Elgjakt på Fagerhaug (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Eit særeige trøndersk kvardagsliv?

Hører til Identitet

Om ein leitar etter trønderske særdrag, blir hovudinntrykket likevel at kvardagen i Trøndelag i det meste skilde seg lite frå det ein fann andre stader i den rike delen av verda.

Dette vart meir tydeleg etter kvart. Det moderne gjennombrotet hadde vore prega av at naturen gjekk over frå i hovudsak å vere ei kjelde for livsopphald til å bli ein arena for fritid. Det seinmoderne konsumsamfunnet var i aukande grad prega av ei rørsle bort frå den landskapstilknytta fritida til ei fritid der klimavariasjonar og naturhindringar vart oppheva av teknologiske innretningar.

Grovt sagt fekk klima og lokale særdrag mindre å seie for livsforma. Å gå omkring i eit trøndersk kjøpesenter skilde seg ikkje grunnleggande frå tilsvarande kjøpeopplevingar andre stader. I den grad internasjonale konsern gjorde tilpassingar av produkt og produktprofil til lokal kultur og forbruksvanar, skjedde det meir på nasjonalt nivå enn på eit landsdelsnivå. Vareutvalet i Hennes & Mauritz-butikkar i Trondheim og Bergen er såleis så godt som likt, men skil seg frå butikkane kjeda har i Paris og London. På tilsvarande måte gjorde oppbygginga av badeanlegg som Pirbadet i Trondheim, Oasen i Namsos og Dampsaga på Steinkjer det mogleg med eit klimauavhengig badeliv, og idrettshallane omskapte handballen frå sommaridrett til vinteridrett og gjorde det mogleg for Trondheim å framstå som verdas kanskje sterkaste kvinnehandballby i ein kortare periode fram mot 1990.

Om banda mellom kvardagsliv og landskap hadde forandra karakter, så var det likevel ikkje slutt på dei regionale variasjonane. Heilskapleg sett var norsk livsform jamt over meir prega av utandørsaktivitetar og naturbruk enn det ein fann i dei fleste andre land, og trønderar var mellom dei flittigaste naturbrukarane. Haustleg matauk i skog og mark var eit eksempel på dette. Men om dei store hogstflatene frå skogbruket har ført til betre vekstrom for tyttebær og blåbær enn plukkhogstlandskapet, så tydde eiga bærhausting likevel langt mindre for ein vanleg trøndersk husstand i 1990 enn i 1950. Gjennomsnittsalderen på bærplukkarane gjekk såleis jamt oppover. Motstykket til dette var ei fleirdobla omsetning av «kjøpsyltetøy» i butikkane. Molta var framleis ei delikatesse, men berre eit mindretal plukka ho sjølv, jamvel i ein landsdel der det aldri var langt mellom myrane. Til gjengjeld har talet på soppsankarar auka vesentleg.

Dei mindre byane og tettstadene ser ikkje ut til å skilje seg nemnande frå landsbygda når det gjeld å nytte ut ressursar og moglegheiter i omgivnadene. Til dømes har matauk med eigen båt vore vanleg i Namsos. Trøndelag er ein landsdel der forholdsvis mange har drive med jakt og fiske, og enno rundt tusenårsskiftet var dette ein utbreidd aktivitet i mange bygder. Nærleiken til ressursane gjorde sitt til at verksemda har vore sett som ein del av kvardagskulturen, og ikkje som eksklusive luksussyslar for pengesterke menneske, slik det gjerne har vore for utanlandske laksefiskarar og elgjegarar som har søkt til landsdelen. Men også i Trøndelag har jakt og fiske i stort monn vorte omdefinert frå matauk til fritidssyssel og i tiltakande grad kommersialisert, delvis som følgje av sterkare pågang frå ein opplevelsessøkande marknad, delvis i takt med at grunneigarar har sett behov for å supplere inntektene frå tradisjonelt skogbruk og beiting med anna verksemd.

