Nidelven

Nidelven stille og vakker ...

(Trykk på bildet for full størrelse)

Du trivelege trøndelag

Hører til Identitet

Kva særkjenner livet i Trøndelag i høve til andre stader? Korleis opplever trønderar seg sjølve, og korleis blir trønderar og Trøndelag opplevd av andre?

Fleire har prøvd å svare på slike spørsmål opp gjennom tidene, og dei fleste kjenner
sjablongane om trønderen; stereotypane, som psykologane gjerne kallar det: Trønderen er
ein sjølvtrygg, breial type med bart og eit nært forhold til karsk og Rosenborg Ballklubb.
Han - for sjablongane handlar alltid om den mannlege halvdelen av folket - er sjeldan
spesielt internasjonalt orientert, Trøndelag ligg midt i verda, eller i det minste midt i
Noreg, og det er trønderen vel nøgd med.

Ættestolthet
Det er ikkje vanskeleg å treffe folk i Trøndelag som i det minste eit stykke på veg
passar inn i sjablongane. Likevel let det seg ikkje gjere å svare eintydig på spørsmåla. For det første er det store variasjonar innanfor Trøndelag. Sjablongen om det sjølvtrygge er
for eksempel først og fremst knytt til Innherad, slik Henry Røsoch skreiv i det geografiske standardverket Norge vårt Land, som kom i fleire utgåver like før og etter andre verdskrigen: "Ættestoltheten bidrar også sterkt til å gi befolkningen her inne preg. Vi finner den trønderske sjølbyrghet sterkest uttrykt nettopp i Innherad."  Det er lite av det ættestolte og sjølvbyrge å finne på Frøya, om ein skal tru Røsoch: Som i andre fiskeridistrikt blir dei "... i alt arbeid mer avhengig av fiskets sesonger enn det strengt tatt skulle være nødvendig. De sitter mellom fisketidene uten egentlig å finne noe innbringende å ta seg til." I motsetning til dette har møringane funne ut at det går an å "... fiske etter både flyndre og ål utanfor stuedøra til frøyværingen, som har sittet inne på land og småsultet mens han ventet på at silda skulle komme."

RBK
Lakseoppdrettarane på Frøya rundt tusenårsskiftet vil neppe kjenne seg att i eit slikt
sitat, det gjorde kanskje ikkje frøyværingen femti år tidlegare heller, men sitatet fører oss til ei anna innvending mot sjablongane: dei er tidbundne. Det som er viktige identitetsmarkørar på eitt tidspunkt, blir avløyst av andre til andre tider. For eksempel var det ikkje før etter 1960 at Rosenborg framstod som eit identitetssamlande symbol for større område enn ein avgrensa bydel i Trondheim.

Homogenisering
Mange eigenskapar som blir tillagt folk i eitt område eller ein region, vil også vere dekkande for folk andre stader ifrå. Noko eintydig bilete av trøndersk kultur og identitet vil såleis vere umogleg å gje. Ein del særdrag og utviklingsdrag i korleis folk i Trøndelag har lagt kvardagen sin til rette, og kva dei ser som viktig å bruke tida si på, må ein likevel kunne prøve å finne fram til. Hovudtendensane vil her som ei rekke andre stader, kunne oppsummerast i formelen internasjonalisering, homogenisering og større kulturelt mangfald.

Æ e trønder æ..
Homogeniseringa innan landsdelen heng mellom anna saman med at auka kontakt utetter har ført til større merksemd om det som er felles innover. Identitet handlar allment om å sjå skilnader mellom noko som ein sjølv er del av, og noko anna. I dette tilfellet gjeld det eit trøndersk «vi» i høve til eit ikkje-trøndersk «dei». «Æ e trønder, æ, å herregud kor tøff æ e - sætt ein trønder på ein scene så står heile sal'n i kok,» song Namsosbandet Prudence i 1975, etter at bergensaren Harald Tusberg og vestfoldingen Rolv Wesenlund hadde gjort trønderdialekt til fasjonabelt scenespråk gjennom musikalversjonen av Bør Børson. Songen er meint sjølvironisk, men samstundes uttrykker han nettopp ein identifikasjon med noko fellestrøndersk, som er overordna det regionale innan landsdelen.

Felles landsdelsdialekt
Når det gjeld språket, ser ein elles klare teikn til at mange lokale dialektsærdrag blir viska ut, og tendensen synest gå i retning av ei form for felles landsdelsdialekt. Tilsvarande tendensar kan ein sjå i andre landsdelar. Delvis skuldast dette meir flytting og meir innbyrdes kontakt mellom bygder, men det kan også sjåast i samanheng med eit anna trekk som har styrka det fellestrønderske, nemleg framveksten av eigne massemedia i landsdelen. Distriktsradioen for Trøndelag var rett nok ein periode delt i ein sørtrønder- og nordtrønderradio, men eit fleirtal av lyttarane ser likevel ut til å sette meir pris på ein felles «trønderradio» med program som «Fra trønder til trønder» og innringingsprogram om trønderdialekten enn strengt fylkesbaserte sendingar. Fordi fleire media, ikkje minst avisene men også lokalradioar og lokalfjernsyn i Trondheim, har meir avgrensa nedslagsfelt, har dei likevel ikkje fungert eintydig integrerande innan landsdelen. Enkelte samarbeid strekker seg også ut over Trøndelag, mellom anna Midtnytt i fjernsynet og radiosamarbeid med Radio Jemtland.

Det gamle fogderinivået
Regionale skilnader innan Trøndelag lever kort sagt vidare, og uttrykker seg på mange ulike måtar. Eit eksempel i så måte er dei regionale historielaga. Nord-Trøndelag historielag har gjeve ut årbok nesten ubrote sidan 1921. Namdal historielag vart stifta 1946, og tok til å gje ut årbok i 1958, Fosen historielag begynte også å gje ut årbøker like etter krigen. Å få til ei felles historisk årbok for heile Trøndelag viste seg som eit vanskelegare prosjekt. Det skuldast nok til dels at Årbok for Trøndelag, som kom ut mellom 1968 og 83, hadde nynorsk som redaksjonelt språk. Like vel kan det verke som om det gamle fogderinivået har vore viktigare som grunnlag for historisk identifikasjon enn landsdelsnivået.

Fra Trøndelags historie bind 3, Du trivelege Trøndelag s. 437-439