Industristader og bedrifter

I høve til landsgjennomsnitten var Trøndelag lite industrialisert dei første par etterkrigstiåra. Sett under eitt, hadde trøndelagsfylka 9,4 prosent av folket i landet i 1950, men berre 6,4 prosent av industrisysselsettinga. Særleg framstod Nord-Trøndelag som underindustrialisert, og fylket vart lenge hengande etter i høve til andre delar av landet.

I 1952 låg det på trettande plass i ei rangering av industrialiseringsgraden i fylka, i 1963 hadde det kome ned på nest siste plass. Fallet skuldast rett nok ikkje noka form for avindustrialisering, men heller at den raske industriveksten i Noreg i perioden kom i bransjar som var langt betre representerte i andre landsdelar enn i Trøndelag. Styresmaktene såg ny storindustri som den viktigaste motoren som skulle drive utbygginga av det norske velferdssamfunnet framover. Sjølv om vridinga mellom landsdelane delvis hadde kome som ei følgje av statlege satsingar, var dei ikkje tilsikta, og resultatet uroa ikkje berre lokale styresmakter, men også dei statlege. Orkanger hadde vore sterkt inne i vurderingane både da Norsk Jernverk skulle byggast og før plasseringa av det store aluminiumsverket som til sist vart lagt til Sunndalsøra, men Trøndelag fekk i første omgang ingen av dei strategiske statlege industriinvesteringane. Aluminiumsverket som Elektrokemisk bygde i Mosjøen, fekk ingen konsekvensar for sysselsetting og etterspurnad i sjølve Trøndelag. Kva kjenneteikna så trøndersk industri i perioden rundt 1960?

Om ein skil mellom råvarebasert, marknadsbasert og forskningsbasert produksjon, var det meste av industrien utanfor Trondheim basert på lokale råvarer. Dei fleste bygdene hadde slakteri og meieri i ei eller anna form. Brenneriet på Sundnes på Inderøya må også kunne kallast ei form for foredling av jordbruksprodukt, det var til gjengjeld eineståande i landsdelen.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 395-396