Som elles i Noreg slo bilismen igjennom for alvor i Trøndelag på 1960-talet. Særleg bygdene hadde likevel eit etterslep å ta att. I Nord-Trøndelag var det såleis over tjue menneske for kvar personbil i 1960, mot femten i heile landet. Alt i 1965 var talet kome ned på ti, og tok til å nærme seg landsgjennomsnitten. Går ein fram til 1980, hadde Nord- Trøndelag ein biltettleik som låg over landsgjennomsnitt, 3,2 mot 3,3. Dette handla mellom anna om transportbehov i tynt folkesette område utan gode kollektivtilbod.

Bilen forandra folks kvardagsliv på mange måtar, ikkje minste ved at dei fekk større aksjonsradius. Dette bidrog mellom anna til at store delar av Trøndelag etter kvart vart fritidsarena for langt fleire på måtar som var utenkeleg tidlegare. På 1960-talet auka masseutfarten frå Trondheim sterkt, og inntil utbygginga av store parkeringsplassar tok til, var vegkantane til dømes over Hemnkjølen tettpakka med bilar på gode utfartshelger om vinteren.

Hytteturismen vart også mangedobla, og gav etter kvart viktige tilleggsinntekter både til handel og handverk i dei store hyttekommunane. Til dømes auka hyttetalet i Oppdal frå rundt 1200 i 1970 til 2200 i 2004, Hitra hadde da over 1300. Ein stor del av dei nyare hyttene hadde ein standard som gjorde dei til ein fullverdig bustad nummer to for eigarane. Berre eit lite mindretal hadde den primitive bua langt unna allfarveg som sitt hytteideal. Men jamvel hytter som var kopla til høgteknologiens nettverk, kablar og rør var i regelen bygde i tradisjonalistisk stil med konnotasjonar til eldre livs- og driftsformer. Derfor vekte det oppsikt da eit nytt hytteprosjekt på Stokkøya i 2003 vart planlagt i modernistisk arkitektur. Utbyggaren «... vil ha nabolaget fylt med urbane mennesker som elsker sjømat og sene bålkvelder; som vil dykke, seile, fiske, padle eller klatre på klipper. Mennesker som vil 'ha det lænt' og som ikke må ha hammer og spiker i helgene,» heitte det i ein avisreportasje om prosjektet, som mellom anna var representert på ei utstilling av ny europeisk arkitektur i Genova.4

Frå 1980-talet vart også ei anna næring viktig i trønderske kystbygder. Det var fiskeferierande tyskarar, som gjerne returnerte til kontinentet med fulle fryseboksar. Enkelte var redde for at fritidsfisket skulle gå ut over fisketilgangen til dei profesjonelle i området, men dette var ei redsle som viste seg sterkt overdriven.

For kontinentale gjester verka den naturvende livsstilen både framand og fascinerande. «Stedet hvor naturen og friluftslivet er stimulansene,» skrev den danske journalisten Tove Meyer Hægstad i ein karakteristikk av Trondheim i 1965. «Tempoet er kanskje litt adstadig eller bevisst moderat. Man skyndter seg langsomt ... Det må ikke gå fortere enn at det blir tid til å søke ut i naturen.» Til og med i dei leiande kretsar i forretningslivet gjorde dette seg gjeldande: «Det er ikke lunsjbordherjede tungvektstyper man ser på gatene eller på institusjonenes styrebilete, men slanke, sportstrente folk, som går over i de grå tinningenes alder med ungdommelig spenstighet i behold.»

Biletet av ei asketisk friluftsinteresse vart stadfesta av ei frue frå byens beste borgarskap: «Min mann og jeg spiste aldri søndagsfrokost hjemme. Vi drakk en kopp tørr kaffe, tok så niste og kaffekjel med og drog ut i Bymarka - god plass, ikke et menneske! Alene med naturen. Slik liker vi trøndere det!»

No var dette neppe normen mellom trondheimarar på 1960-talet heller, og det var det i alle fall ikkje i tida rundt tusenårsskiftet. Likevel var fortrulegheit med naturen og ei nøktern ytre stil eit ideal for mange, og eit eksotisk særdrag som utlendingar la merke til. Slik inngjekk desse draga i trøndersk identitet - eller kan hende rettare i stadfestinga av trøndersk identitet som norsk. Dei naturtilknytta ideala var langt ifrå spesielt trønderske, men få stader var det større høve til å realisere dei.

