Datamaskin (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Trøndelag i informasjonssamfunnet

På 1970-talet meinte dei fleste at vegen til velstandsvekst gjekk gjennom vidare industrialisering. Jamvel samfunnskritiske miljøforkjemparar delte denne oppfatninga. Dei skilde likevel lag med fleirtalet i synet på om samfunnet eigentleg hadde bruk for større velstand. Men i 1974 nådde industrisysselsettinga toppen, ikkje berre i Noreg, men også i ei rekke andre land.

Tendensen var den same i Trøndelag. Ved inngangen til det nye tusenåret arbeidde mindre enn kvar femte yrkesaktive trønder direkte med materiell produksjon, enten det var industri, bergverk landbruk eller fiske. Kva var det som hadde skjedd? Kva levde trønderane da av?

Eit første grovt oversyn kan ein få ved å sjå på yrkesstatistikkane frå folketeljinga i 2001. Tabellen viser at det arbeidde nesten like mange trønderar i helse- og sosialyrke som i produksjonsyrka. Det tyder ikkje at helsearbeid og sosialtenester gav like mye drahjelp til økonomien elles som produksjonen, men det betyr at eit fleirtal av folket levde eit anna kvardagsliv. Dei trong andre kompetansar i det daglege arbeidet sitt og fekk andre perspektiv på tilveret enn den tida eit fleirtal arbeidde med å utvinne og omforme materiell av ulikt slag. Sosialt og politisk fekk endringane også følgjer. Verken industriarbeidarklassen eller produksjonsingeniøren kunne lenger gjere krav på å representere framtida. Om nokon i det heile kunne gjere krav på ein slik plass, så var det forskaren.

Dei grunnleggande tendensane var dei same over heile landsdelen. Likevel var det ein del forskjell mellom ulike geografiske soner, først og fremst mellom trondheimsområdet og resten av Trøndelag. Skilnaden mellom dei andre sonene innbyrdes var langt mindre. Den delen som dreiv med materiell produksjon, var klart lågast i landsdelssenteret. Til gjengjeld var ein stor del av dei profesjonelle produsenttenestene, frå bankar og forsikringsselskap via datafirma og reklamebransje til ingeniørkontor, advokatar og arkitektar, konsentrerte der. På grunn av at engroshandelen i landsdelen for ein stor del var konsentrert i byen, var også handelsnæringa betre representert der enn i dei andre delane av landsdelen. Kanskje noko overraskande låg ikkje andelen innan undervisning og forsking i Trondheim vesentleg over dei andre områda, men utdanning opp til høgskolenivået var noko ein fann over heile landsdelen.

Likevel er hovudtendensen eintydig: Di meir kompetansekrevande tenestene var, di meir sentraliserte var dei. Draumen om at informasjonsteknologien skulle gjere det likegyldig kvar folk arbeidde, viste seg å ikkje halde. Tendensen stansar heller ikkje med Trondheim, som i verdssamanheng er ein forholdsvis liten, perifer by. Tvert om har dei byane som alt frå før framstod som verdsbyar, styrka den sentrale stillinga si i informasjonsalderen. Ingen skandinavisk by kan konkurrere med dei. Trondheim sin plass i eit slikt internasjonalt bysystem blir da på ei side å tene som regionsenter som kan gje drahjelp og støtte også til andre delar av regionen, på andre sida å finne avgrensa felt der ein har noko å tilby ut over regionen. For Trondheim sin del må det bli forsking og utdanning.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 463-464