fanteboken

(Trykk på bildet for full størrelse)

Folk på stadig vandring - 1800-talet

Ikkje alle føydde seg like lett inn i dei gjeldande samfunnsstrukturane. Nokre levde tydelig meir på sida av storsamfunnet enn andre. På bygdene så vel som i byane kunne det frå tid til anna vere omstreifarar å sjå. Det var enten taterfølgjer eller andre som ikkje hadde fast bustad og levebrød.

Taterfølgjene var nok både eksotiske og skremmande innslag. Dei hadde ein lidenskapelig kjærleik til fridomen og valde heller eit omflakkande liv framfor å slå seg ned ein stad, som det vart sagt om ein omstreifande koppklinkar i Orkdalen i 1875.

Eigne fantemanntal
Styresmaktene hadde vore opptekne av å registrere omstreifarane og innordne dei i storsamfunnet, og ved fleire høve vart det laga eigne fantemanntal (1845, 1862, 1895/1896). Også ved folketeljingane vart dei registrerte. I 1875 vart til dømes Hans Olsen som var ein tilreisande omstreifar, registrert i Orkdalen. Han var frå nærleiken av Kristiania og livnærte seg som tiggar og blekkslagar. Han var forlova med Bernthine Berntsdatter Vang som var frå Kristiansand bispedøme, og også ho livnærte seg som tiggar. Dei hadde ein son som enno var spedbarn og som var fødd på Hølonda. I følgjet deira var også ei femten år gammal jente, Anna Knutsdatter Lysgaard, som var fødd i Melhus. Familien til denne jenta finn vi att på Støren: Knut Lysgaard og kona Marie og ein son på tretten år. Mannen var omreisande messingsmed, og dei var begge frå Gudbrandsdalen.

Mange omstreifarar på Støren
I kvar bygd var det berre nokre få omstreifarar samstundes, men Støren skil seg ut, i alle fall i 1875. Da var det kring femti omstreifarar der i større og mindre følgje og med ulikt opphav geografisk og elles. Nokre av dei livnærte seg av handverk og metallarbeid, andre dreiv stort sett berre med tigging. Kan hende verka jernbaneanlegget tiltrekkande på folk. Ei anna forklaring på at det var så mange omstreifarar akkurat på Støren i 1875, kan ha med tidspunktet å gjere. Folketeljinga vart tatt opp i byrjinga av januar året etter. Kan hende var det enkelte som hadde kvarter på bestemte gardar i bygda ved juletider. Det var vanlig at taterane fekk husrom på visse gardar i den enkelte bygda, og dei kom att år etter år.

I 1900 var det derimot berre ein omstreifarfamilie i Støren. Det var Oliver Fredriksen og Maria Johansdotter. Han var fødd i Ørland prestegjeld, ho i Børsa, og ungane var fødde på Tynset, i Stangvik og Surnadalen, noko som illustrerer vandringstilværet. Typisk nok livnærte dei seg av blekkslagararbeid som mannen sto for. Orda blekkslagar og tater vart omtrent synonyme i løpet av 1800-åra, og det taterane bidrog med på dette området, var av stor betyding for utskifting av koppar, reiskap og utstyr av tre i gardsog hushaldsarbeid. Oliver jr. busette seg seinare i nabobygda Horg og fortsette med metallarbeid i tråd med tradisjonen. Der fekk ein eit eige uttrykk for juggel. Det vart kalla Oliver-gull.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 134-135