Reinflytting i Singsås (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Sørsamisk synleggjering

Hører til Sørsamer og Identitet

I Oscar Sunds kapittel om Nordland i Norge vårt land frå 1950 kunne ein lese om «finner, lapper eller samer, som det er blitt en høflighetsskikk å kalle dem,» at dei no « … blir … nærmest betraktet som en døende rase, underlegen og barnslig …».

Går ein vidare til Henry Røsochs kapittel om Trøndelag, vil ein finne at einaste staden samane er omtala der, er i avsnitta om Lierne. Bygdene vart tidlegare kalla «Finnliene», opplyser forfattaren. Men no var samane i tilbakegang. «Det ser ut til at forandringene i kommunikasjonene har skremt samene bort med reinflokkene. I alle fall er det mye mindre av dem enn før.»Hovudbodskapen hos begge forfattarane ser ut til å vere at samane og deira kultur var i ferd med å døy ut, og det kunne kanskje vere like greit, så tilbakeliggande som dei var. Ut frå kvar synspunkta kom på trykk, må ein kunne rekne med at synspunkta ikkje var sett som særleg oppsiktsvekkande eller ekstreme den gongen.

Utviklinga kom likevel til å ta ei heilt anna lei, ikkje berre i dei større nordsamiske miljøa, men også i dei små sørsamiske. Tida særleg frå 1970-talet og frametter har i staden vore merkt av ei aukande synleggjering av det sørsamiske innslaget i det offentlege rommet i landsdelen, og ei tilsvarande identitetsbygging innetter.

Om ein etter kvart finn sørsamar både som kunstnarar, akademikarar og byråkratar, står reindrifta framleis sentralt ikkje berre som eit samisk identitetsmerke. Ho er også hovudnæringa for mange. Dette ser ut til å vere enda meir framtredande for sørsamar enn for nordsamar, som i større grad har hatt høve til å bygge heilskaplege og allsidige lokalsamfunn med utspring i det samiske. I 1999 vart det rekna 110 driftseiningar på norsk side i heile det sørsamiske området mellom Saltfjellet og Engerdal.

Måten verksemda har vore utøvd på, har likevel endra seg sterkt. Det same gjeld samisk kvardagsliv i det heile. Heilt opp mot etterkrigstida hadde samisk livsform store innslag av sjølvberging og parallellkultur på sida av storsamfunnet. I området vest for Namdalen var det jamvel enno rundt 1960 enkelte som heldt oppe tradisjonane med å mjølke reinen. Tiåra etter krigen var likevel prega av ei grunnleggande modernisering og integrering i pengehushaldet som godt kan omtalast som det samiske hamskiftet. Reindrifta vart i tiltakande grad motorisert frå 1960-talet og utetter, og næringa framstod etter kvart mest som ei form for moderne, marknadsorientert kjøtproduksjon, driven av yrkesutøvarar med spesialisert kompetanse på eitt enkelt husdyrslag, reinen, og den utmarksutnyttinga som er knytt til røkting av dette dyret. Utetter framstår snøscooteren som det fremste symbolet på desse endringane. Bak tilsynelatande tradisjonelle kulturmerke vart såleis både høgteknologi og moderne organisasjonsformer ein del av det samiske.

Som uttrykk for den sørsamiske synleggjeringa har det vorte bygd opp ei rekke eigne kulturinstitusjonar, først og fremst i Hattfjelldal, på Snåsa og på Røros. I 1968 vart Snåsa vald som stad for ein samla skole «for reindriftssamer i Trøndelag og Hedmark», som det heitte i stortingsmeldinga bak opprettinga. Skolen hadde ikkje meir enn mellom 30 og 40 elevar midt på 1970-talet, men han inngjekk etter kvart i eit større nett av samiske kulturinstitusjonar. Kultursenteret og museet Saemien Sitje, som opna i 1980 etter  års 16 forarbeid, kom til å få ei viktig rolle i så måte. Snåsa framstod etter kvart som eit sentrum for sørsamisk kultur, og i 2004 vart det gjort framlegg om å gjere kommunen tospråkleg. Det betyr ikkje at talet på folk som har sørsamisk som første- eller andrespråk er nemnande stort, men er meir å sjå som ei symbolsk synleggjering av at det faktisk finst to språk i området.

