familie (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Det fleirkulturelle Trøndelag

Sett under eitt var Trøndelag også rundt tusenårsskiftet dominert av folk av norsk etnisitet. Likevel fekk biletet fleire sjatteringar gjennom dei siste tiåra av 1900-talet. Landsdelen har mellom anna fått eit merkbart innslag av innvandrarar. Samstundes har ein eldre kultur i landsdelen, den som vekselvis har vorte nemnt som «dei reisande» eller «tater», gått gjennom ei utvikling som vanskeleg kan karakteriserast som anna enn ambivalent.

På ei side har gruppa vorte meir anerkjent som verdifullt kulturelt element. Eit viktig symbolsk steg i så måte var at Åge Aleksandersen mot slutten av 1980-talet stod fram med taterbakgrunnen sin. Han hadde i ei rekke år vore ein av dei aller mest populære pla- teartistane i landet da han i boka Fremmed fugl fortalte både om mobbing i barndommen og om korleis det gjekk an å bruke bakgrunnen som ressurs for skapande verksemd.

Samstundes har dei fleste reisande vorte integrerte i storsamfunnet som vanleg fastbuande i vanlege yrke. For mange har dette innebore ein assimilasjon i tydinga at dei i sitt daglege virke ikkje ønskte å skilje seg ut og markere seg som medlemmer av ein minoritet. Dette kan sjåast på bakgrunn av at nemninga «tater» særleg for ein del eldre har vorte assosiert med noko framandt, negativt og utrygt som ein helst skulle halde litt under oppsikt eller på avstand. Dette er reaksjonar som har vore temmeleg allmenne i møtet med folk og kulturar som ikkje er heilt som «oss», i tydinga fleirtalskulturen. «Dei andre», enten det handlar om samar, tater, jødar eller nyare innvandrargrupper, har nettopp fordi dei har representert noko avvikande, også fort vorte møtte med usikkerheit og avstand.

Dei trønderske jødane har temmeleg konsekvent følgt parolen «integrert, men ikkje assimilert», i sitt daglege virke. Katastrofen under krigen, da meir enn halvparten av medlemmene av det mosaiske trussamfunnet i landsdelen vart drepne, førte til at openlys diskriminering seinare ikkje vart mogleg. Mann og mann imellom kunne ein likevel lenge etter krigen høyre enkelte forretningar i Trondheim omtala som «jødebutikk», og uttrykket var slett ikkje meint positivt. Utbygginga av det jødiske museet i synagogen i Prinsens gate i Trondheim førte til at ikkje minst skoleklasser som besøkte staden, både fekk betre innsyn i kulturen og kunnskap om den store katastrofen som ramma medlemmene av det mosaiske trussamfunnet under krigen. Etter som innslaget av meir framande kulturar i gatebiletet vart meir synleg, har også det styrka forestillingane mellom folk flest av jødane som eit element i det trønderske «oss».

I tillegg til at eldre etniske mindretal har vorte sterkare synleggjort, har landet fått store innslag av nye innvandrargrupper. I 1960 var berre drygt eitt tusen trønderar fødde utanfor landet. Dei fleste av desse kom frå Vest-Europa og Nord-Amerika, og mørkhuda menneske var så sjeldne at folk gjerne snudde seg for å sjå betre på fenomenet om nokon dukka opp. Dette vart det slutt på etter som innvandringa auka. Fram til ut på 1970-talet var det likevel stort sett enkeltindivid som slo seg ned i landsdelen, gjerne etter giftemål med norske kvinner. Det vart lagt merke til når italienaren Benito Nava opna restaurant i Trondheim sist på 1960-talet. Enda meir eksotisk var det da Agostino Fortunato starta Tinos på Sjøosen i Namdalseid i 1970.

