Kubikksjarmører (Ingressbilde)

Foto: Schrøder

(Trykk på bildet for full størrelse)

Kultur og motkultur i Trøndelag

Hører til Identitet

Å skrive om kultur er å innby til mistyding, for ordet blir i ulike samanhengar nytta om alt frå særskilte livsformer til profesjonell kunstproduksjon. Snakkar ein om «ungdomskultur », brukar ein såleis eit anna kulturomgrep enn når ein snakkar om «kulturlivet». I begge tilfelle leier ordet likevel tanken i retning av ulike måtar å gripe, tenke om og tolke tilveret på – og om å finne ulike måtar å uttrykke dette på.

Skaparen av eit profesjonelt kunstverk og alternativungdommen som isceneset seg sjølv med avvikande klesdrakt og frisyre skaper rett nok svært ulik oppleving og reaksjon hos andre. Det dei har felles, er likevel at dei gjev omverda inntrykk som kan tolkast og reagerast på, enten det handlar om å begeistre eller provosere.

Ser ein på trønderske kulturuttrykk med ei eller anna form for kunstnariske ambisjonar, framstår dei som eit mangfald av uttrykk, opplevingar og tolkingar som neppe har stort meir sams enn at det er produsert i Trøndelag eller har tilknyting til landsdelen på anna vis. Verken innhald eller formspråk treng å uttrykke trønderske særdrag på nokon måte. Ein del utviklingsdrag i perioden etter andre verdskrigen er likevel lette å få auga på. For det første har uttrykka vorte langt meir mangfaldige. For det andre har talet på personar som lever profesjonelt av å produsere kulturelle uttrykk, vorte mangedobla. For det tredje har kulturprodukt og artistar med trøndersk bakgrunn i langt sterkare grad enn i tidlegare periodar gått inn i eit nasjonalt kretsløp - i svært sjeldne tilfelle jamvel i eit internasjonalt. Svært mye har likevel vore produsert regionalt og i hovudsak nådd eit regionalt publikum.

Den sterke profesjonelle veksten heng hovudsakeleg saman med velstandsveksten som gjer det mogleg å halde oppe ein kulturmarknad. Men offentlege ordningar og tiltak spelar også ei rolle i så måte, mellom anna gjennom oppføring av spesialiserte bygg for kulturformål, frå store salar med scene til bibliotek og museum. Olavshallen og nybygget til Trøndelag teater i Trondheim framstår nok som flaggskipa for den profesjonelle trønderske kulturen, men også mindre byar har fått velfungerande kulturhus. Masserekrutteringa vart ikkje minst sikra gjennom dei kommunale kulturskolane. På dette feltet var musikkskolen i Trondheim eit pionerforetak. Få stader har likevel breidda i verksemda vore så stor som i Namsos, der seksti prosent av grunnskoleborna var tilknytta kulturskolen i 2003.

Ser ein på kulturendring frå synsvinkelen kultur som livsstil, er det påfallande korleis eit svært homogent preg i første perioden etter krigen vart avløyst av aukande mangfald. Det auka mangfaldet gjekk nært saman med meir opne haldningar. Livsstilar og atferdsmønster som rundt 1950 ville ha vorte møtt med avsky eller fnysande forakt, vart ikkje nødvendigvis hylla femti år seinare heller, men i det minste tolererte.

Det aukande mangfaldet tok til på 1950- og 60-talet da ungdom vart utskild som ein eigen kategori. Dette var ein internasjonal tendens, som hang nær saman med framveksten av ein internasjonal, men engelskspråkleg individualisert konsumkultur. Trøndelag fekk også del i den nye ungdomskulturen. Da «Rock Around the Clock» vart sett opp på kino i Trondheim i 1956, forventa journalistane i byen at det skulle dansast og bråkast på Torget, slik det hadde vorte gjort dei fleste andre stader filmen vart sett opp. Ein del av filmpublikum gjorde da også sitt for å oppfylle forventningane. Alt året før hadde E.C. Dahls bryggeri teke til å tappe Coca Cola, og om lag samstundes tok trønderske klesforhandlarar til å selje amerikanske dongeribukser i stort omfang. Til å begynne med gjekk dei under det norske namnet Olabukse, men det hadde ikkje nokon vidare salsappell, og gjekk nokså snart ut av bruk.

