Musikere på Svorklandsetra. (Ingressbilde)

Foto: Sigurd Svorkland

(Trykk på bildet for full størrelse)

Bone og fintrønder

Hører til Identitet

Ei viktig skiljeline i landsdelen handlar om tilhøvet mellom by og land. Motsetningane var merkbare også i Trøndelag, sjølv om dei jamt over har vore langt mindre synlege enn til dømes i Bergen.

«Byungane som kom oppover, oppførte seg som om dei sokna til i eit høgare samfunnslag enn oss, og somme eldre trondhjemmarar oppfører seg enno i dag som om dei er på besøk i kolonien,» uttalte ein eldre oppdaling som på 1930-talet vart kjent med avkommet frå fleire av dei leiande forretnings- og embetsfamiliane i byen. Arbeidarklassen i byen oppfatta nok også oppførselen til dette borgarskapet som arrogant, men på bygda vart det tolka inn i eit eintydig by-land-forhold.

Gradvis har det likevel skjedd ei gjennomgripande kulturell homogenisering også mellom by og land. Den har nok vel så mye hatt form av ein sosial og kulturell opphenting frå landsbygdas side som av haldningsendringar i dei gamle førande sjikt i byen. I denne samanhengen kan ein tale om ei kulturell urbanisering av bygdene, i takt med den næringsmessige og demografiske.

I kvardagslivet kan ein mellom anna observere endringane i ungdoms festkultur. Ungdom på landsbygda gjekk på lokalet - det som likna mest på dette i byen, var byg delagsfestane. Byungdom som skulle vere dristige på 1950- og 60-talet, kunne dra ut på «landet» på fest, for eksempel til Klett frå Trondheim eller på Gimle i Overhalla frå Namsos. Som oftast gjekk det bra, men braut det ut slagsmål, var skiljelinene mellom dei som kom frå byen og bygdeungdommen eintydige. På 1970- og 80-talet vart det i store drag slutt med dei tradisjonelle bygdefestane - enda eit uttrykk for at livsstilen også på landsbygda har vorte meir bylik.

Landsdelen har ikkje berre vore gjennom ei kulturell homogenisering, men også ei sterkare internasjonalisering. På dette feltet var nok Trondheim den viktigaste inngangsporten for mange impulsar. Gjennom radio og etter kvart fjernsyn kom verda likevel også direkte til bygdene. Radio Luxemburg med Top Twenty-listene kunne takast inn like godt i Bjugn som på Byåsen. Svensk Melodiradio var også ein viktig kulturimpuls utanfrå som heller ikkje gjekk via byen. Tidleg på 1980-talet tok også dei engelskspråklege satellittkanalane til å bli ein del av kvardagslivet. Inntil da hadde ikkje Trøndelag kunna ta inn utanlandsk fjernsyn, til skilnad frå det sentrale Austlandet, som hadde kunna ta inn svensk fjernsyn heilt frå tidleg på 1960-talet.

Etter 1970 fekk Trondheim nye, internasjonale innslag som ein i mindre grad fann på landsbygda og i dei mindre sentra. Det gjaldt både politisk radikalisme med utgangspunkt i studentmiljøa og nye musikk- og livsstilsformer. Mellom anna kom punken tidle- gare til Trondheim enn til Oslo, hevdar dei som sjølve var med og importerte han frå England. Ungdom som har sokna til desse nye alternativkulturane, har jamt over identifisert seg langt sterkare med internasjonale urbane livsformer enn med landsbygda omkring. Desse gruppene, der studentane var eit viktig innslag, fann ein i åra rundt tusenårsskiftet særleg i sentrumsnære bydelar. Det kunne i det heile verke som om det var større kulturskilnader mellom dei og yttersonene i Trondheim enn mellom desse og tettstadene elles i landsdelen.

Også i småbyane har eit etablert borgarskap, til dels med suksess, streva med å halde ved lag ein del markørar som skal skilje bymann frå bonde. Kva som blir markørar, vil variere. Såleis kan ein undrast over at frimurarlogen Capella i Namsos, som vart etablert rundt midten av 1970-talet, hadde fått så mye som rundt 150 medlemmer rundt tusenårsskiftet. Det er nærliggande å tru at denne suksessen både heng saman med funksjonen som sosial markør og med mangel på andre gode markørar i dei sosialgruppene som soknar til organisasjonen.

