Lasting på Brattøra (Ingressbilde)

Foto: Schrøder

(Trykk på bildet for full størrelse)

Nye landskapstrekk

På slutten av 1800-talet kom det til ei rekkje landskapstrekk som ikkje fanst i den førindustrielle perioden. Det landskapet som utvikla seg på landsbygda i denne perioden, kan kallast den tidlige industrialismens jordbrukslandskap, eller det første hamskiftets jordbrukslandskap.

Den som hugsar tilbake til tida før 1960, ville ha kjent seg igjen også på slutten av 1800-talet i store trekk, for den same landskapstypen dominerte til inn i 1950- åra. Landskapet var framleis frodig og variert, men det vart variert på ein annan måte enn det hadde vore tidligare, noko som skyldtes driftsomleggingar og endra arealbruk.

Nye samferdselsårer
Svært viktige nye trekk i landskapet var dei nye samferdselsårene. Nye vegar med forbetra standard vart bygd. Kongevegen sørfrå til Trondheim, Christianiachausséen som den òg vart kalla, kom eksempelvis i 1850-åra. Store forbetringar vart også gjort på andre vegstrekningar. Men det radikalt nye var skinnegåande transport. Vedtaket om Trondheim- Støren-banen vart fatta av Stortinget i 1860, og i 1864 vart denne banestrekninga opna. Her kom plutselig ein dampande jernhest på spor gjennom landskapet, gjennom tunnelar og over bruer og viaduktar. Folks forundring må ha vore like stor som hos barn i dag når dei følgjer toga på ein modelljernbane med auga.

Nye jernbanetrasear
Etter opninga av denne første jernbanestrekninga i det nordafjelske, gjekk det berre nokre få år til dei neste traseane vart stukke ut og skinnelagte. Etter kvart gjekk det jernbanar gjennom fleire av dalføra i landsdelen og i fjordlandskapet nordover frå Trondheim. Dei nye transportårene skar seg inn i landskapet som heilt nye element som fekk landskapet til å sjå annleis ut. Traseane var til dels også andre stader enn der folk tidligare hadde ferdast, slik at dei som reiste, såg andre sider av omgivnadene enn det dei hittil hadde gjort. Landskapsendringane vart nok opplevd vel så dramatisk som det mange opplever når det vert bygd nye bilvegar i dag.

Dampbåtar
Også langs kysten vart samferdsla forandra. Dampbåtar byrja å gå i rutegåande trafikk, og i 1900 hadde alle kyst- og fjordkommunar regelmessige dampskipsanløp. For å lette seglasen og trygge forholda for fiskarar og transportørar til sjøs, vart det bygd fyr og sett opp fyrlamper. Etter ei langsam utbygging først på 1800-talet, skjedde det ei intensivering i bygging av slike seglingsmerke langs skipsleia i andre halvdel av hundreåret. Like etter 1900 kunne ein registrere heile 15 betjente fyr og 49 fyrlamper langs Trøndelagskysten. Når det gjaldt båtar, var det framleis seglskuter og jekter som dominerte biletet, og seglbåtane auka i tal fram mot hundreårsskiftet, trass i at dampdrivne båtar var sett i trafikk.

Hamneanlegg
I hamneområda skjedde store utbyggingar med omsyn til den moderne samferdsla. Størst inngrep var det i Trondheim der det vart mudra opp to øyer på Brattøra som gav rom for både jernbanestasjon og andre fasilitetar. Også i Levanger, på Steinkjer og i Namsos og på industristader med utskipningshamner vart hamneanlegg og kaier opprusta i denne perioden. I tillegg kom det nye servicebygningar knytt til båttransport og jernbane. Desse utgjorde verkelig nye element i landskapet: ekspedisjons- og stasjonsbygningar, godshus, perronghallar, lokstallar og verkstadbygningar. Stasjonane var teikna av arkitektar og braut med den lokale byggeskikken, men vart etter kvart inspirasjonskjelder for byggeskikken utover landsbygda. Byggeskikken forandra seg altså i takt med den moderne tida.

Samferdselslandskapet
I tilknyting til kommunikasjonsknutepunkta i det ein kan kalle samferdselslandskapet, kom det også innslag som butikkar, kaféar og kanskje overnattingslokale. Enkelte stader utvikla det seg reine gatemiljø på landsbygda som var ei markert fysisk endring. Det var ikkje store byggverk, men dei var gjerne fleire som låg konsentrert på rekkje og rad.

Kraftverka
Andre desidert nye tekniske og bygningsmessige innretningar i landskapet var kraftverka med demningar, stasjonar og kraftoverføringar. Som jernbanestasjonane var kraftstasjonane ein heilt ny bygningstype, og dei var utforma som monumentale byggverk som rammer om tidas teknologiske nyvinningar. Ut på bygdene vart det mange stader bygd mindre kraftverk og i meir smålåten drakt, men dei var like fullt ein ny type innretningar som var plassert inn i landskapet. På ein måte kan ein seie at dei erstatta kverner og stampeverk som hadde stått i vassdraga, men i dimensjon, stil og byggemateriale var dei klart annleis enn forgjengarane.

Fra Trøndelags Historie, bind 3: Grenda blir global 1850-2005, s. 15 - 17

Kilder

Relaterte artikler