Traktorpløying (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Garden Frøset i det andre hamskiftet

I 1952 da Arnt Frøseth på Byneset var sju år, kjøpte far hans den første traktoren. Det var ein Ferguson med bensinmotor, traktortypen som framfor nokon vart eit symbol på traktoriseringa av norsk landbruk.

11 000 kroner kosta han den gongen, om lag det doble av ein gjennomsnittleg årsløn i tida. Det var framfor alt hydraulikken og kraftoverføringa som gjorde denne traktortypen til ein langt meir anvendbar arbeidsreiskap enn dei tidlegare traktorane, som først og fremst gav draghjelp. Frå traktorsetet kunne føraren både heve og senke plogen og harva og manøvrere høysvansen, og møkka kunne takast ut frå møkkakjellaren med skuffe eller lesseapparat i staden for at bikkvogna måtte lessast med handmakt.

Unge førarar
Føraren trong slett ikkje vere bonden sjølv. Sønene på garden var snart ute med å kjøre. Arnt Frøseth var ikkje noko unntak, han vart sendt utpå for å harve alt første året traktoren var på gården. At lova sette forbod mot kjøring før fylte 16 år, hefta ikkje, korkje der eller dei fleste andre stader. Slik sett inngjekk traktorkjøringa i den gamle tradisjonene for barnearbeid i landbruket. Det var eit slit for gutungen å manøvrere den direkte styringa, og det var ikkje heilt liketil å nå ned frå skålsetet til dei fritthengande pedalene. Men når motivasjonen var stor nok, gjekk det meste.

Reiskaper og ny traktor
Plog, harv og lesseskuffe var dei første reiskapene som vart kjøpt inn til traktoren på Frøset. Tilhengar bygde bonden sjølv, utan tipp og med små hjul. Andre reiskapar kom til etter kvart. Åtte år seinare vart traktoren bytt ut med ein Fordson Dexta med dieselmotor. Han gjekk i åtte år til, før tredje traktoren kom på garden, ein Massey Ferguson 135.

Utviklinga i jordbruket i praksis
Utviklinga på Frøset er eit godt eksempel på korleis eitt av dei viktigaste utviklingsdraga i landbruket i perioden, mekaniseringa, arta seg i praksis. Til gjengjeld var garden eit unntak frå ein annan tendens: spesialiseringa. Også på Frøset slutta bonden etter kvart med sau, kålrot og poteter, men i motsetning til svært mange andre flatbygdgardar der dritftsbygningane etter kvart vart ståande tomme for dyr, held Arnt og kona fram med å kombinere mjølk og korn da dei tok over garden i 1975. Jamvel laksefangst i fjæra inngjekk enno i driftsgrunnlaget. I 1980 sto det også ein ny, stor driftsbygning ferdig på garden. Det var fem år etter at Stortinget vedtok opptrappingsplanen for landbruket i kjølvatnet av Hitra-aksjonen, som var kjent over heile landet da bøndene der nekta å betale skatt i protest mot det økonomiske grunnlaget i jordbruket.