Den kulturelle urbaniseringa av landsbygda har mellom anna fått følgjer for bygdelaga i Trondheim. Dei hadde som sitt fremste livsgrunnlag at dei skulle gje bygdeungdom som av ein eller annan grunn såg seg nøydde til å opphalde seg i byen, ein trygg opphaldsstad i miljø der dei kunne kjenne seg kulturelt heime. Dei fleste laga samla ungdom frå bestemte bygder. Det største, Bondeungdomslaget i Nidaros, var i motsetning til dette tufta på ei meir allmenn forståing av skiljet mellom by og land, og hadde til erklært formål å fungere som bannerførar for norskdomskulturen i byen. Samstundes skulle også BUL vere ein sosial møtestad for medlemmene. Laget lykkast godt i å skape eit kvardagsmiljø som mange har funne seg godt til rette i. Dersom det ikkje hadde vore slik, ville det aldri ha kunna få så mange medlemmer som det har hatt. Samstundes la ideologien frå norskdomsrørsla sterke føringar på verksemda. Mest synleg har det vore i element frå eldre bygdekultur som har vorte reinodla og reindyrka i former som knapt nokon gong har eksistert i tilsvarande form på bygdene - utan i krinsar som i sin tur henta inspirasjon frå bylaga. Men ideologien har også vore viktig for mange aktivistar som neppe ville ha lagt ned så stort arbeid i laget utan at dei var overtydde om det dei dreiv med.

Verksemda i BUL gjekk såleis føre seg i eit motsetningsfylt felt mellom det urbane og det nasjonale, mellom daglegliv og idealisme. Dei ytre formene i bunadskulturen vart nok lenge opplevd som byframand både av medlemmer og byfolk. Likevel var BULkulturen først og fremst ein urban alternativkultur. Laget tente som «ein stad å vere» for mange landsungdommar slik at tilvenninga til bysamfunnet har gått lettare enn det elles kunne ha gjort. Bygdelaga har vore ein skole i og ei tilvenning til moderne, byprega organisasjonsformer og samversmønster, som etter kvart har spreidd seg også til bygdene. Slik sett må det vere rett å seie at hovudfunksjonen deira har vore å slå ei bru inn i bysamfunnet for dei mange bygdeungdommane som har søkt til laget.

Etter som den kulturnasjonalistiske ideologien forvitra og bygdene framstod stadig meir som kulturelt urbaniserte, vart behova mindre for organisasjonar som skulle sluse nykomarane inn i det urbane. Ei rekke bygdelag gjekk inn, og jamvel BUL streva med å finne eit nytt livsgrunnlag. I 2004, hundre år etter at laget vart til, framstod det såleis i hovudsak som ein tilretteleggar av amatørkultur på til dels høgt nivå, både innan og utanfor den tradisjonelle bunadskulturen.

Om skilnadene reelt sett vart mindre, opplever mange likevel dei som er, som viktige. Utanfor byen kunne ein enno lenge høyre trondheimaren karakterisert som brautande, sjølvtrygg, skrytande og høgrøysta - i motsetning til den sindige, ettertenksame, men litt trege bygdetrønderen. Folk utanom Trøndelag såg ikkje desse skilnadene, utanfor landsdelen vart også trondheimarane innlemma i kategorien «trege trønderar». Forestillingane om eit særskilt trøndersk lynne og ein eigen mentalitet for landsdelen blir likevel vanskelege å forsvare når ein går nærare inn i dei. For mange framstod trønderhumoren med sine tørre, underfundige replikkar som eit viktig kulturkjenneteikn, og da Adresseavisen midt på 1960-talet gav ut ei samling med 500 trønderskrøner, vart det ein bestseljar i landsdelen. Ei rekke av historiene vart likevel fortalt også andre stader i landet som typiske eksempler på lokal humor. Men da var replikkane forma i lokal dialekt, det var språkuttrykket og ikkje innhaldet som gav koloritten og skapte identifikasjon med landsdelen.

