Handelsstedet Vikan i Barmanfjorden (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Det politiske trøndelagskartet

Politisk sett har Trøndelag meir felles med Austlandet enn med Vestlandet og Sørlandet, har norske valforskarar funne ut. Skilnadene har særleg kome til syne i oppslutninga om arbeidarpartia i høve til mellompartia. Vestlendingar og sørlendingar var i større grad enn austlendingar og trønderar tilhengarar av dei såkalla motkulturane: indremisjon, fråhaldssak og målsak.

Dermed stemte mange småkårsfolk på Kristeleg Folkeparti og Venstre i staden for på sosialistiske parti, som ein kunne ha venta ut frå klasse og økonomiske interesser. I Trøndelag og på Austlandet hadde motkulturane mindre å seie, difor kunne ein også slutte meir eintydig ut frå næringsliv og klassesamansetting korleis folk ville oppføre seg ved stemmeurnene.

Partias oppslutning i Trøndelag
I grove drag stemmer dette når ein ser Trøndelag under eitt. Går ein nærare inn i valgeografien og studerer tilhøva på kommunenivå, blir biletet meir nyansert. Dei tre karta  er ein freistnad på å illustrere kvar i landsdelen ulike politiske parti og retningar stod sterkast ved stortingsvalet i 1953. Kart 3 viser oppslutninga om dei sosialistiske partia Arbeidarpartiet og Norges kommunistiske parti, kart 2 viser kvar Bondepartiet og Kristeleg Folkeparti stod sterkt, medan kart 1 viser kvar Høgre og Venstre var relativt sterkast.

Mønsteret som framgår av karta blir enda tydelegare om ein går nærare inn i talgrunnlaget og ser det i samanheng med andre valresultat frå tida før kommunalreforma. Arbeidarpartia hadde eit sterkt belte i gruve- og industrikommunane aust i landsdelen og stod i tillegg sterkt i trondheimsområdet. Høgre hadde eit tyngdepunkt på Hitra, men stod jamt over langt sterkare over heile Fosen og i Ytre Namdalen enn i andre delar av Trøndelag utanom trondheimsområdet. Dessutan stod partiet sterkt på Levanger, der meir enn kvar fjerde veljar stemte med partiet. Kristeleg Folkeparti stod sterkast på Fosen, i tillegg til i innlandsbygdene Røyrvik og Rennebu der det var sterke lågkyrkjelege miljø, medan Venstre enno i 1953 hadde godt tak i nokre få spreidde utkantkommunar. 

Innherad framstår som kraftsenteret for Bondepartiet, men også i mange andre kommunar var partiet det største på borgarleg side. Det gav seg mellom anna utslag i at dei sat med ordføraren ei rekke plassar, til dømes sokna 16 av ordførarane i Nord- Trøndelag i 1960 til Senterpartiet, som Bondepartiet nyleg hadde vorte omdøypt til.

Personfaktoren slår inn
Oppslutninga i sør var relativt sterkast i dei bortimot reine jordbrukskommunane Vinje, Lensvik, Byneset, Skaun og Flå. I den siste kommunen talde det med at Per Borten i heile perioden frå 1949 til 1973 toppa stortingslista for partiet. I 1953 vart han vald til formann i partiet, og han er einaste trønderen som har vore norsk statsminister etter at Johan Nygaardsvold gjekk av i 1945. John Lyng representerte som kjent Oslo dei tre vekene han var statsminister i 1963. Ein annan trønder som har hatt mellom dei fremste politiske verva i landet, er elles namsosingen og arbeidarpartimannen Guttorm Hansen, som sat åtte år som stortingspresident frå 1973.

At personfaktoren slår inn på valresultata, har ein fleire eksempel på. Kristeleg Folkeparti fekk nesten 32 prosent av stemmene i Røyrvik i 1953. Det heng nær saman med at bygdehøvdingen Petter Vekterli, som var ordførar i kommunen i 37 år fram til han gjekk av i 1979, stod øvst på stortingslista i Nord-Trøndelag. Han var også listetopp i 1961, da partiet fekk 31 prosent i kommunen. Ved neste val var prosenten nede på 20. Da Kvenvær-ordføraren Martin Skåren vart sett opp på sikker plass på høgrelista i Sør- Trøndelag i 1961, fekk partiet 36 prosent av stemmene der. Fiskaren og småbrukaren Skåren framstår også som eit personleg uttrykk for korleis Høgre på Fosen hadde greidd å skape eit anna bilete av seg sjølv enn som eit borgarleg urbant parti. Viktigaste konkurrenten på borgarleg side i mange kystbygder var Kristeleg Folkeparti, som også stod sterkt i lågkyrkjelege fiskarmiljø lenger sørover langs kysten.

