Bergstaden Røros (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Farvel til industrien?

Det var mange tradisjonsrike bedrifter som fekk problem i Trøndelag frå midt på 1970-talet og utetter. Å tale om ei total avindustrialisering blir likevel feil. Grunnmønsteret er ikkje berre nasjonalt, men internasjonalt. Snunaden kom først i Trondheim, og det var også der nedgangen var relativt sterkast.

Nedlegging av tresliperia
Lokalt var følgjene langt større av at dei fleste tresliperia i Nord-Trøndelag vart lagt ned mellom 1972 og 1985. Først ute var Statlandsbruket, I 1979 følgte Lauvsnes, så Helge-Rein-By Bruk, og da sliperiet på Salsbruket brann i 1985, var det ikkje tale om å bygge opp att. Nokre år tidlegare hadde eigarfirmaet Albert Collett også lagt ned det store sagbruket på Bangsund, overlate tømmerkvoten til Van Severen i Namsos og gått over til å drive skogen saman med såkalla naturbasert reiseliv. Berre Folla overlevde gjennom omlegging av produksjonen frå rein slipemasse til det som vart kalla kjemisk termomekanisk masse (CMTP).

Avvikling av bergverka
Også i bergverka tok krisesymptoma til å gjere seg gjeldande på 1970-talet. Eit fleirtal av gruvene hadde sovelkis som sitt hovudprodukt, men etter kvart som det vart utvikla alternative metodar for svovelproduksjon, vart prisen på kisen for låg. På Løkken og i Skorovatn vart det bygd opp nye flotasjonsverk for å vinne ut kopar og andre metall meir effektivt, samstundes som det vart slutt på svovelproduksjonen. Det hjelpte ikkje. I åra som følgte vart trøndersk gruvedrift totalavvikla.

Først ute var Røros. Der innstilte koparverket drifta i 1977. Skorovatn følgte etter i 1981, Løkken og Killingdal i 1987, Malm to år seinare. I 1993 vart også gruva på Hjerkinn, like sør for fylkesgrensa, nedlagt etter 25 års drift, og det store gruvetårnet som hadde vore eit landmerke på Dovrefjell, vart sprengt. Grong heldt det gåande fram til 1997. Da gruva stengte der, var det slutt på meir enn 350 års trøndersk gruvehistorie.

Krise i verkstad- og metallvareindustrien
I Trondheim var nedlegginga av TMV berre eitt av ei rekke eksempel på krisa i verkstad- og metallvareindustrien på 1980-talet. Wire og ståltau, spiker og gjerde hadde vore viktige produkt på landsdelsmarknaden, både for byggebransjen, landbruket, fiske og skipsfart og andre næringar. Dei mest kjende bedriftene som var bygd opp rundt denne verksemda, var Staaltaugen, Trondhjems jernindustri og Trondhjems Nagle- og Spikerfabrikk. Dei to siste slo seg saman i 1983, utan at det var stor hjelp i det. I 1989 laga Jernindustrien Trondheims siste spiker. Men TNS-namnet vart vidareført som Teeness, som mellom anna fekk internasjonal suksess med spesialisert vibrasjonsfritt boreutstyr som var utvikla i nært samarbeid med forskningsmiljøa på Gløshaugen. Ei trøndersk bedrift kunne ikkje konkurrere med Kina i masseproduksjon av spiker, ikkje ein gong for ein lokal markand. I staden kunne bedrifta overleve med kompetansetung nisjeproduksjon for verdsmarknaden.

1990 var det også slutt for Staaltaugen, som hadde vore den største reine stålwirefabrikken i Skandinavia da bedrifta fylte 50 år i 1967. Da problema tok til mot slutten av 1970-talet, hadde bedrifta over 400 tilsette, og var ått av Norsk Jernverk. Ved nedlegginga var det hundre att. Det var ikkje berre auka internasjonal konkurranse på dei tradisjonelle marknadene som verka inn, stålwire og tau av naturfiber vart også i aukande omfang erstatta av nye plastbaserte produkt.

Fesil
Eit anna stort trøndersk industrikonsern måtte også avvikle store deler av verksemda i tida rundt tusenårsskiftet. Det var Fesil, der Ila Lilleby smelteverk hadde vore morbedrifta. Rundt 1990 hadde konsernet hatt nærare 1,2 milliardar i omsetning og 1100 tilsette med bedrifter også utanfor landet. Men da kom ei krise som heldt på knekke store delar av norsk ferrolegeringsindustri. Fesil berga seg over kneika i første omgang, men Solberg-familien, som hadde styrt verksemda sidan krigen, måtte trekke seg ut. I åra som følgte, gjekk verket på Lilleby gjennom enda fleire rundar med rasjonalisering og nedbemanning, men nedleggingstrugsmålet var heile tida til stades, og i 2002 var det slutt. Det hjelpte ikkje at ei samla fagrørsle i Trondheim vende seg til styresmaktene med sterke krav om å berge det som vart sett som ei kjernebedrift i trøndersk storindustri.