På mange måtar var musikkulturen ein banebrytar for dei nye impulsane. Spesielt i Trondheim kom det tidleg band som spela den nye musikken. Musikkforma var eintydig internasjonal, eit mogleg lokalt eller regionalt opphav var uråd å spore. Det var det til gjengjeld i den musikkforma som på 1970-talet vart kjent som trønderrocken. Pioneren var verdalingen Hans Rotmo med Vømmøl Spelemannslag. Det var likevel først da namsosingane Åge Aleksandersen og Terje Tysland gjekk over frå engelsk til norsk at ein kan ta til å snakke om ein eigen stil, der tekstar med utspring i lokale tilhøve og situasjonar vart kledd i musikk der ein lett kunne kjenne att element både frå internasjonal rock og meir heimlege musikkformer.

Trønderrocken var i første omgang ei rørsle utan tilknyting i trondheimsmiljøet, men rundt 1980 var både Aleksandersen og Rotmo etablerte i byen. Særleg for den siste sin del var verksemda knytt opp mot ein meir radikalisert ungdomskultur som tok med seg inspirasjon frå kontinentale studentopprør i 1968 inn i norsk EF-kamp og derifrå inn i ein ideologi om å bygge nye former for populærkultur som alternativ mot den angloamerikanske, som vart sett som for kommersiell og som ein trussel mot former som vart rekna som meir «folkelege» i nasjonal tyding.

Den alternative internasjonale kulturen slo likevel tilbake i ny form da punken kom til Trøndelag i 1976 - jamvel før han kom til Oslo. Slik sett var både trønderrocken og punken på kvar sin måte eit teikn på at hovudstaden sitt kulturelle hegemoni vart sett under press på 1970-talet, og på at eit ordna nasjonalt hierarki vart utfordra både frå eit overnasjonalt og eit lokalt eller regionalt nivå. Men dei var også eit teikn på framveksten av eit større kulturelt mangfald, og på ein aukande toleranse for at noko slikt var mogleg. Armslaget vart kort sagt større for dei som ikkje ønskte å identifisere seg med ei standardisert livsform der Volvo, villa og vofse litt nedsettande vart brukt som formel for kva gode som var verd å trå etter.

Likevel var det stor skilnad mellom storbyen Trondheim og mindre samfunn i landsdelen i kor stort rom som vart gjeve for mangfald og toleranse. Det viste seg mellom anna i eit meir liberalt syn på homofili. Generell sosiologisk teori hevdar allment at dei større tilhøva og meir flyktige sambanda i storbyen i seg sjølv gjer det lettare både å stikke seg unna og å lage alternative miljø. Samstundes har dette også ein historisk dimensjon, der det synest eintydig klart at 1970-talet vart eit gjennombrotstiår for meir opne, alternative livsformer i byen - lenge før det vart mogleg på mindre stader.

Særleg i Trondheim, men også somme andre plassar, vaks det fram samfunnskritiske motkulturar. Størst gjennomslag fekk ulike aksjonsgrupper som på eitt eller anna vis arbeidde med miljøspørsmål i vid forstand. I brodden for aksjonane fann ein gjerne politisk medvitne personar som ønskte å snu det dei såg som ei uønskt utvikling i retning av større forbruk, meir ekspertvelde og større armslag for ein internasjonalisert kapitalisme. Ideala for desse motkulturane var gjerne tette småsamfunn i økologisk balanse der samarbeid og ikkje marknadskonkurranse var norma, og privatbilen vart eit viktig symbol for det ein ville vekk frå. Sjølv om det ikkje var direkte uttrykt, kan vi finne slike ideal i botn bak ein serie veg- og boligaksjonar i Trondheim på 1970-talet, med aksjonane mot vegbygging over Bakklandet som den mest kjende, langvarige og vellykka, men også bak aksjonar mot kraftutbygging i Orkla, Forra og seinare i Sanddøla og ulike aksjonar mot nedbygging av dyrka mark fleire stader i landsdelen. Både ideologien og handlingsmønstra i denne typen miljøaksjonar har ei rekke internasjonale parallellar, men sjølve sakene og deltakinga har vore lokal.