Det største partiet - Arbeidarpartiet
Arbeidarpartiet var det klart største partiet i eit stort fleirtal av kommunane. Såleis var det berre i fire av 23 fosenkommunar at andre parti var større i 1953. Det var i bondepartibygdene Vinje, Lensvik og Stadsbygd, samt i Kvenvær, der heile 37,6 prosent av veljarane dette året stemte på Kristeleg Folkeparti. I Kvenvær hadde Arbeidarpartiet berre 24 prosents oppslutning, til kontrast frå Sandstad, på innsida av øya, der 53 prosent stemte med partiet. Hitra hadde med andre ord en svært samansett politiske kultur, medan Frøya var meir homogen. Alt i alt framstår Fosen såleis som eit overgangsområde mellom det vestlandske og det trønderske i partimønsteret.

Arbeidarpartiet stod ikkje berre sterkt i industriområda, men også i småbrukarkommunar der mange spedde på inntektene med skogsarbeid og anleggsarbeid. Ålen og Haltdalen, der Arbeidarpartiet hadde hatt fleirtal heilt frå 1907, er eksempel på dette. Eit tilfelle for seg er Verdal, som skil seg markert ut mellom dei rike landsbruksområda langs fjorden. Rundt rekna halvparten av verdalingane hadde enno først på 1950-talet innkoma si frå jord- og skogbruk, men over 63 prosent stemte sosialistisk. Dette må først og fremst tilskrivast store klasseskilnader, der småkårsfolk plasserte seg sjølve sosialt og politisk både i høve til godskonsentrasjonen Verdalsbruket og til eit sterkt sjikt av storbønder.

Tilbakegang for kommunistpartia
Verdal var også ein av dei sterkaste kommunistkommunane i landsdelen. Partiet fekk i 1953 12 prosent av stemmene. Berre Meråker, med vel 16 prosent, låg høgare i nordfylket. Malm låg litt lågare. I høve til andre sterke NKP-kommunar hadde tilbakegangen etter krigen også vore forholdsvis liten i Verdal. Til dømes hadde oppslutninga i Namsos, som i 1945 hadde vore sterkaste NKP-kommunen i landsdelen, med oppslutning frå kvar fjerde veljar, kome ned på åtte prosent i 1953. Nabokommunen Klinga, med nesten 19 prosent NKP-stemmer i 1945, var i 1953 nede på seks. Både Meråker og Malm hadde hatt godt over 20 prosent i 1945, men der var tilbakegangen mindre.

I sørfylket hadde partiet i 1945 hatt over 20 prosent av stemmene i Trondheim, på Orkanger og på Røros. Som kartet viser, hadde det enno i 1953 meir enn ti prosent oppslutnad i Trondheim, Orkanger, Røros, Røros landsogn, Haltdalen, Buvik, Budal og Selbu. Dei tre siste merker seg ut fordi oppslutninga om Arbeidarpartiet der låg godt under landsdelsgjennomsnitten. Det er ikkje urimeleg å tru at sterke enkeltpersonar har spela ei rolle for kva parti som vart vald i desse bygdene. Ingen har likevel enno studert desse spørsmåla i detalj.

Som i landet elles, endra partioppslutninga i Trøndelag seg etter måten lite fram til 1973. Det mest merkbare utviklingsdraget er den jamne tilbakegangen for kommunistpartiet. Etter 1973 har variasjonane i partioppslutninga frå val til val vore langt sterkare, men dei grunnleggande mønstra i valgeografien ser likevel ut til å ha vore etter måten stabile, og ein kjenner att mange av hovuddraga frå 1953 i valet i 2001. Spesielt gjeld det kva delar av landsdelen der dei sosialistiske partia står sterkt: rundt Namsos, i storkommunen Verran, i Verdal og Meråker samt i Meldal, Malvik og kommunane øvst i Gauldalen. Den politiske kulturen i arbeidarrørsla heng såleis framleis ved i dei tidlegare gruve- og industriområda. Valstatistikkane viser likevel ikkje kor stor del av sosialiststemmene i desse kommunane som kom frå pensjonistar i 2001, men det kan komande val gje ein indikator på.

Stabile drag og urbanisering
Den relativt sterke oppslutninga om Kristeleg Folkeparti på Fosen samt i Rennebu og Røyrvik, er også eit stabilt drag i trøndersk valgeografi. I Rennebu og Roan var partiet det største ved valet i 2001. I Åfjord, der Senterpartiet var størst, var Kristeleg Folkeparti ein god nummer to. For Senterpartiet er kartskissa litt misvisande når det gjeld oppslutninga på bygdene på Innherad. Ser ein på absolutte stemmetal, var nemleg Steinkjer den klart største senterpartikommunen i fylket, men relativt sett fekk partiet samla likevel ikkje meir enn 17 prosent av stemmene i kommunen.

I det heile har den sterke urbaniseringa vore med å svekke Senterpartiet i meir sentrale strøk, ikkje minst i bygdene nærast Trondheim, der spesielt Høgre har styrkt stillinga si. Det ser også ut til å vere ein grov samanheng i at der Høgre stod sterkt, var også Fremskrittspartiet sterkt. Høgrepartia stod samla sett relativt sterkt på Fosen, der dei i 2001 fekk meir enn kvar tredje stemme på Hitra og Ørlandet. Urbaniseringa av dei bynære bygdene har såleis ført med seg at parti med stor oppslutning i urbane mellomlag har styrkt stillinga si. Dette er likevel utviklingsdrag som er sams for heile landet, og dei vil ikkje bli nærare drøfta her. I Trondheim gav personfaktoren store utslag for Høgre ved kommunevala i Marvin Wiseths ordførartid. Dette gav likevel mindre utslag ved stortingsvala.

