringane var Ingdalen sør for fjorden ein del av Stadsbygd, medan Lensvika hadde lege under Rissa og Agdenes under Ørland. Etter 1964 var hovuddelane av Stadsbygda og Rissa samanslegne til den nye Rissa storkommune, der også dei delane av Stjørna som låg søraust for Stjørnfjorden vart med. Norddelen av Stjørna gjekk til Bjugn, som også fekk innlemma Nes og Jøssund. Slik gjekk Råkvåg over frå å vere kommunesentrum i ein mindre kommune til utkant i ein større. På sørsida vart Ingdalen og Lensvika slege saman med norddelen av Agdenes til ein ny kommune med det siste namnet, medan resten av Agdenes saman med nordre Heim gjekk inn i Snillfjord. Størstedelen av Heim sør for Hemnefjorden gjekk til Hemne, der også Vinje igjen vart innlemma. Der sjøsambandet tidlegare hadde påverka kommunegrensene, vart dei no i staden lagt opp rundt landevegane mot Orkdal og Trondheim.

Tilsvarande endringar skjedde lenger nord. Til dømes var det uaktuelt å gjenopprette det gamle båtbaserte Ytterøya. I staden vart øya innlemma i Levanger i 1964. På tilsvarande vis kom det ikkje på tale å gjenopprette Fosnes frå før 1871. Otterøy vart delt, slik at sjølve øya vart innlemma i Namsos, og fastlandsdelen med tresliperiet på Nord- Statland vart lagt til Namdalseid. Igjen var det vegsambandet som avgjorde, tidlegare hadde hovudsambandet frå Statland gått inn fjorden til Namsos. Vurdert ut ifrå folketal og næringsliv kunne det ha vore nærliggande å innlemme også resten av Fosnes i Namsos, men avstandane vart rekna som for lange og kronglete, og kommunen vart liggande att som ein geografisk rest mellom dei større naboane – med det unntaket at ytste delen av Otterøya vart overført til byen. Avstandane til Namsos og Steinkjer var også hovudgrunnen til at Namdalseid vart verande sjølvstendig.

I det heile var geografiske avstandar, til dels kombinert med manglande vegsamband, hovudforklaringa på at folkefattige kommunar som Tydal, Roan, Osen, Flatanger, Snåsa, Mosvik, Namsskogan og Røyrvik vart verande sjølvstendige. Leka overlevde også, til gjengjeld vart fire nabokommunar på fastlandet slegne saman til den nye Nærøy storkommune. Lenger sør på Fosen vart eit nytt vegsamband eit hovudargument for å legge Stokksund inn under Åfjord, medan eit framlegg frå Roan om å samle dei tre delane i gamle Bjørnør prestegjeld i ein storkommune, vart avvist som urealistisk. 

Namsos kom såleis til å ta opp i seg tre tidlegare landkommunar, Vemundvik, Klinga og det meste av Otterøy. Steinkjer fekk ikkje berre innlemma nabokommunane Egge og Ogndal, men også Sparbu, Stod, Kvam og Beitstad. Begge byane fekk ha bystatusen, men i Steinkjer fekk tilnamnet «bygdenes by» ei tilleggstyding. Byen var ikkje berre servicesentrum for eit rikt jordbruksområde, men vart sjølv ein av dei beste jordbrukskommunane i landsdelen.

Kommunesamanslåing - eit hovudprinsipp også rundt byane
Kommunesamanslåingane rundt dei nordtrønderske byane er gode eksempel på korleis reforma til sist vart organisert i byområda. Ut frå umiddelbare arealbehov kunne byane ha nøgd seg med å få overført dei næraste delane av nabokommunane, slik Scheikomiteen hadde gått inn for. Ei slik løysing ville likevel fort ha ført til at «restkommunane » utanfor vart for svake økonomisk, og ikkje ville fylle oppgåvene sine som velferdsfordelarar tilfredsstillande. Kommunesamanslåingar vart dermed hovudprinsippet også rundt byane.