Trønderske vintersportsstjerner har også vore med å definere trønderens bilete av seg sjølv. Ikkje minst gjeld det langrennsløparane, frå Magnar Estenstad, Martin Stokken og Sverre Stensheim via Harald Grønningen, Pål Tyldum og Magne Myrmo til Oddvar Brå, Berit Aunli, Frode Estil og Marit Bjørgen. Ikkje minst ungdoms tilhøve til skibruk har likevel endra seg. Særleg har dette gjort seg gjeldande i Trondheim. Slett ikkje alle trondheimarar hadde ski på 1950-talet. Men da var det for en stor del eit ressursspørsmål. Slett ikkje alle hadde det rundt 1990 heller, men da var det ikkje lenger ressurstilgangen, men medviten prioritering som førte til at mange ungdommar gav avkall på skia og heller valde hallidrettar og treningsstudio. Men også mellom dei som bruka ski, har det skjedd viktige endringar. I turløypene vart ungdommen stadig sterkare underrepresentert. Dei fann ein i staden i alpinløypene, som i seg sjølv er eit vitnemål om korleis fritidslivet i aukande omfang foregår på tilrettelagte arenaer der bruken føreset tung teknologi, i dette tilfellet heisar, trekk og trakkemaskinar.

Jamvel i Trondheim ville ein likevel også i åra rundt tusenårsskiftet på ein fin vintersøndag finne langt fleire i marka, på hytta eller på slektsbesøk andre stader i Trøndelag enn på galleri og kafear med «c» i bykjernen. Landsdelstilknytinga og den utstrekte naturbruken har i det heile vore eit klart drag også ved livsforma i landsdelssenteret, som med dette blir stadfesta meir som ein variant av enn som eit motstykke til trønderkulturen slik han arta seg utanfor byen.

Mentalitetsmessig er dei fleste nordmenn framleis bønder, har det vore hevda, og det er berre Toten og Hedmark som kan konkurrere med Trøndelag som symbol på det litt trege og bondske. Jakt- og friluftsinteressa har vore prøvd tolka inn i eit slikt bilete. Å sjå naturbruken berre som etterslep frå tidlegare bygdebaserte livsformer, vil likevel vere feil. Trøndersk landskap tillet utstrekt naturbruk - terskelen for å bruke delar av fritida i naturen har rett og slett vore mye lågare her enn i meir tettfolka delar av verda. Slik sett var det ikkje noko meir mystisk med skigåinga til nordmenn enn med svømminga til australiarane. Mange menneske, også i Trøndelag, har ei oppleving av at samfunnet har vorte meir uroleg, ustabilt og utrygt dei seinare åra. Jamfører ein sosialstatistikken for trøndelagsfylka i tiåra fram mot tusenårsskiftet med tilsvarande statistikk både for andre norske landsdelar og samanliknbare område i utlandet, viser det likevel jamt over eit bilete av eit relativt stabilt, trygt liv i eit samfunn utan grunnleggande skilnader og motsetningar. Spesielt kjem nordfylket gunstig ut på slike jamføringar, sjølv om det er mellom dei fylka der gjennomsnittsinntekta er lågast. Ser ein på tala for utbetalt sosialhjelp rundt 1990, ein god indikator på hjelpebehovet i ein region, så låg Nord-Trøndelag vesentleg under landsgjennomsnitten. Berre Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane låg lågare, medan Sør-Trøndelag, der Trondheim drog ned, låg om lag på landsgjennomsnitt. I nordfylket var talet jamt over langt høgare i dei største kommunane enn i dei minste utkantkommunane. Høgast var det i Verdal. Stabiliteten kan også lesast ut av at Nord-Trøndelag også var mellom fylka med færrast skilsmisser i 1996, medan Sør-Trøndelag berre låg litt under landsgjennomsnitten.

Fra Trøndelags historie bind 3, Du trivelege Trøndelag s. 440 - 444

Kilder