EU-spørsmålet
Etterkrigstidas største norske politiske stridssak, EU-spørsmålet, slo sterkt inn også i det trønderske politiske landskapet. Ikkje berre engasjerte ho meir omfattande enn noka anna sak, resultata fortel også om tilhøve i trøndersk politisk kultur som ikkje let seg avlese utan vidare ut ifrå partivala. Kart 5, der fargekodane viser kor stor del av veljarane som stemte mot norsk EU-medlemskap i 1994, illustrerer nokre av dei viktigaste særdraga.

For det første var Trøndelag sett under eitt overveldande nei-land. Samla sett stemte 64 prosent av nordtrøndarane og 55 prosent av sørtrøndarane nei i 1994. Berre i Trondheim og Malvik var det ja-fleirtal ved denne røystinga. I 1972 hadde det vore eit svært knapt nei-fleirtal jamvel i byen, i 1994 stemte 53,8 prosent av trondheimarane ja. Neiprosenten gjekk i det heile noko ned i begge fylka mellom dei to folkerøystingane, mest i nord, der 68,4 prosent hadde stemt nei i 1972.

Tendensen er også sterk i retning av at di meir urban ein kommune er og di meir samansett næringslivet er, di mindre vart nei-fleirtalet. Dei næringsmessig einsidige småkommunane Snillfjord, Roan, Osen, Mosvik og Leka hadde såleis ein nei-prosent i 1994 på over 80, medan Stjørdal, Steinkjer og Namsos låg godt under 60, Levanger og Verdal like over. Denne sentrum–periferiskilnaden ser ut til å ha vorte utdjupa mellom dei to folkerøystingane. På kartet hadde kommunane med understreka kommunenamn høgare nei-prosent i 1994 enn i 1972, i dei andre gjekk nei-prosenten ned. Mønsteret er så godt som eintydig: Mellom kommunane med forholdsvis lågt nei-fleirtal i 1972 var det berre Meldal, Orkdal, Ørland og Røros som auka nei-andelen i 1994. Elles var tendensen at der nei-fleirtalet var stort i 1972, vart det enda større 22 år seinare. Sett bort frå Verran gjekk også nei-prosenten opp i kommunar som hadde mista viktige nøkkelbedrifter mellom dei to folkerøystingane. Til gjengjeld gjekk han ned i dei mest utprega fiskerikommunane i landsdelen, Frøya og Vikna. Særleg var nedgangen stor på Frøya, der nesten 80 prosent stemte nei i 1972 mot drygt 68 prosent i 1994. Det er ikkje urimeleg å tru at framveksten av oppdrettsnæringa har hatt mye å seie for denne utviklinga.

Næringsøkonomiske og kulturelle tilhøve hadde stor betydning
Hovudtendensen frå folkerøystingane synest dermed klar: Skepsisen til transnasjonale marknadsordningar som samstundes er kopla til overnasjonale styringsformer og styringsorgan, er gjennomgåande sterk i Trøndelag, sett under eitt, men kan samstundes som utviklinga mellom folkerøystingane tolkast i retning av ei sterkare polarisering mellom sentrum og utkant. Dette let seg ikkje utan vidare sameine med andre utviklingsdrag som synest peike i retning av ei sterkare kulturell utjamning mellom by og land. Ei mogleg forklaring kan ligge i at opplevinga av ei vedvarande sentralisering og næringsnedbygging i utkantkommunane, har styrkt den politiske motviljen mot så vel personlege som upersonlege krefter som synest fremje ei slik utvikling. Samstundes har medierevolusjonen og det aukande samkvemet skapt aukande merksemd om skilnader som blir gjort til viktige markørar – «differences that make a difference», som den amerikanske samfunnsteoretikaren Gregory Bateson ein gong uttrykte det. Spørsmålet fortener meir forsking i åra som kjem. Om kvinner og menn har stemt ulikt i ulike kommunetypar, er heller ikkje klart. I landet sett under eitt var det fleire kvinner enn menn, og fleire tilsette i offentleg enn i privat sektor, som stemte nei. Det er likevel ikkje ulikskapar på desse felta, men næringsøkonomiske og kulturelle tilhøve som har skapt dei regionale skilnadene innan Trøndelag.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 423-429

Kilder

  • Stortingsvalget 1953 - Arbeiderpartiet og Kommunistene i Trøndelag
    Full størrelse

    Stortingsvalget 1953 - Arbeiderpartiet og Kommunistene i Trøndelag

  • Stortingsvalget 1953 - Bondepartiet og Kr.F i Trøndelag
    Full størrelse

    Stortingsvalget 1953 - Bondepartiet og Kr.F i Trøndelag

  • Stortingsvalget 1953 - Høyre og Venstre i Trøndelag
    Full størrelse

    Stortingsvalget 1953 - Høyre og Venstre i Trøndelag