Løysinga var ikkje problemfri. For det første var det ofte stor lokal motstand i nabokommunane mot å bli innlemma i ein bykommune. Til dømes var det hard og innbiten mostand i Beitstad mot å bli ein del av Steinkjer. Motstanden var mindre der ein stadig aukande del av innbyggarane var forstadsbuarar, slik det var både i Strinda ved Trondheim, Egge og Ogndal ved Steinkjer, Frol ved Levanger og Vemundvik ved Namsos.

Prinsippet med å gruppere fleire små kommunar rundt eit sentrum såg ut til å fungere bra dei fleste stadene. Bygderivaliseringa vart gjerne større i storkommunar med fleire mindre sentra eller der delane var relativt jamstore. Såleis vart det strid om namnet på den nye storkommunen da Rissa og Stadsbygd vart slegne saman. I den nye kommunen var Rissa storebror, men den var i si tid utskild frå det gamle Stadsbygd prestegjeld, og mange der kjende det sårt da namnevalet gjekk mot dei. Usemje om namnet var også ei viktig forklaring på at det som langt på veg var ei gjenoppretting av gamle Støren prestegjeld, til sist vart heitande Midtre Gauldal. På Frøya vart det langvarig strid om utbygging av nye fellesfunksjonar på Sistranda eller i Hammarvika. Det var ikkje stort meir enn gangavstand mellom dei to plassane, men dei symbolske sidene ved konflikten var sterke, for den tidlegare grensa mellom Sør- og Nord-Frøya gjekk mellom dei to stadene.

Berre ein stad vart fylkesgrensa endra. Det var da Kvikne nørdst i Hedmark vart delt og norddelen, Innset, vart overført til Rennebu, trass i at fleirtalet der heller hadde ønskt tilslutning til Oppdal om dei først skulle bli sør-trønderar. Det vart også diskutert å overføre Stranda sokn i Leksvik til Sør-Trøndelag for å styrke eit eventuelt sjølvstendig Stadsbygd, men det vart med tanken.

I Trondheim tok diskusjonen om ei samanslåing mellom byen og Strinda til alt før Scheikomiteen kom med sine framlegg. Spørsmålet om byane si stilling til fylkeskommunen skapte likevel problem for prosessen. Fylkeskommunen ville rimeleg nok nødig gje slepp på ein så folkerik og velståande kommune som Strinda, og mellom dei styrande i byen var det stor motvilje mot å gå inn i fylkeskommunen. Byen hadde eit godt utbygd helsevesen og skolestell, og spørsmålet var kva det ville koste dersom den skulle bli med å betale ei nivåheving for heile fylket. Eit anna stridsspørsmål var samansettinga av fylkestinget. Med den gjeldande representasjonsordninga ville Trondheim bli kraftig underrepresentert i høve til folketalet. Distriktskommunane i sørfylket var på si side redde for å bli dominert av byen, og i utgangspunktet skeptiske til å endre systemet.

Byane vert innlemma i fylkeskommunen
Scheikomiteen hadde alt i 1951 gjort framlegg om at byane måtte innlemmast i fylkeskommunen. Stortingsvedtaket kom likevel ikkje før ti år seinare. Ordninga skulle gjelde frå 1. januar 1964. Ein viktig grunn for vedtaket var at utviklinga i velstand, produksjonsliv og kommunikasjonar var i ferd med å utlikne mange av dei tidlegare sterke skilja i økonomi og livsform mellom by og land. Juridiske endringar var med på å lette samordninga. Til Stortingsvalet i 1953 vart den såkalla Bondeparagrafen oppheva, slik at heile fylka vart samla valkretsar. Fram til da hadde kjøpstadene Trondheim og Levanger vore eigen valkrets. Frå 1959 var det også slutt på at byfolkeskolen og landsfolkeskolen følgte særskilte lover. Det hadde mellom anna ført til at skoleordninga i landkommunen Strinda på område som til dømes lengda på skoledagen, språkundervisning og spørsmålet om kjønnsdelte klassar, skilde seg frå opplegget i bykommunen Trondheim, sjølv om elevar på begge sider av kommunegrensa budde i same type byliknande strøk og hadde mye med kvarandre å gjere på fritida. Tilsvarande tilhøve fann ein i Namsos. Der gjekk elevane på Namsos folkeskole like innanfor bygrensa i kjønnsdelte klassar. Ved Høyknes skole ein kilometer unna, men i landkommunen Vemundvik, gjekk gutar og jenter samla.