I det heile framstår dialekten som det viktigaste utskiljingsmerket for ein «ækt trønder». Kva variant som var mest «ækt», var uklart, men enno rundt 1960 var det relativt enkelt å skilje mellom byfolk og distriktstrønderar. Samtidig var dialektskilja innan Trondheim markerte. Det var ikkje berre ei, men to dialektar i Trondheim, meinte språkforskarane. I eldre arbeidarbydelar som Lademoen, Bakklandet og Ila, brukte dei fleste ein trønderdialekt som språkleg sett hadde meir sams med fosenmål enn med innheradsmål, og under alle omstende hadde meir sams med bygdedialektar enn med det som vart kalla «fintrønder», eit talemål med riksmålsgrammatikk og trøndertonefall som hadde sitt sterkaste område i høgstatusbydelar som Singsaker og Berg. Elles var byspråket temmeleg blanda. Språkbruken kunne variere sterkt både med kven som snakka og kva situasjon det vart snakka i. Ikkje få av dei som normaliserte i offentlege samanhengar, brukte dialekt privat. «Ein trønder har tre dialektvariantar, ein når han snakkar med grannane sine, ein når han talar i telefonen og ein når han vender seg til dokteren,» har det vore sagt.

Spesielt hos eldre bybuarar med borgarleg bakgrunn stod biletet av lokaldialekten som stygg og mindreverdig sterkt. «Jeg kan jo snakke ekte, stygt trøndersk hvis jeg vil, altså,» sa ei trondheimskvinne til to forskarar som undersøkte språkhaldningar i ulike sosiale lag. Trøndersk på trykk tykte ho var «grusomt». «Jeg holder ikke på det her forferdelige trønderske - jeg synes rett og slett det er stygt,» meinte ei anna. Mellom yngre møtte ein oftare den motsette haldninga. «Forfina trøndersk er det verste æ høre,» meinte ein, og ein annan karakteriserte det som «... veldig knotat når ein forsøke å snakk' no an't enn det som er naturlig.»

Når folk flytta, vart språkskilja meir uklare. Ikkje minst kunne ein merke dette i drabantbyane rundt Trondheim, der dialekten i aukande omfang gjekk i retning av eit «minste trøndersk multiplum». Same tendensen kunne ein sjå i tettstadene rundt i landsdelen. Ein del målmerke var likevel standhaftige. For eksempel kunne ein finne den særmerkte hokjønnsforma «ei bil - bila» om det viktigaste transportmidlet i byen også i drabantbyane, men ikkje i tettstadene utanfor. Og former som «itj», «æ» og muljert l og n var langt mindre vanlege på Singsaker enn i byen elles.

Ikkje berre språkbruken, men også haldningane til språket endra seg. Særleg var skiftet merkbart på 1970-talet. Bygdefolk som kom inn på ein bybutikk før 1970, opplevde ofte at ekspeditøren slo om frå normalisert bokmål til dialekt når dei høyrde at kundane kom utanfrå. Tjue år seinare hadde det vorte svært vanleg å høyre trøndersk også i dei inn leiande replikkane. Mange av dei som hadde vendt seg til å bruke normalisert talespråk i offentleg samanheng, heldt likevel fram med det. Språkbruken følgde med andre ord klare generasjonsskilje. Til dømes var normalisering langt meir utbreidd mellom politikarar som var fødde før 1945 enn etterpå.

At trønderane soknar til ulike sosiale lag, vises på meir enn språkbruken. Gjennomgåande har klasseskilja likevel vorte langt mindre synlege opp gjennom tida etter andre verdskrigen. Kva former for skiljemerke og utskiljingsmekanismar som har gjort seg sterkast gjeldande i Trøndelag til erstatning for dei tradisjonelle klasseskilja, har ingen studert systematisk. Mange stader kan ein sjå at symbol knytte til konsum og fritid har fått meir å seie i takt med individualiseringa av samfunnet. Det er ingen grunn til å tru at det er annleis i Trøndelag.

Frå Trøndelags historie bind 3, Du trivelege Trøndelag, s 444 - 448