oversikt

Foto: Hans Nissen

(Trykk på bildet for full størrelse)

Tusen år i Olavs by

Hører til Trondheim

"Kong Olav for med hæren sin til Nidaros. Han let setje opp hus på bakken attmed Nidelva, og avgjorde at det skulle vere kjøpstad der. Han gav folk tufter å byggje seg hus på, og let byggje ein kongsgard oppe ved Skipakriok. Dit let han flytte om hausten alt det som trongst til opphelde om vinteren, og han hadde mykje folk der."

Byen blir grunnlagt

Slik skildra den islandske sagsskrivaren Snorre Sturlason grunnlegginga av Trondheim. Den Olav det er snakk om, var den nykristna vikinghøvdingen Olav Trygvason, som gjorde krav på kongsmakta i Norge, og trong eit støttepunkt i Trøndelag, eitt av dei viktigaste, men og mest uregjerlege landskapa i landet. Ut frå sagaen skal bygrunnlegginga ha foregått i 997, og i 1997 rustar byen seg til storfest, med markeringar gjennom heile året.

Eit tusenårs byjubiléum skulle vere vel verd å feire. Men kan vi stole på sagaen, som trass i alt er skriven meir enn to hundre år etter at bygrunnleginga skal ha skjedd?

For å svare på det, må vi gå til arkeologane. Dei har grave ut restar etter hus og primitive kaier som viser at det foregjekk viktige ting på plassen mot slutten av 900-talet. Anlegga har og ei slik form at det må ha stått ei styrande hand, ein stor høvding eller konge, bak verksemda. Enkelte av funna er datert før Olav Trygvasons tid, så kanskje er Trondheim litt for seint ute med tusenårsfeiringa si!

Under alle omstende heng bygrunnlegginga nært saman med rikssamlinga. Dei rikaste bygdene i Trøndelag låg lengre inne i fjorden, og det ville vere dumt å legge ein marknadsplass for dei i Trondheim. Men utløpet av Nidelva var beste havna langs heile fjorden, og byen ligg strategisk til for den som ville kontrollere landsdelen. Samtidig var det kort veg ut til skipsleia langs kysten, viktigaste samferdselsåra i landet heilt fram til vårt hundreår. Slikt var viktig for ein konge, men mindre viktig for bøndene

Kyrkjehovedstaden

Den neste rikskongen, Olav Haraldson, hadde og store problem med å kue trønderane. Kongen gjekk hardt fram både for å styrke autoriteten sin og for å utbreie kristendommen, og i 1030 vart han drepen av ein hær av bønder og lokale høvdingar på Stiklestad, rundt 100 kilometer nord for Trondheim. Liket til kongen vart ført til Trondheim, og det tok ikkje lang tid før det vart fortalt om under ved grava. På kort tid vart minnet om ein upopulær konge erstatta av forteljingar om velgjeraren og helgenkongen, Heilag Olav. På 1070-talet tok bygginga til av det som skulle bli den største middelalderkatedralen i Skandinavia, Nidarosdomen, og da Norge fekk eigen erkebiskop i 1153, var det sjølvsagt at han skulle få sete i Sankt Olavs by, Nidaros, som han da vart kalla. Skrinet til kongen stod ved høgaltaret i domkyrkja, og det var gjennom store delar av middelalderen det viktigaste valfartsmålet for pilegrimar i Nord-Europa.

I middelalderen var byen såleis åndeleg sentrum for eit område som strekte seg langt ut over det noverande Norges grenser, heilt til Island og Grønland. Byen hadde ikkje stort meir enn 3000 innbyggarar, men hadde 8-10 kyrkjer og tre kloster ved sida av katedralen. Livet i byen på denne tida er livfullt rekonstruert i det nye middelaldermuseet som opna i januar 1996, og ein får der eit godt bilde av livet i dei låge, brune trehusa, som utgjorde mesteparten av byen, i kontrast til dei strålande kyrkjelege bygga.

Svartedauden i 1349-50 ramma Norge hardt, og rundt år 1500 hadde landet langt under halvparten av innbyggartalet 150 år tidlegare. Trondheim vart også hardt ramma. Det kom ikkje berre av at folk i byen døydde, men dei viktigaste inntektene for byen var avgifter av jord som kyrkja åtte, saman med bøteinntekter, og når det vart færre bønder til å betale, vart det mindre å leve av for byen. Da den siste erkebiskopen, Olav Engelbrektsson, sigla ut fjorden i 1537, etter at kongen hadde vedtatt at landet skulle bli lutheransk, var det som om botn forsvann unna byen. Han var ikkje lenger kyrkjehovudstad i det norske riket, berre ein fjern provinsby i danskekongens rike. Hundre år seinare var det tapte gjenvunne, og Trondheim var igjen i rask vekst. Kva var det nye livsgrunnlaget til byen?

Handelsbyen

Det som i første rekke førte til vekst i byen, var at etterspørselen etter råvarer frå landsdelen fekk eit sterkt oppsving frå siste del av 1500-talet og utetter. Fisk frå fjordane, tømmer og trelast frå skogane, og malm frå dei nye koppargruvene på Røros, Løkken og Kvikne vart i aukande omfang eksportert til dei meir sentrale delane av Vest-Europa, og sidan kongeleg privilegiepolitikk gjorde det ulovleg å drive handel i landsdelen frå andre plassar enn Trondheim, vart det byborgarane som tente mest på verksemda.

Økonomien i byen vart dominert av ei gruppe familiar som etter kvart og åtte store eigedommar i distriktet. Namn som Schiøller, Angell og Hornemann, Hammond, Møllmann og Meincke, Bahnsen og Bejer, Hoe og Lorch, fortel oss at dette var innvandrarar, utan røtter i Norge frå før. Fleirtalet kom frå området rundt Flensburg, som no ligg i Nord-Tyskland, men den gongen var ein del av danskekongens rike. Nokre få, som engelskmannen John Hammond, kom frå andre stader.

