Noaide i transe. (Ingressbilde)

(Trykk på bildet for full størrelse)

Historia om runebomma på Vitenskapsmuseet.

Hører til Sørsamer

Denne runebomma har vore noko av eit mysterium i Vitenskapsmuseet sine samlingar. Me veit ikkje så veldig mykje om korleis denne runebomma vart innsamla, men ved å studere kjeldemateriale i museet sine samlingar kan me koma litt nærare biskop Johan Ernst Gunnerus og hans innsamlingsarbeid på 1760-talet. Gunnerus var initiativtakar til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1760 og var ein ivrig samlar av ting frå naturen, oldsaker og etnografisk materiale.

Bødtker og Gunnerus
Det er slett ikkje sikkert at runebomma i museet sine samlingar er den som vart gitt til Gunnerus. Me veit at biskop Gunnerus takka ein F. A. Bødtker for ein runebomme i eit brev sendt i oktober 1761. Bødtker var misjonær i Troms, og Gunnerus brukte prestar og misjonærar i det Trondhjemske stift til å hjelpe seg med å skaffe objekt til samlingane sine. Stiftet strakk seg frå Trøndelag til Finnmark, og omfatta såleis også dei samiske områda.

Sidan Bødtker misjonerte i Troms burde runebomma vera av nordsamisk type, men det er den ikkje. Den ovale treramma fortel oss at denne tromma er ei såkalla Gievrie frå det sørsamiske området. Det kan bety to ting. Enten er ikkje dette Gunnerus sin runebomme, eller så fekk Bødtker tak i tromma frå ein annan stad enn Troms. Det siste er kanskje det mest sannsynlege. Bødtker bad i september 1759 Gunnerus om hjelp til livsopphald og følte sikkert at han stod i gjeld til han. Det er difor sannsynleg at Bødtker har skaffa ein runebomme frå ein annan stad for å etterkoma biskopen sitt ønske. Gunnerus hadde også tidlegare bedt om å få tilsendt tre runebommer til samlinga si, så Bødtker følte sikkert eit visst press for å levere noko til han.

Katalogen frå 1779
Då Gunnerus døydde i 1773 vart eigendelane hans seld på auksjon. Runebomma er ikkje nemnt i auksjonskatalogen. Dette tyder på at Gunnerus hadde gitt runebomma i gåve til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab før sin død. I Selskapet sin katalog frå 1779 er det omtala ein runebomme med hammar og viser under namnet "Tympanum Lapponum magicum & sortilegum, figuris variis pictum, c. amuletis & instrumento osseo pulsante". Det finnast heller ingenting i Selskapet sine brevvekslingar mellom 1760 og 1860 som seier at dei har motteke ein runebomme utanfrå. Det er difor sannsynleg at dette er runebomma som Bødtker sendte til Gunnerus, men at biskopen ikkje har visst at han mottok ein sørsamisk runebomme. Noko nærmare opphavstaden til runebomma kjem me neppe til å koma med den informasjonen me har tilgang på i dag.

Gjenfunne
Runebomma var lenge rekna som bortkommen, men vart funne igjen i samlingane i lag med gjenstandar frå Grønland i 1930. Theodor Petersen har skrive om korleis dei flytta den etnografiske samlinga, og at sonen hans fann ei tromme som dei fann ut sannsynlegvis var Gunnerus sin bortkomne runebomme.

Om du vil sjå originalen så er den i dag utstilt i den sørsamiske utstillinga på Vitenskapsmuseet.
Theodor Petersen, "Biskop Gunnerus runebomme" Festskrift til J. Qvigstad, Trømsø museums skrifter, 1928
Theodor Petersen, "En gjenfunnen runebomme" DKNVS Forhandlingar, Bind 3, 1930
Birgitta Berglund, "Recently Discovered Gievrie (South Saami Drum) Contexts, Meanings and Narratives" Acta Borealia, Vol. 22, 2005
Birgitta Berglund, Årbok for Helgeland, 2005
Spor 2004:1

Kilder