Frå 1989 kunne ein også høyre sørsamisk regelmessig på trønderske distriktssendingar i radio, 30 år etter at Anna Jacobsen for aller første gong kom på lufta med eit innslag på sørsamisk språk. Ho hadde rett nok basen sin i Hattfjelldal, men det fortel i seg sjølv at det sørsamiske kulturområdet ikkje var avgrensa av administrative fylkes- og landegrenser, men grunnleggande sett av kvar det var gode forhold for reindrift. Anna Jacobsen var også sentral i eit anna svært viktig element i synleggjeringa av den sørsamiske kulturen, nemleg skriftfestinga av språket. Hennar insistering på å få avlegge eksamenar på sitt eige språk, heilt fram til eit mellomfag i sørsamisk, var i seg sjølv eit pådriv. Ho var også mellom initiativtakarane til eit sørsamisk teater, Aarjeihsaemien Teatere, som vart stifta i 1987.

Skriftfestinga av sørsamisk hadde på mange måtar preg av ein redningsaksjon for eit språk i sterk tilbakegang. Den første sørsamiske ordboka kom så tidleg som i 1891. Ho var trykt i Budapest, og interessa for samisk språk frå ungarske forskarar må framfor alt sjåast som eit uttrykk for forestillingar om fjernt slektskap mellom samisk og ungarsk. På 1920-talet gav språkvitaren Eliel Lagerkrantz ut ei ordbok og ei språklære på sørsamisk, men dei var begge på tysk, og fekk ikkje noko nedslag i form av ei vitalisering av skriftspråket. Behovet for eigna læremiddel i skolen kom til å bli det viktigaste påskuvet.

I 1957 kom språkforskarane Knut Bergsland og Gustav Hasselbrink med ei lita sørsamisk lesebok med grammatikk og ordliste. Med den fekk også samisktalande som ønskte å ta i bruk sørsamisk skriftleg, ein viktig arbeidsreiskap. Likevel var det først da sørsamisk vart undervisningsspråk i skolen, at den skriftlege bruken av språket tok seg opp. Ella Holm Bulls Lohkede saemien (sørsamisk lesebok) frå 1974 var det første læremidlet som var laga av nokon som sjølv hadde språket som morsmål. I 1980 kom også ei ny elementærlærebok i språket. Frå da av finn ein også stadig fleire titlar på sørsamisk i den store bibliotekdatabasen Bibsys. Trugsmåla mot språket som daglegspråk er likevel sterke, og språk, kultur og utdanning vart framheva som særleg viktige felt da Sametinget i 2002 behandla ein eigen handlingsplan for dei sørsamiske områda.

Samstundes har det foregått eit omfattande arbeid med å samle og reprodusere eldre kulturdrag, ikkje minst i samiske handverkstradisjonar, men også med kulturell nyskaping der eldre stilelement inngår. «Endringsprosesser i det sørsamiske samfunn har medført at symboler tas fra en kontekst og settes inn i en ny,» skriv Jorunn Jernsletten, ein nordsame som har forska på sørsamiske tilhøve.

Det mest kjende uttrykket for kulturell nyskaping basert på samiske kulturelement, vart etter kvart musikkgruppa Transjoik, med rørossamen Frode Fjellheim som musikalsk leiar. Gruppa starta verksemda i 1992 under namnet Jazz-joik, og hadde i åra som følgte, ei turneliste som omfatta ei rekke land på begge sider av Atlanterhavet. Mellom anna vann dei i 2003 det som kan kallast eit slags Grand Prix for europeiske minoritetsspråk i Nederland, i konkurranse med mellom anna katalanske, walisiske og frisiske artistar. Musikken dei spelar er vanskeleg å båssette, kanskje kan han omtalast som elektronisk etno-jazz. Kreative musikkjournalistar som har skrive plate- og konsertmeldingar har jamført han med alt frå tibetansk munkesong til «... stönande kjärleksakter mellan gamla neanderthalare. Inte för at man vet hur de lät - men nog kunde de ha lått som Transjoik,» som ein svensk musikkjournalist uttrykte det.

