Naeroya

Nærøya. Eckhoff 1826.

(Trykk på bildet for full størrelse)

Det trønderske landskapet rundt 1850

Det landskapet ein kunne skode rundt seg i 1850, var vesensforskjellig frå det ein skulle få sjå nokre tiår seinare. På bygdene var landskapet ved midten av hundreåret i tillegg til terrengformer, vatn, vassdrag og vegetasjon, prega av driftsbygningar knytt til primærnæringane og våningshus i halvannan eller to etasjar i litt ulike lengder.

Husa som prega landsakpet var utan panel og mørke i preget. Dei sto meir eller mindre rett på bakken. Mura kjellarar var enno ikkje så vanlig, i alle fall ikkje under heile huset. Bygningar var det i hopetal på den enkelte garden, med mange små hus for det enkelte formålet: Fjøs, stall, kornlåve, stabbur, løe, eldhus, badstuggu, kvernhus, naust, sommarfjøs og sommarstuggu i tillegg til våningshuset. Mange stader låg tuna i klynger, det vil seie at dei ulike bruka på ein gard kunne ha husa sine tett i tett. Knytt til utmarksbruken fanst seterhus og -fjøs, løer og slåttebuer. Samane hadde sine gammer og forrådshus. Ute i fiskeværa fanst rorbuer.

Gruvedrift, sagbruk og ferdselsveier
I tillegg til primærnæringane fanst det ein del andre næringsverksemder som sette spor etter seg. Gruve- og hyttedrift og sagbruk kunne prege landskapet både gjennom bygningar og innretningar og med dei inngrepa som vart gjort i naturressursane som dei baserte seg på. Enkle kjerrevegar smaug seg gjennom landskapet, og elles ferdselsleier som var skapt gjennom tråkk i hundrevis av år. Ferdselsleiene gjekk gjerne høgt i terrenget for å unngå myrer og blaut mark, og slik fekk dei vegfarande gjerne god utsikt der dei fór. Det eksisterte nokre bruer og brygger, og det fanst skysstasjonar med litt større hus.

Tingstuggu og kirke
I nokre bygder hadde dei ei separat tingstuggu som gjerne var ein kopi av ei vanlig stuggubygning med treromsplan. Også bygdemagasina må nemnast. Dei var bygde som stabbur, men ekstra store. Utanom tingstuggu og bygdemagasin var kyrkjene dei einaste andre offentlige bygningane som var å skode på bygdene. Kyrkjene var reist på sentrale stader i bygdene, og mange folk hadde lang veg. Det same var tilfelle med tingstugguene. Dei låg også sentralt til.

Trondheim
Av byar var det eigentlig berre ein å snakke om: Trondheim. Han var liten og avgrensa i forhold til omlandet. Det hadde vore ei lita byutviding i 1846 ved at Bakklandet og Ila vart innlemma i byen, men elles besto han berre av det som låg innafor elveslynga. Byporten ved Skansen var intakt, og det gjekk ferje over til Bakklandssida ved Tavern ytst i elveosen. Bybrannane i 1841 og 1842 hadde ført til stor byggeverksemd slik at nye trehuskvartal hadde reist seg. Etter enda ein brann i 1844 vart det innført murtvang i byen, slik at det deretter vart bygd i tegl, men framleis avgrensa bygningane seg til to etasjars høgde. Først i 1860-åra kom dei første treetasjes husa. Elva fungerte framleis som hamn, sjølv om ho ikkje var tidsmessig lenger. Det hadde vore langvarig strid om tilrettelegging av hamneforholda mot fjorden. Endelig i 1854 kom den såkalla Olsen-moloen som gjorde det lettare å legge til ved bryggene i Fjordgata. Dei båtane som låg til kai, var seglskip, så ein kunne til tider sjå rekker av master og segl langs bryggene. Domkyrkja sto ennå slik den hadde gjort i lange tider, og inga ny soknekyrkje var blitt reist sidan 1700- åra. Den siste var Bakke kyrkje, bygd i 1715, som den gongen låg i Strinda.

