Kvifor flytta folk?

Det mest treffande svaret på spørsmålet om kvifor folk flytta, er jakta på levebrød. På flytteattestane var arbeid oppgjeven som grunn i mange tilfelle. Nokre var beint fram nøydd til å søkje seg utkome andre stader. Andre sto friare og var kanskje også drivne av eventyrlyst.

Skule og nye næringar
I denne tida vert det også aktuelt for fleire å flytte på seg for å gå skule. Nokre gifta seg også med ei eller ein frå ein annan stad og fekk forankring til ein annan plass på den måten. Interessant nytt er det dessutan at kvinner no kunne bryte opp frå familien, skaffe seg eit yrke og forsørgje seg sjølve, særlig innafor offentlig og privat tenesteyting som undervisning, sjukepleie, handel og kommunikasjon, men også innafor delar av industrien.

Gjennom utdanning og nye næringar opna det seg andre vegar til levebrød, men ein måtte gjerne bryte opp frå heimplassen for å kunne gjere det mulig. I meir intense tider under industrialiseringa og moderniseringa var det reine Klondykestemninga som rådde, som når anleggsarbeid vart påbyrja eller ny gruve- eller industriverksemd kom i gang. For dei med eventyrlyst var det berre å hive seg rundt, mens andre søkte til desse smeltediglane rett og slett fordi dei trong eit levebrød. Det var flest arbeidsplassar for menn, men det var også visse jobbar som passa for kvinner.

Fleire innflyttarar
På dei nye industristadane som til dømes Orkdalsøra, Meråker, Abelvær og Salsbruket vart det ei veldig samrøre mellom folk som kom mange stader frå. I Meråker var delen innflyttarar kome opp i 23 prosent i 1891, og frå hundreårsskiftet og framover held han seg jamt på knappe 30 prosent. Dette var likevel lite samanlikna med meir einsidige industristader. Odda hadde til dømes 68 prosent og Sør-Varanger 54 prosent innflyttarar i 1891. Dei høge tala for Meråker heng saman med alle jernbanearbeidarane som slo seg ned der, dei som kom for å arbeide på tresliperiet og den seinare auken i industriarbeidsplassar.

Industristaden Abelvær fekk også eit innflyttarelement. Fabrikkeigar Brandtzæg averterte etter arbeidskraft. Jenter frå andre kantar av Trøndelag og elles i landet fekk arbeid på hermetikkfabrikken. Både i 1910 og i 1920 var ansvarshavande på fabrikken innflyttarar, og begge to var kvinner, den eine frå Trondheim og den andre frå Flakstad. Men fagarbeidarar til boksproduksjon var menn, også dei gjerne innflyttarar. Fleire av dei kom frå Stavanger, der ein hadde lang erfaring med hermetikkindustri.

På Salsbruket var ein forsvinnande liten del av arbeidsstokken fødde på staden, men til saman med dei som var fødde i Kolvereid herad elles, vart det ein femdel. Om lag ein firedel kom frå resten av Ytre Namdalen og ein annan firedel frå søre Nordland. Resten fordelte seg mellom andre delar av Nord-Trøndelag, landet elles og Sverige. Heile åtte prosent var svenskar i driftsåret 1907/1908.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 133-134