Rørvik i Vikna 1929 (Ingressbilde)

Foto: Carl Dons

(Trykk på bildet for full størrelse)

Frå martna til tur på butikken

Hører til Handel

Dei årlig tilbakevendande marknadane hadde vore viktige treffpunkt. Dei nye vilkåra for handelen gjorde at dei gamle marknadsplassane meir eller mindre hadde utspela si rolle.

Levangermarknaden fekk skot for baugen når mellomriksjernbanen kom i drift og handelen med jemtane tok andre vegar, Rørosmartnan fortsette likevel som før. Nærøymarknaden vart nedlagd i 1877, men dette vakte slikt opprør blant folk at ein privatmann, Paul Anzjøn, arrangerte eit privat handelsstemne i Rørvik. Her kom handelsmenn frå Bergen og Trondheim, bindalingar med båtar og bønder frå nærområdet med eigne produkt for sal.

Marknaden var ikkje berre ein handelsplass, han var også ein møteplass og ein plass for underhaldning og festing. Det vart gjerne konsumert mykje brennevin under slike stemne. Turen til marknaden hadde sin spesielle sjarm. Mange slo seg i lag på reisa, rasta undervegs og hygga seg. Men også nokre rauk i hop, særlig siste dagen før oppbrot vart det gjerne eit generaloppgjer. Handelsstemnet i Rørvik varte ved heilt til 1940, da det vart ein brå slutt.

Men også dei nye butikkane og handelsforeiningane vart viktige treffpunkt. På bua møtte ein naboar og anna kjentfolk, og handelsfolka hadde den store oversikten over folk og hendingar. Og sjølvsagt var butikkane utstillingslokale for nye produkt. Det opparbeidde seg ein trong hos mange for å skaffe seg både vanlige forbruksgode og meir luksusprega ting. Nokre butikkar definerte seg som rein motehandel, mens andre dreiv meir samfengt. Hadde ein godt med pengar mellom hendene, var det fristande å dra til byen og øydsle dei bort på handel. Først på 1900-talet når det var godt fiske på kysten og gode lottar, var det lett å finne noko å bruke pengane på, som det vart sagt frå Hitra: «Men tjener fiskerne godt, er der desværre mange, som ikke forstaar at holde paa pengene, især blant ungdommen. Fornøielsesturer til byerne og indkjøp av fjant og stas tærer sterkt paa ’lotterne’. Den rikelige pengetilgang har ogsaa bevirket adskillig fylderi.»

Frå Trøndelags historie, bind 3: Grenda blir global, 1850-2005, s. 166