Vedtaket om å innlemme byane i fylkeskommunen opna for omfattande kommunesamanslåingar rundt byane. Det hadde også vorte tydeleg at byar og tettstader ville trenge langt større areal til sin framtidige vekst enn det ein trudde berre eit tiår tidlegare. I takt med denne utviklinga voks det også fram eit nytt syn på heilskapleg arealplanlegging som eit viktig verkemiddel i samfunnsstyringa. I Noreg munna dette ut i vedtaket om ei ny bygningslov i 1965. Den fekk følgjer både på landsbygda og i byane. På landsbygda var det spesielt viktig å få kontroll over ei uregulert bustadbygging langs hovudvegane, men også å få kontroll med arealbruken i veksande tettstader. Ein heilskapleg arealutnyttingsplan med gode sanksjonsmiddel ville vere ein viktig reiskap for å oppnå dette.

Kvar skulle grensane gå?
I byane var det ein tvillaus fordel for ei rasjonell og heilskapleg planlegging at heile byområdet låg under ein sams administrasjon. Det var likevel ikkje gitt utan vidare kvar grensene skulle gå i eit område som skulle underleggast eit slik heilskapleg grep. Få stader i landet var striden om bygrensene så sterk som rundt Trondheim. Det enda med at Stortinget våren 1963 med to stemmers overvekt vedtok at Strinda, Leinstrand, Tiller og Byneset skulle slåast saman med byen. Arbeidarpartiet og dei to medlemmene frå SF utgjorde fleirtalet. Alternativet, som dei borgarlege partia hadde gått inn for, var å slå byen saman med Strinda. Samstundes gjekk dei inn for å opprette ein ny kommune sør for byen med Heimdal, som var delt mellom Leinstrand og Tiller, som sentrum. Der skulle også Klæbu og Byneset gå inn. Hovudargumentet for å gjere Trondheim så stor som han vart, var nettopp at ein by i sterk vekst måtte ha eit stort areal å drive einskapleg planlegging på. Dessutan ønskte mange i Tiller heller å slå seg saman med byen enn med nabokommunen Leinstrand, som både var storebror og rival. Ein viktig del av reforma var å føre heile Heimdal inn under same kommunale eining, og når dei to som delte tettstaden ikkje kunne bli samde seg imellom, vart det eit ekstra argument for storkommunen.

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om kva verknader det har hatt for den fysiske utviklinga i trondheimsområdet at grensene kom til å gå der dei kom. Men om heimdalsplatået hadde vorte liggande i ein annan kommune, ville Trondheim rimelegvis ha konsentrert den store utbygginga av nye bustad- og næringsområde i gamle Strinda. Den storstilte drabantbyutbygginga i gamle Leinstrand og Tiller og det nye avlastingssenteret i Tillerbyen hadde såleis storkommunen som føresetnad. Ein eigen heimdalskommune ville tvillaust ha fått mange nye innbyggarar med arbeidsplass i byen, men ut frå det ein har sett i bynære forstadskommunar andre stader, ville nok ein stor del av dei ha budd i småhus. Funksjonen som kommunesentrum ville venteleg ha gjeve den gamle stasjonsbyen Heimdal eit sterkare byliknande preg enn han kom til å få i storkommunen. Heimdalsområdet ville kort sagt under alle omstende ha fått del i byveksten, men utbygginga ville ha skjedd etter eit anna mønster utan storkommunen.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 413-421