Scannete bilder fra Sverresborg 024.jpg (ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Det vert fleire trønderar

Hører til Endring

Frå 1845 til 1920 vart det mange fleire menneske i landsdelen. I denne perioden auka folketalet i Trøndelag med 100 000, frå 155 000 til 255 000, det vil seie ca. 65 prosent. Veksten var stor allereie i første halvdel av 1800-åra, og han akselererte.

Samanlikna med 150 år seinare utgjorde befolkninga i landsdelen i 1850 berre to femdel, men folk levde meir spreidd utover i heile regionen, både på kysten og i innlandet, og storparten levde på landsbygda. Berre 10 prosent budde i byane, slik fordelinga mellom by og land hadde vore frå langt attende. Mange utkantbygder hadde større befolkning i 1900 enn i år 2000, til dømes Snillfjorden, Osen og Flatanger.

I løpet av nokre få tiår skulle forholdet mellom by og land forandre seg. Befolkninga auka, og ho auka mest i byane. Delen av folkemengda i byane steig jamt, frå 12 prosent i 1865 til heile 24 prosent i 1920. Så mens landsbygda berre hadde ein samla auke på ca. 40 prosent i perioden 1865–1920, frå 140 000 til 195 000, hadde byane nesten ei firedobling av folketalet, frå 16 000 til 62 000. Her var Trondheim den desidert største. I tillegg kom alle tettstadene som voks fram med grunnlag i industri, kommunikasjon og handel.

Men det som også høyrer med i reknestykket, er den omfattande emigrasjonen som fann stad nettopp i denne perioden. Meir enn 80 000 menneske forlot Trøndelag i tida mellom 1846 og 1930. Mest kvart år vart landsdelen tappa for folk. Det gjekk i bølgjer, og varierte også ein del mellom ulike distrikt.

Det vert enda fleire nordmenn
Det vart mange fleire trønderar i perioden, men ei samanstilling av tala for Trøndelag med tala for heile landet viser at Trøndelag taper terreng kontinuerlig i forhold til resten av landet. Folketalet på landsbasis voks meir enn det gjorde her i landsdelen. Kring 1850 utgjorde befolkninga i Trøndelag 11,5 prosent av totalbefolkninga i landet, men i 1920 var ho kome under ti prosent. Rogaland, Hordaland og Bergen og Nord-Noreg auka sin del noko, men det var særlig Oslo og Akershus som fekk ein forholdsmessig større del av befolkninga. Mykje av forklaringa på det ligg i den enorme veksten som skjedde i hovudstaden og elles i det sentrale austlandsområdet. Trøndelag vart ikkje industrialisert i riktig same grad som områda lenger sør, og var meir prega av å vere jordbruksområde. Likevel kan vi konstatere at det også her var ein formidabel tilvekst, noko som speglar store endringar i næringslivet og betre levekår økonomisk, helsemessig og sosialt.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 125-127