Sør-samisk kultur har vorte synleggjort også på andre måtar. Eit teikn i så måte er den aukande forskninga rundt sørsamiske spørsmål. Mellom anna vart det skrive elleve hovudoppgåver om ulike sørsamiske spørsmål mellom 1977 og 2004. Tittelen på den første oppgåva, «Sameskolen i Havika, omkring sørsamenes skolesituasjon og kulturkamp ca. 1900-1950», er talande for kva perspektiv som i ei rekke tilfelle har prega forskinga. Ingen ville ha brukt ordet kulturkamp i ein slik samanheng utan sympati for prosjektet. Fleire av hovudoppgåvene er skrivne av samar, og det er rimeleg å tolke forskninga som ein freistnad på å bruke forsking både som middel til å forstå eigen kultur betre, og til å synleggjere han utetter.

Forskinga har stundom også ført til offentleg debatt. Ikkje minst gjeld det historisk og arkeologisk forsking omkring spørsmålet om når og korleis samane kom til landsdelen. Spørsmålet er eit godt eksempel på korleis motstridande historiske tolkingar kan ha dagsaktuelle politiske og juridiske implikasjonar, mellom anna i spørsmål om beiterettar for rein. Temperaturen i debatten har tidvis vore høg og legitimiteten til forskarane har vore låg i enkelte sørsamiske miljø. I følgje Jorunn Jernsletten er den sørsamiske historia lite kjend mellom norske, og sørsamar kjenner seg difor «... tvunget til å forsvare seg i alle sammenhenger».

Sørsamisk reindrift har ikkje vore problemfri. I fleire delar av Trøndelag har samisk utmarksbruk knytt til reindrifta kome i konflikt med for det første etniske nordmenns utmarksbruk til beiting og jakt, for det andre storsamfunnets utbygging av infrastruktur. Konfliktene botnar primært i at ein meir intensiv bruk av utmarka frå dei fastbuande, kopla til eit ønske om utvida grunneigarrettar, har kome i konflikt med ei intensivert reindrift, som også i tiltakande grad har vorte underlagt det moderne samfunnets lønsemdog rasjonalitetskrav. Dei mest synlege konfliktene har kome i utkantane av reindriftsområdet, det vil seie i rørosbygdene, på Fosen og i Trollheimen. Rundt Røros vart det i åra etter 1980 ført ei rekke rettssaker om beiterettane. Også i Trollheimen var rettsvesenet involvert for å avklare to samefamiliars rett til reindrift. Alle sakene har ved fleire høve gjort til symbol for urettar som storsamfunnet har gjort i mot ein etnisk minoritet.

Den andre typen konfliktar handlar både om kraftutbygging, som til dømes da Namsvatna vart regulerte tidleg på 1960-talet og viktige ressursar vart demt ned, og vegbygging, som da vegen frå Tydalen til Røros skulle leggast om til heilårsveg.

Særleg i Namdalen møtte reindrifta i 1986 også eit problem av ein heilt spesiell art. Radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-katastrofen gjorde det uråd å selje reinkjøtt utan at dyra både var medisinerte og fôra ned med kjøpt fôr slik at dei kunne få redusert radioaktiviteten dei fekk inn gjennom beitinga. Etter kvart har desse problema vorte løyst. Spørsmålet om å finne balansen mellom integrering og synleggjering vil likevel stadig måtte takast opp att og finne nye svar så lenge samisk kultur består som ein minoritetskultur i storsamfunnet.

Frå Trøndelags historie bind 3, s. 452 - 456