Fesil-verket på Holla heldt det gåande med ein ny spesialitet, granulert silisiummetall som hovedprodukt. I tillegg utvikla smelteverka eit nytt spesialprodukt, mikrosilika, ut ifrå avfall som vart samla inn frå røykfiltra frå omnane. Fram til nye, strenge forureiningslover vart vedtekne på 1970-talet, hadde småpartiklane i røyken vorte sendt rett ut i naturen. I staden vart dei no etter mye prøving og feiling, verdifulle tilleggsprodukt for bedriftene.

Meraker
Meraker smelteverk var nedleggingstruga fleire gonger, og ville ikkje ha overlevd utan offentleg støtte. I 1981 berga verket ved at Elkem tok over som eigar frå Union Carbide, men i 1987 kom ein ny krise. Resultatet vart nedskjering og enda sterkare spesialisering, i tillegg til at mikrosilika vart eit viktig tilleggsprodukt også der. I 1998 kom ein ny krise, og bedrifta overlevde igjen med statleg hjelp, men med nye, strenge effektiviseringskrav hengande over seg og stadige trugsmål om at produksjonen skulle overførast til Orkanger, der Elkem også hadde teke over smelteverket i 1986.

Aker Verdal
Folla og dei overlevande smelteverka viser at det var mogleg å overleve med hjelp av innføring av meir rasjonelle produksjonsmetodar og omlegging til nye, gjerne spesialiserte produkt som hadde ein marknad internasjonalt. Utviklinga ved Aker Veral utdjupar dette biletet. Verkstaden var alt på førehand sterkt spesialisert, og da den første store krisen kom i 1981 etter at Aker hadde mista fleire store oppdrag til utanlandske konkurrentar, gjekk bedrifta og fagforeininga saman om å prøve å presse fram betre politiske rammevilkår for innanlands produksjon. Slike alliansar var vanlege i bedrifter som kom i vanskar på 1980-talet. Strategien var likevel kortsiktig, og han vart stadig vanskelegare å følgje etter som internasjonale reglar og avtalar gjorde det umogleg både for norsk oljenæring å reservere store oppdrag for norske verkstader og for norske styresmakter å sette inn det som vart kalla konkurransevridande tiltak. Alternativet vart målretta kompetanseoppbygging, mellom anna gjennom systematiske opplæringsprogram i periodar da det var dårleg med oppdrag, slik det var med jamne mellomrom på 1980- og 1990-talet. Kompetanseoppbygging som middel til produktivitetsauke vart såleis ein sentral strategi for å halde nedleggingstrugsmåla unna.

Nobø og Ranheim
Også bedrifter som ikkje fekk direkte problem, rasjonaliserte sterkt, og skar kraftig ned på talet på tilsette. Såleis gjekk Nobø, som rundt midten av 1980-talet hadde hatt til saman meir enn tusen tilsette, konkurs i 1993. Einaste delen av verksemda som heldt fram, var varmeomnproduksjonen i Stjørdal. Ved Ranheim papirfabrikk, som frå 1971 var ein del av Norske Skogindustrier, låg talet på tilsette jamt rundt 800 ut gjennom det meste av 1970-talet. Men frå 1979 gjekk bedrifta gjennom ei kraftig rasjonalisering. Den viktigaste endringa var at celluloseproduksjonen tok slutt i 1981. Med det forsvann også den karakteristiske ranheimslukta. I Moss, som hadde ein tilsvarande fabrikk, gjekk svovelstanken under namnet mosselukta. Bakgrunnen for omlegginga var nye, strenge utsleppsreglar som gjorde at enten måtte fabrikkane investere i kostbare renseanlegg eller legge ned, og når ei ny cellulosefabrikk på Tofte kunne forsyne papirfabrikken med det den trong av cellulose, var løysinga klar. I 1984 var talet på tilsett på Ranheim kome under 400. Det var med andre ord ein sterkt slanka og trimma bedrift som vart seld til M. Peterson & søn i Moss i 1983. Med det kom verksemda inn i ein stabil periode.

Om fabrikken heldt fram, så forandra Ranheim karakter. Den tidlegare einsidige industristaden vart frå 1960-talet og utetter i aukande grad integrert i byen som ein vanleg forstad, og rundt hundreårsskiftet var det ikkje stort meir enn eit historielag og nokre bevarte arbeidarbustader som minte om fortida til staden.

Spesialisert og rasjonalisert drift
Det var såleis langt ifrå slutt på industrien i Trøndelag. Mellom anna levde det meste av ein stor og mangfaldig næringsmiddelindustri vidare. Det gjaldt både store konsumvarebedrifter som Nidar og E.C. Dahls bryggeri og foredlingsbedriftene i landbruket. Men også innan denne industrigreina foregjekk det ei omfattande rasjonalisering. Såleis var det i 2000 berre tre meierianlegg att i heile nordfylket, og i sør var ein stor del av produksjonen konsentrert på Tunga i Trondheim. Anlegga der illustrerer ein hovudtendens i industrien sett under eitt: Han vart meir spesialisert, sterkare rasjonalisert og meir kompetansetung. Samstundes vart han mindre synleg, etter som produksjonen i aukande grad foregjekk i anonyme hallar som til forveksling likna bygg for lager og omsetning. Dei karakteristiske høge fabrikkpipene var det etter kvart svært få av att.


Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 466-471