Småbyane i Trøndelag
Dei andre byane i regionen var svært små. Levanger hadde fått bystatus i 1836, Namsos ladestadsrettar i 1845 og det same fikk Steinkjer i 1857. Folketalet rundt 1850 var berre eit par tusen til saman i Levanger og Namsos. Begge byane var vendt mot sjøen. Eit vesentlig trekk i Levanger var sjøbuene som skyldtes marknadshandelen. Namsos ved munningen av Namsen var bygd frå grunnen av og vart prega av at den var utskipingshamn for tømmer og trelast, men enno i 1850 var han beskjeden i storleik. Utover desse byane og ladestadane var det berre Røros bergstad som hadde eit visst bymessig preg, med gardane lagt langs to hovudgater og med eit gedigent kyrkjebygg frå 1780-åra som raga over bygningane elles.

Teigblanding
Generelt sett var landskapet eit fargerikt skode. Åkerdyrkinga var på topp i regionen, og det vart dyrka både bygg, havre, potet og lin. Teigblandinga var omfattande, mest i dal og fjellbygdene i Sør-Trøndelag og i Fosen og Ytternamdalen. Dyrkaarealet var stykka opp i mange, til dels små parsellar, slik at det fekk preg av eit lappeteppe. Innmarka besto altså av biter av grønt, gult og blått, alt etter tidspunkt på sommarhalvåret. Det blå var linåkeren, som kan ha utgjort ½-1 prosent av åkerarealet. I Orkdalen var eksempelvis den gjennomsnittlige linåkeren på ¾ dekar, og dette sto i eit nokså fast forhold til det samla åkerarealet på garden. Om hausten vart kornet sett opp på staur, og kornbanda kunne stå tett i tett bortetter åkeren. Innimellom åkerlappane var det randvegetasjon og små skogkrullar.

Utmarka
Utmarksbruken var på denne tida på sitt største. Sidan innmarka framleis for det meste vart nytta til korndyrking, måtte ein hente mykje av fôret i utmarka, i skog og fjell i innlandet og ute på øyene på kysten. Det gjorde at skogen mange stader var glissen på grunn av beitebruk. Geita var særlig hard mot ungskogen. Dei stadene på kysten der det vart halde utegangarsau, eksempelvis på Tarva, var lynget viktigaste fôrressurs om vinteren. Lyngheia strakk seg langs heile kysten. Når lynget blomstra, gav det kystheia eit raudlilla skjær. Når lynget vart gammalt og forveda, vart det trulig brent for å forynge plantene og halde fôrproduksjonen oppe. Myrer og enger på fjell og kyst vart slått med faste mellomrom slik at skog og kratt ikkje fekk høve til å gro opp der, men i staden blomstra fargerike urter og blomster. Høyet vart sett i stakkar og deretter lagt i løer for å bli frakta heim på vinterføre. På kysten vart graset gjerne frakta heim i båt med ein gong.

Skogen
Skog var det i det heile sparsamt med, både på kysten og i mange av fjellbygdene. I fjellbygdene som hadde vore involvert i gruvedrift sidan midten av 1600-tallet, var store areal nærast avskoga til fordel for leveranse til bergverka. Kølproduksjonen for Røros koparverk strakte seg langt utafor sirkumferensen. Langt nedover dalen vart det hogd skog for kølbrenning, og det same var tilfelle rundt gruvene på Løkken. Dette sette sine karakteristiske spor i terrenget og varte fram til 1880-åra, da trekøl vart avløyst av koks i smelteprosessen. Ytst på kysten fanst det kan hende noko små kvistskog, som på Kalvøya i Vikna. I Indre Namdalen var forholda derimot annleis. Før etableringa av utskipingshamn i Namsos var skogen i Namdalen ein underutnytta ressurs. Det var store, samanhengande skogar der, til dels med urskogpreg.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 13 - 15

Kilder

Relaterte artikler