Fra kaia i Namsos

(Trykk på bildet for full størrelse)

Industri knytta til skogbruk

Hører til Skogbruk og Namsos

Der det var skog, låg det også sagbruk. Ei rekke stader var det også større trelastbruk. Namsos hadde fleire, med Van Severen, som det største.

Sagbruk og treforedlingsindustri
Der dominerte Fredrikstad-familien Kiær på eigarsida. Men det var også fleire andre større sagbruk ved munningen av Namsen, mellom anna dreiv brørne Ole, Mathias og Salamon Mørkved kvart sitt bruk i byen. På Bangsund låg Bangdalsbruket, som ein periode var det største i landsdelen, og var ått av familiefirmaet Albert Collett. Innherrad hadde store sagbruk, mellom anna på Steinkjer, i Kjerknesvågen og på Trones. I Meråker og Hommelvika fann ein også store bruk.

Enda viktigare enn sagbruka var treforedlingsindustrien. Den fremste verksemda i landsdelen var Ranheim Papirfabrikk med rundt 600 tilsette kring 1960. Den produserte sulfatcellulose som vart foredla vidare til kraftpapir og tilsvarande produkt. Frå 1954 og utetter vart fabrikken gjennomgripande modernisert og utvida, og vart rekna som ei tidhøveleg verksemd. På eigarsida fann ein fleire av dei mest tradisjonsrike norske industrifamiliane, Astrup, Kiær og Solberg. Dei var også inne i Meraker Bruk.

Tresliperi
Landsdelen hadde også fem tresliperi, alle bygd mellom 1896 og 1913. Folla tresliperi på Follafoss var det klart største. Salsbrukets tresliperi, som held oppe den isolerte industristaden med same namnet ved innløpet til Indre Folla, var også mellom dei større. Namdalens Tresliperi på Lauvsnes var langt mindre, om lag av same storleik som Helge-Rein-By Bruk på Byafossen. Statlandsbruket sør for Namsenfjorden var det minste av tresliperia i landsdelen. Folla var ått av Nord-Trøndelag fylke, elles var sliperia private. Salsbruket inngjekk i Collett-bedriften, Lauvsnes var ått av Van Severen. Helge-Rein-by bruk vart kontrollert av familien Getz, medan Ekker-familien dreiv Statlandsbruket. Tresliperia hadde jamnleg driftsstansar og permitteringar, som oftast fordi avsetninga var ujamn. Dei som hadde visjonar på vegne av trøndersk industri, meinte tremassen burde vidareforedlast til papir i staden for å eksporterast, men risikoen vart rekna for å vere for stor, og fortenesta for usikker til at nokon av dei eksisterande bedriftene ville sette i gang eit slikt prosjekt.

Sponplatefabrikkar
Ein råstoffressurs som i stor grad stod uutnytta i trøndersk utmark, var bjørk og anna lauvvirke. Men i 1957 kunne sponplatefabrikken på Orkanger starte første produksjonslinja. Bedrifta var eit kooperativ, med trønderske skogeigarar som andelseigarar, og danna mønster for ei rekke andre sponplatefabrikkar kringom i landet. I Trøndelag vart det bygd fabrikkar også på Røros og Namsskogan, den første etter kooperativ oppskrift, 397 den siste etter stor kommunal innsats. Entusiasmen i bygginga vart likevel ikkje følgt opp med tilsvarande profesjonalitet i drifta, og etter få år var også Namsskogan-fabrikken innlemma i det skogeigaråtte Orkla-selskapet.

Frå Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 396-397

Oppgaver