Trøndelag har ikkje vore mellom dei landsdelane som har fått størst innslag av innvandrarar, men frå 1990 til 2000 auka talet på trønderar som var fødde utanfor landegrensene, frå 8 800 til 15 000. Bort imot 60 prosent av dei budde i Trondheim. Av andre kommunar var det berre Steinkjer, Levanger og Stjørdal som hadde meir enn 500 innbyggarar som var fødde utanfor Noreg i 2000. Berre unntaksvis vart innvandrarane buande stabilt i mindre bygder og byar, og jamvel Trondheim var for mange berre ein mellomstasjon på veg mot Oslo eller andre område lenger sør i landet.

Innvandrarane til Trøndelag kom frå ulike delar av verda. Statistikkane frå rundt tusenårsskiftet viser at eit fleirtal var europearar, inkludert Tyrkia og det tidlegare Jugoslavia. Ein stor del kom også frå Vest-Europa, og nesten kvar fjerde kom frå andre land i

Norden. Når Meråker var den kommunen som hadde størst innbyggarandel fødd utanfor landegrensene, var det såleis svenskane som slo ut på statistikken. Ein firedel var asiatar, medan latinamerikanarar og afrikanarar til saman utgjorde litt over ti prosent.

Trøndelag fekk ikkje del i den pakistanske arbeidsinnvandringa frå 1970 og utetter, og eit stort fleirtal av innvandrarane frå andre kulturkrinsar enn den vesteuropeiske har kome som flyktningar. Den første store gruppa var vietnamesiske båtflyktningar som kom til Trondheim frå slutten av 1970-talet. Etter kvart kom flyktningar og asylsøkarar frå ei rekke land, spesielt vart bosniarar og tyrkiske kurdarar store grupper i Trondheim ved sida av vietnamesarane. Trøndelag har også få andregenerasjons innvandrarar, i motsetning til Oslo, og dei ser ut til å ha vorte etter måten godt integrerte i det trønderske samfunnet.

Om mange innvandrarar flytta til større sentra etter kvart, så vart somme også verande i mindre bygder. Dei mest stabile i så måte viste seg å vere tamilar frå Sri Lanka. Dessutan fekk fleire utkantbygder eit visst innsig av utanlandske kvinner som gifta seg med nordmenn, gjerne fleire år eldre enn dei sjølve. Ein stor del av filippinarane, thaiane og russarane i landsdelen kom på denne måten. Dette var bakgrunnen for ei etter kvart årviss feiring av den filippinske nasjonaldagen i ein by som Namsos rundt tusenårsskiftet.

Ikkje minst som følgje av innvandringa, vart også det religiøse livet i landsdelen meir mangfaldig. Det fanst rett nok ei rekke kristne alternativ til den evangelisk-lutherske statskyrkja, men lenge var den jødiske synagogen i Trondheim det einaste innslaget av andre religionar. Etter 1980 fekk ein aukande innslag både av buddhistar, muslimar og hinduar. Innvandringa førte også til at den katolske menigheita i Trondheim fekk fleirdobla medlemstalet etter 1980, og hadde etter kvart medlemmer frå godt over 40 ulike nasjonar.

Innvandringa gav seg etter kvart uttrykk også i forretningslivet. Den første innvandrarbutikken i Trondheim opna i 1984, men det var først etter 1990 at ein kan snakke om eit merkbart innslag i bybiletet. Etter kvart kom det også innvandrarbutikkar på mindre stader. «Den tradisjonelle butikken på hjørnet har forlengst tapt for de store kjedene,» kunne ein lese i ein reportasje om ei kurdisk forretning i Trondheim i Uke-Adressa i 1995. «Borte er kjøpmannen som var en del av gatas miljø, mann- og konebutikken, som solgte det meste fra bakrom og slitte hyller. I dag har våre nye landsmenn tatt over ... arbeidsvillige mennesker, som ser en mulighet der mange av våre egne kjøpmenn måtte melde pass ... folk fra alle verdenshjørner kommer for å fylle poser og bager med kjente og mer fremmedartede varer fra tyrkerens hyller.»

Frå Trøndelags historie bind 3, s. 456 - 458