Ein annan internasjonal parallell er at alliansen mellom miljørørsle og bønder har kome under stadig sterkare press. Spesielt tydeleg har dette kome til syne i rovdyrdebatten, der urbane naturverngrupper etter 1990 har kome i stadig sterkare konfrontasjonar med husdyrbrukarar som har ønskt å halde rovdyrbestanden nede, i samsvar med det som var offisiell norsk politikk fram til rundt 1970. I Trøndelag fekk denne konflikten først og sterkast utslag i Lierne, der ei rekke sauebønder la ned drifta i åra etter at bygdene tidleg på 1990-talet vart definerte som kjerneområde for bjørn. Ein finn tilsvarande konfliktar også i område med aukande bestandar av gaupe og jerv, men mye talar for at dei vart ekstra harde i Lierne, ikkje minst på grunn av den sterke stillinga jakt, fiske og andre former for utmarksbruk har hatt i lokalkulturen. Ein utmarksidentitet som den ein har funne i Lierne, har vore vanskeleg å sameine med urbane villmarksforestillingar der mennesket har vore eit forstyrrande element. I det heile har mistenksamheit og mangel på gjensidig respekt allment vore sterk mellom dei mest aktive rovdyrforkjemparane og husdyrbrukarane, og konfliktfeltet har eit stort potensial til å fornye og forsterke motsetningane mellom by og land.

I kontrast til dei samfunnskritiske motkulturane vaks det ei rekke stader fram lokale variantar av ein subkultur der draumen framfor alt var knytt til amerikanskinspirerte livsstilar prega av cruising med store bilar og motorsyklar langs breie landevegar i westernfilmanes opne landskap. Ideala var meir knytte til populærkulturens mytiske Amerika enn til det reelt eksisterande USA, men dei ligg i botn både for American Car Club of Trondheim, som i 1972 vart første Amcar-klubben i landet og for motorsykkelklubbane, der Trondheim i 1991 fekk den første norske avdelinga av Hells Angels. Kjønnsrollene i desse gruppene var gjerne prega av mannsideal frå westernkulturen. Dei mest profilerte motorsykkelklubbane utvikla i tillegg spesielle æresbegrep der identifikasjon og lojalitet med gruppa gjekk framfor reglar og lover i storsamfunnet. Politiet såg Hells Angels som ein kriminell organisasjon, og ut gjennom 1990-talet fekk ei rekke medlemmer dommar for valdsbruk, narkotikaomsetning og andre brotsverk. Ved eit par høve heldt det jamvel på å bryte ut lokale variantar av dei internasjonale bandekrigane mellom motorsykkelklubbane, men etter kvart var det få i motorsykkelmiljøet i Trondheim som turde opptre ope imot Hells Angels.

Også utanfor Trondheim vaks det fram motorsykkelklubbar, innanfor eller utanfor innflytelsessfæren til Hells Angels. Namsos fekk sine Heroes med base på Bangsund, dei vart mellom anna brukt til vakthald på større arrangement som Namsosmartnan, Revyfestivalen på Høylandet og Namsen Expo. Byen fekk også ein tatoveringsbutikk knytt til miljøet. Oppdal fekk ein klubb som, passande nok, vart kalla Mountain Riders.

Jamvel mellom dei motorinteresserte var desse gruppene ein liten minoritet. Ideala delte dei likevel med langt fleire, og dei framstår som ekstreme uttrykk for ein stadig meir internasjonalisert konsumkultur med vekt på individuell fridom og personleg utfalding. Individualisering og personleg utfalding er også er eit viktig drag ved dei meir upolitiske delane av dei alternative ungdomskulturane, meir enn den kollektivismen som taleføre organisasjonar på venstresida framheva så sterkt. Også i eit slikt lys framstår motkulturane som ei internasjonal rørsle, der utviklinga i Trøndelag berre framtrer som ei avspegling.

Frå Trøndelags historie bind 3, s. 448 - 452

Kilder