Ein treby som Trondheim er sterkt utsett for brann, og byen har vorte øydelagt ei rekke gonger. Etter katastrofebrannen i 1681 bestemte kongen at byen skulle omregulerast, og den tronge, sjølvgrodde middelalderbyen vart erstatta av eit regelmessig rutenett med breide, rette gater i barokkstil. Heilt fram til i dag har byen bevart mye av preget han fekk i denne perioden. Bryggerekkene langs elva gir same heilskapsinntrykket som da elvehavna var den økonomiske krumtappen i byen. Enkelte av palea til dei rikaste familiane står også, mellom anna det største av alle, Stiftsgården, madame Schiøllers pale frå 1770-talet, som no er kongens residens når han er i Trondheim. Omtrent samtidig testamenterte byens rikaste mann, Thomas Angell, formuen sin til dei fattige, og ei rekke sosiale institusjonar og andre bygg som kom som resultat av testamentet kan ennå sjåast i byen.

Trondheim i industrialderen

Etter 1850 kom store endringar i Trondheim. Norge var seint og gradvis i ferd med å bli eit moderne industriland, og Trondheim fekk sin del av denne prosessen. Mellom anna vart det første norskbygde lokomotivet laga her. Den sterke byveksten i perioden mellom 1890 og 1920, da folketalet nådde over 55 000 etter ei fordobling på 30 år, hadde likevel ikkje sin bakgrunn i industrivekst, men kom først og fremst av at byen vart styrka som handels- og kommunikasjonssenter. I åra omkrig 1880 fekk byen jernbanesamband både med Oslo og Stockholm, i tillegg knytta nye dampskipsruter byen tettare både til Nord-Norge og kontinentet. Det var ikkje berre kontaktane utover som vart radikalt forbetra, byen fekk også ein ny, effektiv transportterminal på Brattøra, ein ny bydel som vart skapt ved oppmudring, utfylling og kanalisering av den langgrunne fjæra ved byen. Der møttest jernbanelinjene og båttrafikken, og langs den indre havna, kanalen, vart nye, store lagerbrygger bygde i stort tempo som tegn på oppsvinget i byen.

I det førindustrielle samfunnet levde byen følgjeleg i hovudsak av å eksportere råvarer, i industrisamfunnet gjekk ein stadig viktigare del av handelen ut på å distribuere industriprodukt over heile Midt-Norge samt til store delar av Nord-Norge. I denne prosessen mista dei gamle slektene sin posisjon, mens det steig fram ein ny økonomisk elite som i stor grad hadde sine røtter i landsdelen. Etter kvart vart det også starta ein god del industribedrifter og ein sterk næringsmiddelindustri, men industrien vart aldri noko hovudnæring for byen. Til gjengjeld har trondheimsbedrifter enno i dag ei sterk stilling innan engroshandel og entreprenørverksemd i store delar av Nord-Norge.

Vekstperioden innebar også ei modernisering av skolestell og helsevesen, og byen fekk ein tidsmessig infrastruktur, mellom anna med elektrisk trikk, som begynte å gå i 1901, same år som Trondheim elektrisitetsverk starta drifta. I åra fram mot 1920 vart det lagt store planar for den vidare byutviklinga. Men kriseåra etter 1. verdenskrig ramma Trondheim hardt, og først eit stykke ut på 1950-talet fekk byen igjen sterk vekst.

Den ekspansive kunnskapsbyen

Trondheim forandra seg forholdsvis lite mellom 1920 og midten av 1950-åra, så byen var enno relativt konsentrert da. Seinare er det som om den har spreidd seg eksplosivt utover i landskapet. Den viktigaste sprengkrafta skriv seg her som i dei fleste andre moderne byar frå fire forhold: Større boligar, fleire bilar, produksjons- og lagringsmetodar som krev store golvflater, og større arealforbruk til utdanning, omsorg og fritid. Bilismen er det som vart lagt mest merke til, for i Norge vart bilen ein del av familien først på 1960-talet, seinare enn i dei fleste industriland, og da var det som om landet skulle hente igjen det forsømte på kort tid. Meir har det likevel betydd at boligflata pr. innbyggar har auka sterkt. Like etter krigen var Trondheim svært trongbodd med toromsleiligheter som det mest vanlege, samtidig som så mye som kvar fjerde husstand mangla eigen bolig. På 1990-talet er fire-femromsboligar dei mest vanlege typane - i det heile tatt er det svært få plassar i verda der folk bor så romsleg som i Norge - og draumen for svært mange er enno eineboligen i det grønne, det er berre eit mindretal som heller søker inn mot bysentrum og urbane verdiar.

Kva lever så byen av i dag? Enno bety handelen mye, og byen har ei dominerande stilling i landsdelen innan finansvesen, datatenester, ingeniørbedrifter og andre typar sterkt spesialiserte og kompetansekrevande tenester. men framfor alt er dagens Trondheim ein kunnskapsby, med universitetet som kjerne og store forskningsinstitusjonar i tillegg. Ingen stad i Norge har ein større andel av befolkninga høgare akademisk utdanning, og utdanning og forsking ser ut til å bli stadig viktigare som livsgrunnlag for byen.

(Artikkelen er hentet fra Trondhjemske Samlinger 1995, og ble opprinnelig skrevet for et ikke-norsk publikum. Forfatteren karakteriserer selv teksten som "byhistorie i knappholsformat". Den er lett redigert).

Relaterte artikler