bom

(Trykk på bildet for full størrelse)

Innsamling av runebommar på 1700-talet.

Hører til Sørsamer

På 16- og 1700-talet kom det fleire bøker og beretningar om samisk kultur og levesett. Desse var helst skrivne av kristne menn frå Noreg eller Sverige og bar preg av eit nokså nedlatande syn på spesielt samisk religion.

Misjonærane
Forfattarane var stort sett misjonerar blant samane, og deira syn på verda var sjølvsagt sterkt farga av dette. Den mest kjente samemisjonæren var Thomas von Westen som starta Seminarium Scholasticum i Trondheim i 1717. Dette var ei skule for samelærarar i samemisjonen. Seinare gav  Knud Leem ut "Beskrivelse over Finmarkens Lapper" (1767) og "Lexicon Lapponum" (1768). Thomas von Westen og hans næraste var opptatt av å formidle kristendommen på samisk, noko som bidrog til opprettinga av eit samisk skriftspråk.

Djevelens bibel
Misjonærane såg på seg sjølv som Guds sendebod til djevelens folk. For å overvinne djevelen vart det viktig å kvitte seg med gjenstandar knytte til samisk åndelegheit og tru. Dei såg på tromma som "djevelens bibel", og det var difor svært viktig å ta den frå dei samiske sjamanane. Dei fleste eldre runebommane vart såleis enten samla inn med makt av misjonerar på 1700-talet, eller dei var gjømt i fjelheimen og seinare funne og levert til samlarar eller museum. Runebommane kunne også verke som ei kvittering for vel utført arbeid blant samane. Når ein viste fram kor mykje heidensk materiale ein hadde med seg heim, tente det som bevis på omfanget av misjoneringa.

Omfang
Det må ha vorte samla inn fleire hundre runebommar, men i dag veit me berre om ca. 70 eksemplar i ulike museumssamlingar. Dei fleste runebommane vart på 1700-talet sendt til København, men det meste forsvann i ein brann i 1728.

Kjelder
Det finnast ulike kjelder til kunnskap om bruk og innsamling av runebommer. Me har referat frå rettssaker der sjamanar har vore tiltalt for trolldom og å ha tent djevelen. Mange av misjonærane har og skrive ned historier om korleis runebomma har vorte brukt, og om korleis dei har vorte samla inn. Frå Trøndelag er Nærøymanuskriptet, skrive av presten  Johan Randulf i 1723, ei viktig kjelde. Dette er svært fasinerande lesing om bruk av runebomma, sjelereiser, helbreding og ofring.

Carl von Linné
Den svenske naturforskaren Carl von Linné gjorde i 1732 ei reise i Lappland. Ei skildring frå eit av reisebreva hans kan tene til å kaste lys over kor brutalt det kunne gå for seg når nordmenn tok frå samane runebommane. I Tørfjorden i Nordland fikk han høre dette; "Viss lappen nekter å gi fra seg sakene åpner man en blodåre på armen til ham slik at han dåner og ber om livet og gir fra seg trommen".

Ida Bull, Trøndelags Historie, Bind 2, 2005
B. Pollan (red.), Noaidier, 2002
Ø. Vorren & E. Manker, Samekulturen, 1976
http://www.wikipedia.org/

Kilder